|
Skriv inn din e-postadresse for å motta Morgenbladets nyhetsbrev hver fredag.
Sentralbord:
Tlf: 21 00 63 00 Faks: 21 00 63 01 E-post: redaksjon@morgenbladet.no Kronikker- og debattinnlegg sendes til: debatt@morgenbladet.no kronikk@morgenbladet.no Adresse: Morgenbladet as Karl Johansgt 25 0159 Oslo Redaksjon Alle saker |
Religionskr 3, 4itikk – og sekularismekritikk
Det blir meir og meir tydeleg at «religionens tid» ikkje er «forbi». Er det noko som er forbi, så er det nettopp slagord og haldningar som har prøvd å parkere religionen som ein marginal, ikkje-seriøs del av den offentlege diskursen.
Haram, Arnfinn
For mange, ikkje minst mellom pressefolk og intellektuelle, har «bulderet» av tilbakevendande religion skapt ein slags panikk. Det er særleg den islamske kulturens banking på Vestens dører som valdar uro. Kort og godt fordi kristendomen og kyrkjene i vest så lenge har late seg idiotforklare og kue av den sjølvsikre moderniteten. Vestleg kristendom har funne seg i bli privatisert og «åndeleggjort». Ja, når folk i dag skal assosiere noko med religion, går ikkje tanken lenger utan vidare til kristendomen, som er blitt nokså bleik og sekularisert, men nettopp til islam. Muslimar har ein tydeleg, religiøs praksis og kjenner ikkje den instinktive serviliteten for det vestlege samfunnsprosjektet som kyrkjene er fanga i. Med ein gong kjem då skræmebilda på bordet og ein ser for seg – i marerittaktige visjonar – korleis religionen på nytt trugar med å tyne demokrati, menneskerettar og tankefridom. Panikken ytrar seg i ein stundom temmeleg tabloid religionskritikk. Rett nok kjenner ein seg dregen til ulike sider, fordi ein gjerne vil stå for kulturelt mangfald og liberalitet. Vi kan kalle det ein versjon – og i dag kanskje den mest typiske – av «det liberale dilemma». Vi kjem ikkje vidare, meiner eg, utan ein viss vilje til kritikk også av sekularismen som ideologi. Altså: Gjerne (seriøs og rimeleg respektfull) religionskritikk, men også ditto sekularismekritikk. Skulle det vere for mykje forlangt? Skulle det vere å gje veslefingeren til fanden? Difor fylgjande, ikkje udiskutable, men mulege påminning om nokre av sekularismens illusjonar. Illusjonen om sekularismens nøytralitet. Mange er i dag, med rette, opptekne av å sikre det offentlege rommet som eit felles forum. For å verkleggjere dette, meiner ein det er nødvendig å halde unna alle særinteresser og særkulturar frå forum. Det partikulære høyrer heime i privatsfæren. Skjønt der også må det haldast auge med, så det ikkje i løynda utviklar pretensjonar om å overta forum og tvinge dei andre agentane til innordning og underkasting. Vel og bra – men den utrulege feilslutninga trør til når ein meiner at alt som ikkje er sekulært, er partikularistisk og uttrykk for særinteresser. Denne tankegangen har si rot i Opplysinga sin freistnad om å skape ein universalisme som er eit alternativ til det religiøse, basert på rein rasjonalitet. Den politiske modelleringa av desse tankane, finn vi sjølvsagt i krass og klassisk form i den franske revolusjonen. Sjølv i si tempererte, republikanske utgåve held han oppe ei forståing av seg sjølv som nøytral forvaltar av det offentlege rommet, under slagordet «laïcité», forstått som motsetnad til «prestestyre». Illusjonen om sekularismen som særleg fredselskande. Religionskritikkens glansnummer er å påpeike at religionane er aggressive og ein hovudårsak til krig og ufred. Opplysinga skulle skape fred i Europa nettopp ved å plassere religionen utanfor det offentlege rommet. Så kunne teologane slåss på kammerset og ikkje plage andre. Bakteppet for dette, var det ein kalla «religionskrigane» i det etterreformatoriske Europa. Men var det (berre) religionskrigar? Det er eit faktum at det fanst katolikkar og protestantar på begge sider av frontane. Krigføringa galdt kanskje primært ulike statsinteresser? Forvitringa av den gamle «kristenheten» hang saman med framveksten av nasjonalstatane, ikkje berre som eit politisk faktum, men som ei sentral, politisk målsetjing. Det var viktig å sikre og stengje grensene så dei moderne fyrstane kunne ha betre kontroll, både ad intra og ad extra. Eit nytt samfunnsprosjekt tok form med fyrsten/kongen som både symbolsk og maktpolitisk topp-punkt. Det opplyste eineveldet var første hovudetappe i den nye statsabsoluttismen. Ingen institusjonell religion utanfor eller «ovanfor» statsmakta skulle kunne forstyrre den nye, politiske visjonen. Fornuft, vitskap og teknologi skulle skape ny velstand og rikdom for folket, og ikkje minst for fyrsten. Illusjonen om sekularismens universelle siger. Noko av det mest urovekkjande med sekularismen er nettopp dens instinktive og djupt rotfesta medvit om å vere historia sin sigerherre. Sekularismen ser seg som det sjølvinnlysande Framsteget. Sekularismens bundne portefølje; parlamentarisk demokrati og kapitalisme, samt ekstrem individualisme og liberalisme, blir sett som den einast mulege og universelle samfunnsmodellen. Difor blir ein sterkt provosert og overraska når pre-moderne og religiøst funderte kulturar ikkje utan vidare kjøper dette, ja, beint fram stiller seg fiendtlege til det. Det er klårt at slike samfunn kan vere reelt avvisande til demokratiske verdiar. Men mykje av motstanden kan også botne i at Vesten, sekularismens kjerneområde, så lenge har neglisjert og forakta andre kulturar anna enn som kontrollerte og pittoreske innslag i sin eigen kultur. Korleis kan ein unngå å skjøne at raseriet mot Vesten har sin bakgrunn i dette? Korleis kan ein vere så lite sensibel for den enorme frustrasjonen som det sekularistiske Vesten skaper i land der religionen er basis for samfunnet? Korleis kan ein møte denne frustrasjonen utelukkande med moralisering om kor overlegen sekulariteten er? Skjønar ein ikkje at ein alvorleg freistnad på dialog, kunnskap og forståing i møte med religiøs røyndom er nødvendig også for å kommunisere det beste i sin eigen bodskap? Ikkje anten-eller. Burde eg ikkje skrive Europa når eg skriv Vesten, ettersom religionen synest mykje meir nærverande i USA, ikkje minst i det noverande regimet? Europa og USA sitt ulike grep på det religiøse er verd ei eiga drøfting. Sjølv oppfattar eg den offentlege religionen i USA meir som ein retorisk påhengsmotor enn som ei djupt integrert kraft i den amerikanske livsstilen. Arnfinn Haram er pater o. p. St Dominikus kloster – Dominikanarordenen – Oslo. Publisert 02. juli 2004 |