annonse:1



MORGENBLADET

/ -->Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
To små gule bøker
Ei svært god og ei ikkje fullt så god lita, gul bok du kan putte i den vesle veska di og ta med deg på ein tre timars keisam busstur.

Del denne artikkelen:
| Mer
Dei unge herrene Gabriel Michael Vosgraff Moro og Rune Salvesen debuterer i år med kvar sin vesle roman. Bøkene er nesten like små som bøkene i Tuppen og Lillemor-klubben brukte å vere, og ein fordomsfull lesar må spørje: Kvifor er bøkene så små? Er dei små fordi dei skal sjå tjukke ut, og slik lure lesaren til å tru at ho skal få lese i timevis? I så fall forklarer dette kvifor Moro si vesle Autobahn berre har tekst på annankvar linje, og det forklarer kvifor det er svære margar på begge sider av teksten. Det forklarer også kvifor teksten i Rune Salvesen si vesle Pur morgen svært gjerne stoggar midt i ei setning for å få luft, før teksten held fram på midten av neste side. Og det er ein ting å skulle sjå tjukk ut, ein annan ting er at sidetalet har betydning for kva bøkene skal koste. Den fordomsfulle lesaren tenkjer formildande at det truleg er forlaget som har bestemt, men sjekkar likevel prisane på romanane. Eg finn at Moro si bok er dyr i forhold til tekstmengda, den hundreogtjuetosider lange boka kostar 250 kroner. Salvesen har betre skamvit, og krev mindre enn 200 kroner for sine 157 (rett nok glisne) sider. Ei krone og tjuesju øre for ei side Pur morgen, og to kroner og fem øre for ei side Autobahn.

No er det heldigvis ikkje tekstmengda det kjem an på, og begge bokprisane er i grunn akseptable; Rune Salvesen har levert ein ok debut, og Gabriel Michael Vosgraff Moro har levert ein særs god debut. Lat meg difor byrje med sistnemnde:

Skamkjensle. Autobahn er ein tankestraumsroman, der møtet med den bognande kjøtdisken på supermarknaden får den unge mannen som er hovudperson til å minnast eit rystande syn frå barndommen: ein trailer full av grisar, køyrande nedover Autobahn i steikande varme. Akkurat denne dagen set dette han ut av spel i så høg grad at han gir seg hen til førestellings- og minneuniverset sitt for å få tak i grunnen til ubalansen. Men grunnen glir stadig unna, og difor blir han heile tida ført lenger og lenger inn i seg sjølv, inn i noko som meir og meir liknar ein draum. Det viktigaste for romanen si framdrift er ikkje å finne ut akkurat kvifor det klør slik i hovudpersonen, men derimot å skildre rørsla mot erkjenning, språk, forståing og forsoning.

Hovudpersonen har heile livet kjent på ei eksistensiell einsemd og ei kraftig skam over å vere eit veikt menneske som er del av eit veikt menneskeleg fellesskap. Dette gir seg til dømes utslag i eit infernalsk raseri mot fredagsbilaget til Dagbladet: "og jeg blar opp i dette bilaget som lenge har ergret meg, blar gjennom denne avisen med alle sine ungdommelige sprell, dette overfladiske og kunstige som er så langt fra det egentlige livet, som absolutt er så langt fra livet jeg kan tenke meg, som er mot alt ved livet, selv om de stort sett bare skriver om seksualdriftene er de mot livet, tenker jeg og går, og jeg blir rasende av det, helt ute av meg, av all denne dritten, og jeg tenker at noen må si i fra […]"

Ein annan stad fortel hovudpersonen om korleis han plaga andre ungar i nabolaget med alvorleg tala å spørje dei om dei eksisterte, om dei fanst, og han skildrar også korleis han som barn på åttitalet blei livredd for øydelegging av ozonlaget og regnskogen, og at det var ubegripeleg og ekstremt desillusjonerande for han å oppdage at folk flest ikkje hadde tenkt å gjere nokon personlege offer for å få slutt på øydelegginga av naturen: "jo mer jeg tok verdens tilstand og menneskenes unnfallenhet inn over meg, jo mer rasende og trist ble jeg, og i en lang periode av mitt liv, en altfor lang periode, levde jeg utelukkende i spennet mellom raseriet og tristheten."

Inderleg bravur. Ein skulle tru det var lett å gjere narr av den inderleg sinte unge mannen som ikkje toler vår tids overflatesurfing og som er så lidande og kjenslevar, men i Autobahn skapar Gabriel Michael Vosgraff Moro ein så fin, inderleg tone at lesaren ikkje kan anna enn å lese med hjartet i halsen og tenkje: "men han har jo rett!" Så medriven vart denne lesaren at ho nærmast irriterte seg då latterleggjerande sekvensen kom: "dette HEHE og dette HIHI etcetera, denne utstuderte eksistensgåten (eller hva vi nå skal kalle det?) som jeg befinner meg i, dette som jeg må le av HOHO, HEHE, som det ikke finnes ord for, HAHA, men som jeg likevel hyppig og uten blygsel lar kverne rundt i mitt lille stygge ynkelige sinn […]"

No har eg med vilje unngått å referere frå dei meir personlege grubleria til hovudpersonen, noko spaning skal det vere att. Men Moro skal ha ros for å ha skapt eit førestellingsunivers som heng saman på ein god og truverdig måte, trass i ein symbolbruk som til tider nærmar seg det i overkant pompøse og klisjéfulle: Her blir holocaust sett i samanheng med grisane i lastebilen, og det blir påstått med inderleg bravur at hovudpersonen bokstaveleg tala et Jesu lekam og drikk Jesu blod under nattverden. Men ettersom inderlegheita er så truverdig og intens, landar Moro likevel støtt; dette er ei svært god bok som klarer å foreine hovudpersonens leiting etter forståing av seg sjølv og sin familie med ei skildring av ålmen (mangel på?) skamkjensle. Samstundes skildrar romanen fint korleis grubling over "evige tema" alltid er nøydd til å gå og gå og aldri kome til døra, men i si inderlege insistering klarer Autobahn også å argumentere for at ein likevel bør ta seg tid til å gå i djupna no og då.

Kollektivroman. Den grytidlege morgonen er til for dei som er tidleg oppe og for dei som er seint i seng, men det er skilnad på korleis dei opplever morgonljoset, det er som regel oppløftande for dei nyoppstandne og avslørande for dei som har vore ute i mørkret. Rune Salvesen har med begge perspektiva i kollektivromanen Pur morgen, og all handlinga utspeler seg difor i nokre få morgontimar i ein namnlaus by. Ein skal bli fødd, nokre døyr, nokre har tenkt å døy snart medan andre får eller håpar på ein ny start. Altså er også denne vesle romanen rimeleg symboltung, og eg kan røpe at det er meir død enn fødsel.

Vi møter mange forskjellige menneske og blir kjend med nokre skjebner i Pur morgen. Vi høyrer mest om Dandy og hans historie: Han har mista far sin, og har vore psykiatrisk pasient heilt sidan gravferda, då han sa noko nesten alle synest var rart. Han klarer ikkje leve med at faren er død, og går rundt i byen og gnir spytt på augeballane for at dei ikkje skal verke etter (det eg forstår som) fleire søvnlause netter. Vi møter også Monika, som er prostituert, men som no denne morgonen skal starte eit nytt liv saman med Milan, den gamle kvinna Dixie, som vil gje mannen Mickey ei verdig avslutting på livet, den psykiatriske pasienten Tessa og sjølvmordshungrige Lydia, som i bokas mest kvalmande scene blir forsøkt spikra på plass på taket: "Med kneet sitt på hånden hennes hamrer han den lange spikeren inn i håndleddet, og videre gjennom blyet og inn i trebjelken på tak-kanten. Først én, så to, så mange flere. […] Et lite øyeblikk, akkurat så lang tid som det tar en gammel mann å klø seg selv i hodet, hører han huden hennes revne rundt spikeren, og hun faller ti etasjer ned i bakken."

Forutseieleg. Alle dei nemnte personane og fleire til får historiene sine fortalt i små drypp innimellom dei andre sine drypp av historier, og det heile blir bunde saman av bipersonar og av at dei ser kvarandre. (Viss ein sekvens blir avslutta med: "Gjennom bakvinduet ser han to hoder, grått hår som glinser av svette", kan du vere sikker på at vi er inne i drosja i neste sekvens.) Og det er mykje som er fint her: gode, stemningsfulle skildringar av byen, lydane og lyset og fine observasjonar av mellommenneskelege nyansar. Ein skal ikkje krevje for mykje av eit slikt sveip over ulike menneskeskjebner, det er kanskje tilstrekkeleg for lesaren å bli mint på kor full verda er av små maurar som kvar driv med sitt og er glade eller triste.

Likevel synest eg ikkje Pur morgen var all verdens lesaroppleving – til det likna skjebnene litt for mykje på kvarandre, til det var nokre av historiene litt for forutseielege og klisjéfylte, og til det var dei fikse overgangane mellom historiene etter kvart litt for masete.

Olaug Nilssen


Romaner

Gabriel Michael Vosgraff Moro
Autobahn
122 sider. Aschehoug. 2005

Rune Salvesen
Pur morgen
157 sider. Cappelen. 2005


Publisert 07. oktober 2005

annonser: