|
Skriv inn din e-postadresse for å motta Morgenbladets nyhetsbrev hver fredag.
Sentralbord:
Tlf: 21 00 63 00 Faks: 21 00 63 01 E-post: redaksjon@morgenbladet.no Kronikker- og debattinnlegg sendes til: debatt@morgenbladet.no kronikk@morgenbladet.no Adresse: Morgenbladet as Karl Johansgt 25 0159 Oslo Redaksjon Alle saker |
Ei ubehageleg historie
Det skulle ta 60 år før historikarane tok tak i Knut Rød. Vart saka om motstandsmannen og holocaust-medhjelperen for brysom for historiefaget?
Det blir rekna som det grovaste brotsverket utført av nokon nordmann under krigen. Knut Rød var den fremste norske medhjelparen for deportasjonen av dei norske jødane til Auschwitz. Etter krigen vart han frikjend. Saken burde kunne by opp til historisk forsking og nasjonal sjølvransaking. Men innanfor historiefaget har ikkje Rød-saka blitt utforska. – Ved frikjenninga av Rød vart dei norske jødane utdefinerte frå den norske fellesskapen, seier Øivind Kopperud, som er forskar ved Holocaust-senteret. Ny aktualitet. Holocaust-senteret har lenge varsla at dei ville granska Rød-saka. 30. november skal forskingsdirektør Odd-Bjørn Fure og forskar Øivind Kopperud leggja fram sine førebelse resultat, som dei her på forhånd gir smakebiter av til Morgenbladet. Begge er historikarar, og blir dermed dei første historikarane som har forska på denne saka. Alt 26. november, same dato som den største jødedeportasjonen frå Oslo fann stad, vil ein statue av Rød, laga av kunstnaren Victor Lind, bli avduka. Statuen viser Rød kledd i statspolitiets uniform, med høgrehanda løfta til Hitler-helsing. Eit nullpunkt. Saka mot politiinspektør og NS-medlem Knut Rød har blitt kalla "landssvikoppgjerets merkelegaste sak", og eit nullpunkt i norsk rettshistorie. Rød var tilsett i statspolitiet i Oslo, og leia arrestasjonen av jødane i Oslo hausten 1942. Han sto også på kaia i Oslo 26. november 1942, då 532 jødar vart jaga inn i skipet Donau. Auschwitz var endestasjonen for reisa. Berre 11 av dei som vart deporterte denne novembermorgonen overlevde. 14. mai 1945 vart Rød fengsla og tiltala for landssvik. Hans ansvar for jødeforfølgingane var tyngste tiltalepunkt. Rød hadde i sitt arbeid som politiinspektør også hjelpt hjemmefronten ved fleire høve. I rettssaken garanterte fleire motstandsmenn for at Rød hadde hjelpt motstandsrørsla. Ein av dei som forklåra seg om Røds rolle, var motstandsleiaren Jens Chr. Hauge. I 1941 var Hauge tiltala for NS- og tyskarfiendtleg propaganda. Det var Rød som forhørte Hauge. I samband med rettssaka mot Rød, skreiv Hauge til Røds advokat at politiinspektøren hadde opptredd korrekt under forhøyra. Rød hadde dessutan fått revidert tiltalen mot Hauge til berre å omfatta hets mot NS. I brevet roste Hauge Rød for hjelpa han hadde gitt. I rettssaka var det aldri nokon tvil om Røds ansvar for arrestasjonen av jødane eller om kva rolle han hadde spela i deportasjonen. Men dommarane meinte at hjelpa til heimefronten utligna for det Rød hadde gjort mot jødane.
Forteljinga om Knut Rød rører ved det ubehagelege, ved ein nordmann som er både medløpar og medhjelpar til holocaust, og ved eit norsk rettssystem som i ettertid frikjente han for det han gjorde. – Er det uttrykk for ei endring innanfor historiefaget i Noreg at historikarar no, seksti år etter at den første dommen fall, endeleg grip fatt i denne hendinga? – Det at vi tek opp denne saka er heller eit utslag av eit tidsskifte som har vore på veg lenge, kanskje eit seint utslag av dette tidsskiftet, seier Fure. – Samstundes er ikkje forteljinga om norske jødar og norske medløparar inkorporert i den nasjonale grunnforteljinga om krigen, der den har sin naturlege plass, seier Kopperud. Handlingsrom. – Vi skal vakta oss for å overfokusera på Røds rolle, for det var langt fleire enn han som var involverte, seier Fure. Han legg til at Rød hadde eit val. – Stilt overfor eit slikt brotsverk kunne han ha sagt nei, uavhengig av konsekvensane. I rettssaken hevda han at han hadde handla under ordre. Men han hadde eit handlingsrom, og dette brukte han også. Han var iherdig, systematisk og lidenskapelig i sitt arbeid for å arrestera jødane. Han viste ein ekstrem innsatsvilje. Han arbeidde to døgn i strekk for å gjennomføra den eine aksjonen, seier Fure. Ikkje gløymd. Det var andre fagdisipliner som tok tak i Rød-saka, da historikarane ikkje brydde seg. I 1982 skreiv jusprofessor Knut Sverri om dei juridiske sidene ved saka. Seinare har også kriminologen Per Ole Johansen skrive om Rød-saka. I rettssaken understreka Rød fleire gongar at han personleg ikkje hadde noko imot jødar, og at han berre var ein byråkrat som handla etter ordre. Denne rasjonaliseringa av sin eigen innsats, fekk Johansen til å trekkja parallellane til den fremste skrivebordsforbrytaren av alle, Adolf Eichmann. Han hadde ansvaret for transporten av dei europeiske jødane til dødsleirane i aust. Kopperuds framstilling står for eit nytt perspektiv, i og med at den er mentalitetshistorisk. – I rettssakene fekk ein eit problem fordi skiljet, naturlig nok, var så skarpt mellom motstandsmenn og landssvikarane. Kva gjer ein då når ein blir stilt overfor ein situasjon der ein som hadde hjelpt motstandsrørsla også sto bak ei av okkupasjonshistorias grovaste brotsverk? I rettssaken garanterte fleire for at Rød hadde hjelpt motstandsbevegelsen – dermed var det vanskeleg for retten å sjå på han som noko anna enn ein motstandsmann – konsekvensen var at ein oversåg det han hadde gjort mot jødane. At eit menneskje kunne gjere både gode og onde handlinger var vanskeleg å forklåra rett etter krigen. NS-medlem. Det har vore fleire diskusjonar om kor ektefølt Røds tilknyting til motstandsrørsla var, og om han ikkje i ettertid brukte denne instrumentelt for å reinvaska seg. Han var jo også NS-medlem. Kopperud meiner at det ikkje er grunn til å tvila på at Rød hjelpte motstandsrørsla. – At ein som hjelpte motstandsrørsla også arresterte jødane, førte til at retten gjorde ei vekting av "gode" og "vonde" handlingar. Dei ulike rettsinstansane slo fast at hans bidrag til motstandsrørsla var meir verd enn 532 norske jødar. Det var også fleire andre motstandsmenn som deltok i aksjonane mot dei norske jødane. – Men det er jo ikkje sinnelaget som er det mest interessante, men kva som faktisk vart gjort. For dei som vart deporterte 26. november 1942 spelte det også liten rolle kvar Røds sympatiar eigentleg låg, seier Kopperud. – I dommane mot Rød blir jødane langt på veg definerte som dei framande. Dei er utdefinerte av det nasjonale vi, seier Kopperud. Det er mange som satt i stillinger og var nødt til å foreta handlinger som isolert sett var bistandshandlinger, men de hadde liten vekt sammenliknet med nyttevirkningen av at vedkommende ble i stillingen og kunne verne om norske interesser. – Ein av dei som vitna for Rød sa også at han var overtydd om at Rød berre hadde arbeidd for gode nordmenns interesser. Her er jødane heilt tydeleg definert som noko heilt anna enn ein nordmann. Jødisk = utdefinert. Statsborgarskap er eit kriterium for å vera norsk. Kopperud minnar også om at mange norske jødar, særleg i åra før 1940, hadde byrja å rekna seg sjølv som norske. – Kan en seia at den manglande interessa for Rød-saka innanfor historiefaget er ei utdefinering av dei norske jødane? – Ja, det kan ein gjera. Og i oversynsverk har dei norske jødane også fått liten eller nesten ingen plass. Men her må eg leggja til at dei sidan 1990-talet faktisk har fått meir plass som tema innenfor norsk akademia, blant annet gjennom flere hovudfags- og masteroppgaver som har sett på denne sida av norsk historie, seier Kopperud. Ikkje einstemmig. Men jødane var ikkje fullstendig utdefinerte av det norske. Det var motstandsfolk som deltok i arrestasjonane av jødane hausten 1942. Nokre var også til stades på kaia då dei vart sendte til Auschwitz. Men det var også mange motstandsfolk som var med på å hjelpa jødar med å flykta til Sverige. Og den første dommen mot Rød var ikkje einstemmig. Rettens formann, lagdommar Cappelen tok dissens. Han ville dømma Rød. Lagdommaren viste til at Rød hadde svikta under aksjonen mot jødane, og han meinte at det ikkje var noko som kunne vega opp for dette sviket. Litteratur: Publisert 24. november 2006 |