annonse:1



MORGENBLADET

/ -->Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
– Alle fornuftige folk er einige med meg
Norske forskarar skjelv når Jon Elster er innom landet. Sist fylte han leserbrevspaltene i vekesvis. No er han her att.

Del denne artikkelen:
| Mer
Fornuft: – Sjølvsagt kan det henda at ein innimellom alt det andre finn noko fornuftig. Ikkje det at eg har sett eksempel på det, seier den verdskjende samfunnsvitaren Jon Elster om arbeidet til franske tenkjarar som Jacques Derrida og Julia Kristeva.

 Relaterte artikler:
– Livet er for kort til å kasta bort tida på høflegheit, seier Jon Elster.

Det er noko så uvanleg som ein norsk, internasjonal stjerneakademikar som tek imot oss i leilegheita hans på Frogner. Han er iført strikkekofte.

Til dagleg held han til i Paris, som professor ved den prestisjetunge Collège de France, der både Michel Foucault, Claude Lévi-Strauss og Roland Barthes har vore professorar før han. Men han er i Oslo "i ett sett", seier han.

Frogner-bustaden er ikkje pynta til jul med smånissar eller raude dukar. Ein bolle mandarinar på stovebordet minnar likevel om kva årstid vi er inne i.

Høstet storm. Han har fulgt med i avisene sine leserbrevspalter dei siste vekene. I løpet av eit einaste føredrag, i Oslo for nokre veker sidan, klarte han å kava opp halve forskings-Noreg.

Han sa at pedagogikk er ein "faglig svak disiplin". Han kalla filosofen Julia Kristeva "en notorisk fransk sjarlatan" og forskinga hennar tullball. Og årets Holbergprisvinnar, Shmuel Eisenstadt, høyrer visstnok til på eit akademisk B-lag.

Lesarbrevspaltene har vore fulle av protestar. Elsters innlegg blir kalla akademisk skittkasting, autoritært og forstemmande. Men frå Jon Elster kom ikkje eit knyst.

Denne veka var han her att. "Staten sløser bort hundre millioner hvert år på forskning til ingen nytte," sa han til NRK. 200 forskarar jobbar visstnok til inga nytte. "Verst er det innen pedagogikk, litteraturforskning og samfunnsfag."

Morgenbladet har møtt Jon Elster og utfordra han til å svara kritikarane sine. Men også for å prøva å gje alle dei som ikkje har vitskaplege stillingar ved landets universitet og høgskular svar på spørsmålet: Kven er denne norske tenkjaren med ry over heile verda, og kvifor snakkar han som han gjer?

Absolutt presisjon. Svaret kom raskt: "Livet er for kort til å kasta bort tida på høflegheit."

– Fleire av mine amerikanske kollegaer er einige med meg i dette. Det er klart at det er ubehageleg å seia til kollegaene sine at det dei driv på med er tull. Så mange gjer ikkje det.

"Ingen vil henge bjella på katten, eller si at keiseren er naken," sa Elster i føredraget sitt.

På veggane i leiligheita heng bilete. Ikkje oppstilte bilete av familiemedlemer, men kunst. Bokhyllene er mange og velfylte. Ein kan seia at rommene rundt oss osar av det sosiologen Pierre Bourdieu ville ha kalla kulturell kapital. Eg er ikkje så sikker på om Elster ville ha gjort det. Truleg ikkje. Han byd på traktekaffi, og gjev på alle måtar inntrykk av å vera både høfleg og vennleg.

– Med alt rabalderet du har skapt, kvifor har du ikkje svara?

– Eg har ikkje lese alt. Eg såg innlegget til Thomas Hylland Eriksen, og eg las noko i Morgenbladet. Men det var ingen av innlegga som gav meg lyst til å svara.

– Ikkje?

– Eg har ikkje nokon misjonstrang. Eg vart beden om å halda eit føredrag som seinare vart trykt. Og eg meinte det var naturleg å ta opp dette.

Han snakkar roleg og i velformulerte setningar. Dei harde orda verkar mindre krasse når han uttaler dei. Jon Elster er full av vestkantsjarm.

Prio-leiar Stein Tønnesson karakteriserer Elster som ein utolmodig mann, som er prega av ein ekstrem intellektualitet. Som forskar krev han absolutt presisjon, og det er tryggast å veia orda sine på gullvekt når ein diskuterer med han. Hans nådelause kritikk har også skaffa han mange fiendar opp gjennom åra.

Krasse karakteristikkar. – Korleis er det mogleg for ein som kallar Frankrikes fremste akademikarar, som Julia Kristeva eller den avdøde litteraturteoretikaren Jacques Derrida, "sjarlatanar", å få ein posisjon på Frankrikes fremste akademiske institusjon?

– Kristeva er ikkje professor der. Derrida vart aldri professor der. Men Frankrike er mangfaldig og det finst fleire ulike forskarmiljø der. Ein treng berre nemna to namn for å finna ut kvar folk står: Alan Sokal og Jean Bricmont.

Dette er fysikarane som i boka Intellectual Impostures gjekk gjennom naturvitskapleg terminologi i tekstene til tenkjarar som Kristeva og Derrida, og kom fram til at desse ikkje hadde forstått naturvitskapen. Boka var ledd i eit prosjekt for å visa at nemnde akademikarar fór med fanteri. Elster ser Sokal og Bricmonts bok som eit ugjendriveleg bevis mot "sjarlatanane". Då Kristeva fekk Holbergprisen i 2004, sende Jon Elster boka til dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik for at han sjølv skulle kunne lesa kva for ein bløffmakar som hadde fått prisen.

– Alle fornuftige folk er einige med meg. Du treng berre nemna desse namna, så veit du kvar folk står.

– Utnemninga av deg til Collège de France går rett inn i ein oppheita fransk diskusjon?

– Ein diskusjon føreset at det blir brukt argument frå båe sider. Slik er det ikkje. Det blir brukt argument frå den eine sida og insinuasjonar og karakteristikkar frå den andre.

– I Aftenposten kritiserte medievitaren Eivind Røssaak deg for å bruka krasse karakteristikkar, men ikkje argumentera?

– Sjølvsagt gjer eg det, svarar Elster kjapt. – Eg kjem med påstandar og konklusjonar. Det er ikkje tid til meir. Dei som er ueinige må først forklåra kvifor dei er ueinige med Socal og Bricmont. Kvifor alt dette tullet får så stor prestisje og fascinerer så mange folk, ja, det er ei gåte for meg, seier han og ser litt oppgitt ut.

– I Morgenbladet hevda Shmuel Eisenstadt at kritikken din av han er useriøs, fordi du ikkje argumenterer?

– Han står i ein forskingstradisjon som har vist seg ikkje å vera fruktbar. Denne tradisjonen har eit for høgt abstraksjonsnivå. Ein kan ikkje avleia klåre testbare implikasjonar. Men altså; det er ikkje så verst å tilhøyra b-laget. Eg ville aldri finna på å kalla Eisenstadt ein sjarlatan, seier Elster. Tonen i stemmen hans er vennleg, men bestemt.

Ei raud øy. Han er oppvaksen i det myteomspunne burettslaget Husebygrenda på Oslo vest. Grenda var kjend som ei raud øy i eit blått vestkanthav.

– Ja, det var eit spesielt miljø. Det var i hovudsak lærarar og venstreintellektuelle som budde der. Det var eit tett miljø. Vi barna var gode vener og gjekk inn og ut av heimane til kvarandre. Eg har mange vener derifrå enno, seier han.

Folk som arbeidarpartipolitikaren Trygve Bull, psykiatri-pioneren Nic Waal og historikaren Edvard Bull høyrde til blant naboane. Jon Elster er son av lyrikaren Magli Elster og den nyleg avlidne arbeidarpartipolitikaren, journalisten, motstandsmannen og kringkastingsmannen Torolf Elster.

– Du kjem frå vestkanten. Både foreldra dine og naboane høyrde til det vi må kunne kalla kultureliten. Korleis har dette oppvekstmiljøet prega deg?

– Eg hugsar at orda var viktige i heimen vår. Både mor og far var forfattarar. Mormor, farfar og oldefar også. Mor mi lærte meg at språket er eit presisjonsverktøy. Minst ein gong om dagen, gjerne ved middagsbordet, måtte vi slå opp i riksmålsordboka for å finna ut nøyaktig kva eit ord betydde.

Men det var ikkje alt han fekk læra i heimen.

– Far kunne ikkje læra meg å gå på ski, køyra bil eller snekra. For det gjorde han aldri sjølv.

Elster forsikrar om at han sjølv spelte fotball på løkka med dei andre barna.

– Med bakgrunn frå dette oppvekstmiljøet blir det vel også til at ein får ein meir sjølvsikker måte å omgås for eksempel prominente akademikarar på?

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det ... Hjå oss var det å skriva bøker noko ein gjorde. Då eg var unge sa eg til far min at eg ikkje kunne skjøna kva far til ei av dei beste veninnene mine arbeidde med. Det hadde noko med jernbanen og med vogner som skulle målast å gjera, men eg skjøna ikkje kva han dreiv med. Han satt jo aldri og skreiv, slik andre vaksne gjorde.

Sur mjølk. – Du seier du sluttar å lesa i bøker som har positive tilvisingar til folk som Kristeva, Derrida, Irigaray og Lacan. Er du ikkje redd for at du går glipp av noko?

– Livet er kort. Ein må laga reglar for kva ein vil lesa og ikkje. Som Jens Arup Seip sa til meg: Ein treng ikkje tømma glaset for å finna ut om mjølka er sur.

– Men då vil du heller aldri finna ut om dei seier noko som du kan anerkjenna?

– Sjølvsagt kan det henda at ein innimellom alt det andre finn noko fornuftig. Ikkje det at eg har sett eksempel på det. Det må i så fall berre vera eit tilfelle.

– Det er noko med måten du kritiserer dei på. Du seier dei er uforståelege og skryt samstundes av at du legg vekk bøker som viser til dei. Er ikkje den måten du snakkar på, med på å legitimera kunnskapsløyse?

– Kunnskapsløyse om postmodernisme er ein bra ting. Det har eg ikkje noko imot å legitimera.

Elster snakkar litt meir om ubrukeleg postmodernisme før han går til motangrep:

– Spørsmålet ditt er galt. Ein kan ikkje spørja om kva ein legitimerer gjennom å seia noko. Spørsmålet er om det eg seier er rett eller ikkje. Moglege skadeverknader har ingen relevans for haldbarheita i utsegna. Det blir spekulativt.

Hylland Eriksen kritiserte deg for å ha eit monolittisk kunnskapssyn. Røssaak hevdar du er lite audmjuk overfor andre måtar å koma fram til kunnskap på enn din eigen.

– Kva kritiserer dei meg for?

Stemma blir høgare. Det er som om temperaturen i rommet stig.

– Eg skjønner ikkje kva han meinte at eg meiner. Eg har ikkje eit monolittisk kunnskapssyn. Eg er besatt av klårleik. Forsking skal kunne formulerast i enkle, klårgjerande setningar som kjem etter kvarandre. Om nokon meiner det er nok med veltalenheit og ironi, eller meiner det er greitt å berre stilla spørsmål eller koma med insinuasjonar ...

Han avbryt seg sjølv.

– Nei, no sit eg her og blir reint bibelsk: Din tale skal vera ja-ja og nei-nei.

Positivist. Elster har vore oppteken av rasjonalitet. Han innrømmer at han var litt småfrelst på teorien om rasjonelle val. Men han har gradvis blitt meir oppteken av irrasjonalitet. Men rasjonalitet står øvst, "for alle ønskjer å vera rasjonelle".

– Du blir oppfatta som ein person som vil setja ting på formel?

– Ein må seia ting så presist at det har relativt klåre implikasjonar som kan testast. La meg gje eit døme: Om ein seier at folk tillegg påskjønning på kort sikt større vekt enn påskjønning på lang sikt, så er det eit utsegn som ikkje fungerer. Ein må seia noko om kor mykje for at det skal kunne testast. Og det må gjerast kvantitativt, seier han.

– Eg er gamaldags positivist, seier han og trekkjer pusten, og legg hendene saman i fanget.

– Og stolt av det, legg han til og nikkar. Det er nesten så han rettar seg litt opp i stolen.

Sentimental marxisme. Sosialismen fekk han med heimefrå. Doktorgraden handla om Marx. Seinare gav han ut boka Making sense of Marx. Det høyrer med til dei meir kuriøse historiene om Elster at han reiste i Kina på 1980-talet og snakka om Marx. Det er Francis Sejersted som er kjelda til denne opplysninga, og den konservative historikaren lo litt då han sa at Kina hadde eit visst behov for å "make sense of Marx".

– Kva skilde din opptattheit av Marx frå ml-aranes Marx?

– Det var jo ein religion, det. Eg har alltid berre lest Marx for å forstå kva han sa, og for å finna ut om det var rett.

Han tenkjer seg om, og seier at hans forhold til Marx var prega av ønskjetenking.

– Det tok litt tid før eg innrømte for meg sjølv og andre kor mykje som ikkje var … haldbart hjå Marx. Ein kritikar hevda at boka mi ikkje var prega av analytisk marxisme, men av sentimental marxisme. Eg måtte til slutt gje opp barnetrua, men det tok si tid.

– Er du framleis sosialist?

– Ja, men be meg ikkje om å definera det. Det er ikkje som det far min vart hengt ut for å ha sagt; at "sosialisme – det er den politikken som Arbeiderpartiet til enhver tid fører". Han sa aldri det.

Paris – New York – Oslo. Jon Elster tok sin doktorgrad ved Sorbonne i Paris. I fleire år arbeidde han ved universitetet i Chicago. No delar han tida si mellom Paris, Columbia University i New York og Oslo. Her har han ei professor II-stilling ved Institutt for fredsforsking (Prio). Han har framleis eit stort netverk i Oslo, og møter forskarkollegaer når han er i byen. Det er mange som vil møta den anerkjente forskaren, diskutera og leggja ting fram for han. Han blir skildra som ein inspirerande samarbeidspartnar. Samfunnsvitaren Elster er utprega tverrfagleg, og har dei siste åra hatt mykje kontakt med økonomane Aanund Hylland og Kalle Moene.

Ved Collège de France vart Elster professor i samfunnsvitskap, ein posisjon sosiologen Pierre Bourdieu hadde tidlegare. Men han er ingen beundrar av den franske toppakademikaren.

"Tok over etter fienden," skreiv Klassekampen då Elster fekk stillinga på seinsommaren i fjor. Elster og Bourdieu har svært ulike tilnærmingar til samfunnsvitskapen. Ein av dei viktigaste forskjellane mellom Elster og Bourdieu går på kva nivå ein skal leggja dei samfunnsvitskaplege forklaringane på; hjå aktøren – personane, eller i strukturen – omgjevnadene. Elster ser på individet.

– Du har studert, forska og levd i Noreg, Frankrike og USA. Dette er tre ulike kulturar og tre ulike språk. Kjenner du deg heime overalt?

– Den åtte år gamle sonen min korrigerer engelsken og fransken min. Norske kollegaer korrigerer norsken min. Det er ikkje berre lett. Men eg har hatt tette nettverk, gode kollegaer og vener overalt. Eg er heime overalt. Men det er klart. Draginga mot Oslo blir sterkare med åra. Det er kanskje fordi far min nettopp døde. Barndomen og ungdomstida kjem nærare.

Han trekkjer pusten, ser ut vindauget, i den regntunge desemberdagen, og held fram:

– … kva er det diktaren seier ... til hjemlandet hver eneste natt.




Publisert 15. desember 2006

annonser: