annonse:1



MORGENBLADET

Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
En måte å leve på

Del denne artikkelen:
| Mer
Faksimile: Morgenbladet 18. mai 2007

Religion

Even Gran kritiserer i lesarinnlegget "En parodi på en Dawkins-kritikk" (Morgenbladet 25. mai) professor Terry Eagletons slakt av Richard Dawkins' Gud – en vrangforestilling. Det slo meg då eg leste lesarinnlegget til Gran at han burde tipsast om filosofen Ludwig Wittgenstein (Lectures and Conversations on Aesthetics, Psychology and Religious Belief. Ed. Cyril Barret. Oxford: Basil Blackwell, 1966. side 53–59).

Gran skriv: "Dawkins bruker vitenskapelige og logiske argumenter for å sannsynliggjøre at det ikke finnes noen Gud, uansett versjon. Dessverre greier ikke Eagleton å oppvise tilsvarende argumentasjon for at dogmene er sanne." I førelesingane sine om religiøs tru syner Wittgenstein at dette kravet hjå Gran (og Dawkins) om "intellektuell redelighet" aldri kan overførast til den religiøse diskursen.

Både innanfor den religiøse og den vitskaplege diskursen finn ein vendinga "Eg trur det og det vil skje", men termen tyder ikkje det same innanfor dei ulike diskursane. Ein person som trur på domedag (for å ta eit døme frå Wittgenstein) vil truleg ikkje grunngje denne trua med at forskarane meiner jorda ein gong vil brenne opp av varmen frå sola. Dette ville ikkje vere å tru på domedag i religiøs forstand. Trua til denne mannen ville vere meir livspregande enn ei tru basert på vitskapleg forsking. Det ville vere ein annan form for tru; som eit bilete som alltid ville stå framfor denne mannen og prege livsvala hans. (I motsetning til: "Eg trur det kjem til å regne i morgon.") Ei religiøs tru treng ikkje gå imot vitskapen, men han kan aldri grunnast i vitskaplege prov; for som Wittgenstein skriv: "The point is that if there were evidence, this would in fact destroy the whole business" (Ibid: 56). Det ville ikkje lengre vore ei religiøs tru.

Å tru på Gud er heller ikkje det same som å kunne prove at han finst. Å tru på Gud er ein måte å leve på. Bibelen vitnar om at dei fyrste kristne visste at trua deira ikkje berre var ufornuftig, men rein dårskap (idioti i denne verda) (jf. 1. Kor. 1,17ff). Gud skjøna at menneska ikkje ville nytte visdomen ( til dømes naturvitskapen) til å kjenne han, og fann det difor for godt å frelse ved tru i staden. Å setje vitskaplege krav til kristendomen (eller andre religionar for den del) er faktisk eit stort slag i lause lufta.

Religion vil alltid vere "noko anna". For å seie det i wittgensteinianske vendingar: Forskinga og religionen er to ulike livsformer og følgjeleg kan dei ikkje dele språkspel. Dette riv grunnen bort under innvendinga til Gran.

Guro Skårdal
Student


Publisert 01. juni 2007

annonser: