annonse:1

MORGENBLADET

/ -->Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Polens traume
Tre millioner polske jøder ble utryddet av nazistene. De overlevende ble etter krigen forfulgt og drept av sine landsmenn.

Del denne artikkelen:
| Mer
Blir minna: Monumentet heidrar dei jødiske partisanarane som tok til våpen under oppstanden i Warszawa-gettoen i mai 1942.

 Relaterte artikler:
Ved monumentet ligg blomekransar, men plassen framfor er tom og kald. Over oss ein blygrå himmel. Monumentet heidrar dei jødiske heltane frå Warszawa-gettoen som reiste seg og kjempa, etter at dei fleste innbyggjarane alt var deportert til dødsleiren Majdanek. Getto-soldatane heldt stand frå 19. april til 8. mai 1942.

I desse vårdagane, då kampane i gettoen rasa, kunne utanforståande høyra lyden frå kampane, nokre gongar kunne ein også sjå unge jødiske menn kasta seg ut frå brennande bygningar eller bli skote av tyske militære. Polakkar stod og såg på. Nokon applauderte det heile.

Rett etter krigen stod polakkar bak jødeforfølgingar. Kanskje var det slik at krigen gav polakkane ein impuls til å avslutta det nazi-Tyskland hadde sett i gang?

Ein vampyr? Når Princeton-historikaren Jan T. Gross skildrar etterkrigspolen, fortel han om eit samfunn der ein ikkje berre har nokre rotne eple, men der dei rotne epla set standarden. Det fanst ein kultur der det ikkje var flaut å stjela frå eller å drepa jødar. Det gjekk føre seg heilt openlyst. Dei som hjelpte jødar derimot, gjekk stille i dørene. Dei ville ikkje utsetja seg sjølv for den faren det var å bli rekna som «jødeven».

Kvifor vart polakkar som hjelpte dei jødiske naboane sine då dei var i livsfare sosialt utstøytt i blant sine eigne etter krigen? Kor kom den polske antisemittismen frå etter Auschwitz? spør Gross i boka si. Jan T. Gross er så krass i sine analyser av antisemittismen i Polen i etterkrigsåra, at polsk påtalemakt no undersøkjer om det kan reisast tiltale mot han for å ha fornærma nasjonen.

«Ein historieskrivingas vampyr», vart Gross kalla av Janusz Kurtyka, leiaren for Instituttet for nasjonale minne (IPN). Den kjende Polen-historikaren Norman Davies meiner Gross’ analysar er djupt urettvise overfor polakkar.

Den første månaden av 2008 har Gross’ skuldingar blitt referert i alle kanalar av polsk presse. Påstandane har vekt både raseri og interesse. Han har treft midt i eit sårt punkt i polsk fortid. Det er Polens sjølvoppfatning som står på spel.

For polakkane er jo ikkje eit folk av tjuvar og antisemittar?

Pogromar. I boka Fear: Anti-Semitism in Poland After Auschwitz fortel Gross kva som hende med dei om lag 200 000 polske jødane som overlevde Holocaust og som var Polen etter krigen. Han fortel om pogromar i etterkrigsåra. Om kyrkje, politi og ein hær som ikkje gjorde sitt for å stoppa valdseksessane. Middeladerske førestellingar om at jødane drap kristne småbarn for å bruka blodet deira i sin matzah (det usyra brødet som blir brukt i pesach-ritual) dukka opp att.

Mange meinte dessutan at jødane samarbeidde med dei hata kommunistane.

Heltane. Mordechaj Anielewicz har fått eit eige minnesmerke ikkje langt frå monumentet over getto-heltane. Anielewicz leidde getto-oppstanden. Monumentet over han er reist der kommandobunkeren til getto-hæren låg. På denne staden tok Anielewicz sitt eige liv. Han ville heller døy enn å gi seg over til fienden.

– Korleis kan det i det heile vera mogleg å nekta for dette? Alt det Gross skriv er sant, seier Marek Edelman i eit intervju med den polske avisa Gazeta Wyborcza.

Edelman kjempa saman med Anielewicz og hans menn fram til nederlaget 8. mai 1942. Men han klarte å rømma ut av gettoen gjennom kloakksystemet. På den andre sida førte han kampen vidare saman med den polske undergrunnshæren.

Han emigrerte aldri, som så mange av sine trusfeller, men bur den dag i dag i Polen. Han er den siste overlevande blant dei som kjempa i gettoen.

Kjenner antisemittismen. Jan T. Gross har fått både frykt og raseri til å strøyma fritt ut i den polske allmenta. Han er historikar ved ivy-league universitetet Princeton. Gross har også førstehands kjennskap til polsk antisemittisme. Han er fødd i Polen i 1947, og har jødisk bakgrunn.

På 1960-talet emigrerte han til USA. Med boka Neighbours – The Destruction of the Jewish Community in Jedwabne skaka han i 2001 den polske historieoppfatninga i sine grunnvollar. Han viste fram polakkar som forbrytarar i ei bok som vart ein internasjonal bestseljar. 10. juli 1941 vart dei 1600 jødiske innbyggjarane i den vesle landsbyen Jedwabne massakrerte. Fram til slutten av 1990-talet hadde nazistane fått skulda for brotsverket. Gross dokumenterte at dei polske sambygdingane stod bak.

Denne gongen skildrar Gross antisemittisme og valdseksessar mot jødar etter krigen. Han fortel om pogromar i Krakow og i byen i Kielce. Kvinner og menn, politi og militær, gamle menneske, ja til og med speidargutar deltok i pogromar.

I januar møtte 1000 menneske opp i Krakow for å høyra Gross fortelja om pogromane i Kielce og Krakow etter 1945. I Warszawa kom 500 for å høyra. Gross’ krasse og anklagande tone har gjort at han er blitt kritisert for å opptre som misjonær, heller enn ein fagmann.

Oppstanden er sjølvsagt strålande reklame for boka.

– Heile førsteopplaget på 25 000 bøker vart utseld i løpet av fem dagar. Vi trykte opp eit nytt opplag på 30 000, og det kjem snart eit tredje opplag, fortel Tomasz Miedzik i det Krakow-baserte forlaget Znak til Morgenbladet.

Gross’ bok er blitt ein bestseljar.

Eit land i ruinar. – Så, du lever framleis?, var reaksjonen polske jødar som vendte tilbake til heimstaden fekk frå naboane sine.

Denne misnøgde kommentaren vart gjerne følgt opp av tydelege meldingar om at dei burde pelle seg vekk att så fort dei kunne. Jødar som hadde slept unna Holocaust møtte lite medynk blant sine polske naboar, hevdar Gross.

Han fortel også om gullrushet rundt dødsleiren Treblinka. Dødsmarkene rundt leiren vart rett etter krigen til eit kraterlandskap. I oska, i ruinane og blant levningane etter dei som var blitt myrda, grov folk frå landsbyane etter verdisaker blant dei døde.

Nazistane etterlét seg eit Polen i ruinar. Okkupasjonen av Polen var av ein langt meir brutal karakter enn Nazi-Tysklands okkupasjonar av vest-europeiske land. Nazistane meinte at polakkane var undermenneske. Dei ville gjera polakkane til eit slavefolk, og sette i gang ein kampanje for å utrydda den polske intelligentsiaen.

Ein reknar med at om lag to millionar polakkar døde som følgje av krig og okkupasjon. I dei første åra etter krigen, rådde ein borgarkrigsliknande tilstand mellom undergrunnsarmeen og kommunistane. Også polakkar vart råka av valden. Ved Treblinka plyndra folk lik på dagtid. Om natta overfall dei kvarandre.

To tradisjonar. Historikar Sven Holtsmark meiner debatten om boka Fear viser at Polen er eit splitta samfunn.

– Det er ein enorm avstand mellom to ideologiske hovudretningar. Ein er liberal, open, utovervendt og vestlegorientert. På den andre sida finst ein tung, innovervend nasjonal tendens. Det er denne konfliktaksen ein ser i debatten om Gross si bok, seier han.

Holtsmark, som er forskar ved Institutt for Forsvarsstudier, legg til at den førre polske regjeringa skjerpa desse motsetnadene.

Det var denne regjeringa, leia av det notoriske tvillingparet Lech og Jarosaw Kaczyski, som vedtok loven påtalemakta no vurderer om Jan T. Gross har brote. Loven seier at det er forbode å fornærma den polske nasjonen gjennom å gi polakkar skulda for brotsverk utført av nazistar eller sovjetiske kommunistar.

Pogromen i Kielce. 4. juli 1946 samla ein folkemengde seg utanfor bygningen i Planty-gata 7 i Kielce. Dette var bygningen til den jødiske komiteen. Folk var rasande. Tre dagar tidlegare var ein polsk åtteåring forsvunne. Då han kom til rette, sa han at han var blitt heldt fanga i kjellaren hos jødane. Politi og militær storma bygget. At bygget i Planty-gata ikkje hadde nokon kjellar, uroa ingen. Politimennene jaga dei forsvarslause jødane ut til den rasande mobben.

«Medan vi stod for å finna ut kva vi skulle gjera, såg eg ein bil. Eg stoppa han. Eg gjekk bort til sjåføren og fortalde han at vi hadde jødar som vi ville kjøra bort for å drepa. Sjåføren sa seg einig. Han bad berre om tusen zoty og eg sa at det er ein avtale. Då vi kom bort mot Leonarda-plassen ønskte folkemengda å dra jødane ut av bilen for å slå dei, men skomakaren og den eldre sivile fekk roa ned folkemengda gjennom å seia at jødane skulle drepast, og at vi skulle gjera det sjølv.»

Dette fortalde ein av mordarane i Kielce i rettssaka etter pogromen. Med seg i bilen denne dagen hadde dei Regina Fisz og den nyfødde babyen hennar. Mennene hadde sjølv vore oppe i leilegheita til Fisz og tvunge henne med ut på gata. Drap og mishandling skjedde på open gate, og folk som tilfeldigvis kom forbi slutta seg til mobben. Ingen protesterte. Derfor rettar Gross skuldinga mot eit heilt folk. 41 menneske vart drepne i Kielce denne dagen, og meir enn 80 skadde.

Vognaksjonar. Marek Edelman, soldaten frå Warszawa-gettoen, kom til Kielce dagen etter pogromen, på oppdrag frå Sentralkomiteen for polske jødar. Målet var å hjelpa ofra. Togturen mot Kielce gav stygge varslar.

– På nesten alle togstasjonar låg det tre, fire lik som var dekka av aviser. Det var jødar som var myrda i ein såkalla vognaksjon, fortel han til Gazeta Wyborcza. Vel framme i Kielce reiv lukta av brann i nasen.

Vognaksjonane er også skildra hos Gross. Rykta om pogromen førte til valdseksessar også andre stader. På togstasjonane kom folk inn i toget, plukka ut jødar blant passasjerane, tok dei med ut og slo dei i hel.

Kommunisthat. Jan aryn, leiar for undervisningsavdelinga til Instituttet for nasjonale minne, kallar ikkje Jan T. Gross for ein vampyr. Morgenbladet møter historikaren på kontoret hans.

– Polakkane meinte at jødane hadde eit anna forhold til Russland. Jødane jubla då Sovjet marsjerte inn i Polen i 1939. I 1945 hende det same. Polakkane såg sovjetarane som ein ny okkupant. Jødane såg dei berre som frigjerarar. Polakkane oversåg nok at kommunistane også forfølgde jødar. Men det er sant at mange framståande kommunistar var jødar, seier aryn.

Han meiner Gross er urettvis.

– Gross si tese er at tradisjonell polsk antisemittisme fekk nye impulsar gjennom Holocaust. Polakkane fekk impulsar til å avslutta det tyskarane hadde starta. Tesa er skarp og urettvis. Hugs at det også er flest polakkar som er heidra for å ha redda jødar frå Holocaust. Og trass i at det var dødsstraff for å hjelpa jødar.

aryn dreg fram ei tjukk bok og finn fram bilde av Jozsef og Wiktoria Ulma og deira seks barn. Heile denne familien frå Markowa vart myrda av nazistane fordi dei hadde hjelpt ein jødisk familie.

– Det blir hevda at antisemittismen er knytt til den katolske kyrkja. Trua vart sterkare for mange under krigen. Men katolisismen har eit kjærleikspåbod. Denne kjærleiken fekk folk til å hjelpa, så tesa er djupt urettvis, seier aryn.

Demytologisering. Det jødiske historiske instituttet ligg bak ein enorm skyskrapar i blått glas. På denne plassen stod det ein synagoge før krigen. Her har Gross fått ei mildare mottaking. Boka hans er strategisk utstilt i instituttbokhandelen.

– Gross har ein god, skarp analyse. Han gir eit nytt perspektiv om polsk antisemittisme, og brukar ein sosiologisk diskurs. Dette er ikkje klassisk historieskriving. Han skaper ein interessant debatt om røtene til polsk antisemittisme, seier Andrzej Zbikowski, visedirektør ved instituttet.

Han er glad for den diskusjonen som no går føre seg. – Det er veldig bra for Polen. Dette demytologiserer bildet av polakkar som heltar. Det skaper eit meir komplekst historiebilde, og det er positivt, seier Zbikowski.

Han understrekar at den polske antisemittismen ikkje var knytt til tankar om rasar, som den tyske, men knytt til førestellingar om jødiske ritualdrap på kristne barn og tanka om at jødane var lojale mot Sovjet.

Skuggesidene. Adam Krzeminski, journalist og forfattar, meiner diskusjonen kan samanliknast med den tyske debatten i kjølvatnet av Daniel Goldhagens Hitlers villige bødler. Goldhagens dristige teser om tyskaranes «eliminatoriske antisemittisme» førte til ein svært oppheita diskusjon i 1996.

– Dette er ein sjølvkritisk diskusjon. Den går føre seg i ein annan politisk kontekst enn debatten om Jedwabne. Folk som Kaszysnki-brørne ønskjer seg ei hagiografisk historieskriving, der polakkar er heltar. Gross trekkjer fram skuggesidene, seier Krzeminski.

Han legg til at Gross har fått velfortent kritikk av historikarar fordi han i for stor grad konsentrerer seg om enkeltlagnader, og at han legg for liten vekt på den historiske konteksten.

– Det som står på spel, er korleis vi skal forstå skuggesidene i historia. I Polen var det ei utbreidd likesæle til utryddinga av jødane. Alle visste om det. Det førgjekk rett framom auga på folk, seier Krzeminski.

Han meiner det framleis er vanskeleg å slå fast kvifor etterkrigspogromane fann stad. Var det frykt? Dårleg samvit frå polakkar som hadde stjelt jødanes eigedommar? Trudde dei det ville råka russarane? Var det antikommunisme?

Offer og overgripar. Historikar Lars Lien har nettopp levert ei masteroppgåve om antisemittisme i Polen i mellomkrigstida.

– Alle folk har vore både offer og overgriparar. Men i Polen har ein eit problem med balansen, seier han.

Jødehatet i Polen har ein lang, og sterk tradisjon. Israels tidlegare president Yitzhak Shamir har hevda at polakkane får inn jødehatet med morsmjølka.

– Det var få nasjonar som lei meir under den andre verdskrigen enn Polen. Ettersom dødsleirane var i Polen, framstår landet i dag som ein jødisk gravlund. Det har gjort at mange i dag overser polakkanes lidingar.

Polakkane sjølv derimot tenderer mot å oversjå jødanes lidingar, meiner Lien.

– I Polen er den jødiske dimensjonen ved Holocaust dempa mykje. Alle lærer at 5,7 millionar polakkar vart drepne av nazistane. Men dei lærer ikkje at tre millionar av desse var jødar, seier han.

Samanhengane. På bussen opp mot getto-monumentet, konverserer Morgenbladet med ei eldre dame om boka til Jan T. Gross. Ho kjende til debatten. Kommentaren hennar var som eit lite ekko av Jan aryn.

– Ja, den har eg høyrd om. Dette er nok vanskeleg å skjønna for utlendingar. Men mange jødar var kommunistar. Derfor var det mykje motstand mot dei.

Det er vanskeleg å fatta dimensjonen av den historiske konteksten i Polen i etterkrigsåra. Krigen i Polen er ein annan enn krigen i Noreg. Polakkane hadde ingen Quisling. Dei reiste seg og kjempa mot den tyske okkupasjonen. Og dei vart slått ned.

Warszawa vart jamna med jorda av tyskarane i 1944. Seinare stod byen opp att frå oska og ruinane. Dagens Warszawa er eit landskap i grått, lyst blått og skittenkvitt. Høghus med glasfasadar som glitrar som diamantar i sola, og byggjeplass på byggjeplass vitnar om ein by i endring.

Krigshelten Marek Edelman er ikkje så oppteken av dei samanhengane historikarane etterlyser, men han har sett antisemittismen med eigne auge.

– Kva samanheng er det Gross tek hendingane ut av? Eg ser ingen kontekst for eit drap. Ein mordar er ein kjeltring, og det er det. Og den som ser på og snur hovudet vekk, er ein medløpar, seier han.

Marek Edelman var intervjua i Gazeta Wyborcza 19. januar. Intervjuet er omsett til norsk av Ela Hubner.

Jan Tomasz Gross: Fear: Anti-Semitism in Poland After Auschwitz. An Essay in historical interpretation.
Random house. 2006.


Publisert 08. februar 2008

annonser: