annonse:1



MORGENBLADET

Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Dei ti tvilsame
Frå talarstolen i FN blir dei kalla umoralske. Frp omfamnar dei. Møt klimaskeptikarane.

Del denne artikkelen:
| Mer
Tvilar med det glade bodskap: Det er god stemning når geokjemikar Tom V. Segalstad held foredrag og kostar på seg nokre PowerPoint-vitsar for fansen på Frps klimakonferanse i Sandvika.

 Relaterte artikler:
På konferanse. – CO2 er livets gass, seier Tom Victor Segalstad til rungande applaus.

Segalstad er ein av desse omdiskuterte klimaskeptikarane, men i dag blir han motteke som ein helt. Vi er på Framstegspartiets skuleringskonferanse i Sandvika. 350 lærenemme partimedlemmer har møtt opp.

– CO2 gir auka plantevekst, det gjer at vi kan dyrka meir mat. Om menneska si største utfordring er å fø ei stadig veksande befolkning, må det vera i humanismens teneste å sleppa ut meir CO2, seier han.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim samanliknar Segalstad og hans like med dei som insisterte på at jorda var flat.

Morgenbladet har snakka med dei ti fremste norske klimaskeptikarane om kva dei tvilar på, og om kva er det dei veit som ikkje Al Gore har forstått?

Frå scenen i Sandvika fortel Segalstad fortel at temperaturen i verda ikkje stig

– Det var varmare i vikingtida, og då kjørte ikkje folk bilar.

Han viser fram ei vitseteikning på Powerpoint. Teikninga viser ein alvorleg nyhendereporter som fortel kva som hendte etter at regjeringa vedtok at CO2-utslepp er skadeleg. – Dessverre heldt 1000 miljøvernarar pusten slik at dei døde.

Salen bryt ut i latter.

Segalstad snakkar vidare om naturlovar og grafar for temperaturstiging. Lengst bak i salen plukkar ein ung mann fram ei bok. «Har du lest den?» Nei, svarar sidemannen. Boka er Onar Åms Kampen om klimaet. «Den er god,» seier den unge mannen.

Segalstad skulle bruka 40 minutt på foredraget sitt. Det vart 41 minutt, på grunn av all den spontane applausen.

Skepsis. Innanfor forskingsverda er skepsis i dei fleste høve eit heidersord. Skepsis er ei viktig drivkraft innanfor forskinga. Ein kan aldri slå seg til ro. Men det er sjeldan klimaskeptikarane blir så vel motteke som på Framstegspartiets klimaskoleringskurs. «I Norge har det inntil nå vært lettere for en kamel å komme gjennom nåløyet enn det er for klimaskeptikere å stå fram i offentligheten,» hevda samfunnsdebattanten Erling Fossen i Dagbladet for ei tid tilbake. Morgenbladet har snakka med skeptikarar som fortel om mistenkeleggjering, latterleggjering, marginalisering. Dei fortel om politisk korrekte journalistar som hyllar Al Gore og presenterer dommedagsprofetiar som fakta og om redaktørar som nektar å trykka debattinnlegga deira «for ikkje å forvirra lesarane».

– Diskusjonen har religiøse trekk, meiner Pål Brekke, seniorrådgivar ved Norsk Romsenter. I siste nummer av bladet Forskingsetikk fortel skeptikarar om hissige «klimaalarmistar».

Dei vi kallar skeptikarane er ikkje ei einskapleg gruppe. Forskingssjef ved Iris i Stavanger, Willy Fjeldskaar, seier at det klimapanelet seier om havnivå i beste fall er unøyaktig. Pål Brekke meiner klimapanelets vurderingar av sola er feil. Biologen Morten Jødal framhevar at isbjørnbestanden er i vekst. Andre er dilettantar, og nokre er sponsa av oljeindustrien.

Føre var-samfunnet. Det er høg temperatur i klimadebatten. Men kva er det som gjer at Onar Åm er blitt så engasjert i klimaspørsmålet?

– Det irriterer meg når ikkje den heile og fulle samanhengen kjem fram. Vi er dessutan i ferd med å gli inn i eit føre var-samfunn der ein er skuldig inntil det motsette er bevist. Her kan vi dra ein parallell til den måten vi handterer terrortryggleik på fly. Gamle damer frå indre Sogn må gå gjennom metalldetektorar på lik line med andre. Vi går i retning eit 1984-samfunn. Miljørørsla står for mykje av dette. Dei har klart å pressa gjennom eit føre var-prinsipp når det gjeld atomkraft til dømes.

– Det er litt vanskeleg å forstå parallellen mellom tryggleik på fly, og spørsmålet om global oppvarming?

– Vi har ikkje kunnskap til å tru det aller verste. Det blir rein spekulasjon. Vi har ikkje vesentleg meir kunnskap i dag enn for 30 år sidan. Då estimerte klimaforskarar at sensitiviteten til ei CO2-dobling var ei temperaturauke på 1,5 til 4,5 grader. Dette er basert på ein datamodell laga på ein datamaskin på storleik med ein Playstation. Estimatet har ikkje endra seg nemneverdig. Det er veldig mykje spekulasjon, og veldig lite som blir diskutert i media av dei mange tusen sidene i rapporten frå FNs klimapanel.

– Ein høyrer stadig om at skeptikarane slett ikkje er klimaforskarar. Kva kvalifiserer deg til å delta i diskusjonen?

– Eg er like kvalifisert som Pål Prestrud eller Al Gore. Ingen av dei er klimaforskarar heller.

Skeptikarane har bevisbyrda. Helge Drange er derimot klimaforskar. Han er professor ved Nansen- og Bjerkenessenteret og ein av desse som publiserer jamleg i anerkjende internasjonale tidsskrift. Drange er også ein del av VG Helgs klimapanel. På Framstegspartiets Klimakonferanse i Sandvika debatterte han mot den svenske klimaskeptikaren Fred Goldberg. Svensken fekk mest applaus.

– Klimaskeptikarane er veldig varierte. Både forskarar og folk som ikkje er det deltek. Dei har ulik grad av pålitelegheit. Men det er dei som har noko å bevisa. Eg saknar ein vitskapleg publikasjon i eit internasjonalt anerkjent tidsskrift der dei kan dokumentera påstandane sine. Det held ikkje å laga eigne notat, eller legga artiklar ut på si eiga nettside. Då stiller ein seg utanfor den fagfellevurderinga som ein har viss ein publiserer i tidsskrift eller legg fram resultat på ein forskingskonferanse. Ein må koma med dokumenterbar informasjon og argument.

– Klimaskeptikarane hevdar at de vil avslutta debatten?

– Klimapanelets rapport er bygd på publiserte forskingsresultat, og på dokumenterbar og etterprøvbar informasjon. Alle er ikkje fullstendig einige om alt. Det går føre seg ein fagdebatt blant klimaforskarane, men ein diskuterer ikkje slik skeptikarane gjer, med dårleg belagte argument som ein meiner skal tilbakevisa tesa om menneskeskapt global oppvarming.

Forvirring. Men det er kanskje ikkje så farleg om ein ikkje vinn fagdebatten? Det handlar om merksemd, og om kva folk trur, meiner Nina Dessau, forfattar av boka Den globale oppvarmingen. I boka si siterer ho den konservative hotshot-analytikaren Frank Luntz. Hans kommunikative evner er legendariske, og han har hjelpt republikanarar med laga fengjande retorikk av dei mørkaste saker. Luntz er god med ord, og omtaler helst oljeboring som å «søkja etter energi».

I 2003 rådde han George W. Bush til å så tvil om at CO2-utslepp er skadeleg.

«Veljarane trur ikkje at det er nokon konsensus om global oppvarming blant forskarar. Skulle publikum tro at det er vitskapeleg semje, vil deira synspunkt om global oppvarming endre seg tilsvarande. Derfor må de halde fram med å gjere mangelen på vitskapeleg tryggleik til en sentral sak i debatten,» påpeika han i eit notat til republikanarane.

Luntz angrar i dag. I eit intervju med den britiske avisa the independent i fjor fortalde han at han meinte det herska tvil i dette spørsmålet i 2003. «No trur eg ikkje at det er det. Eg er villig til å akseptera vitskapen som han er. Eg ville ikkje ha skrive det memoet i dag,» sa Luntz.

Bush følgde rådet, og USAs konservative viser stadig til klimaskeptiske ekspertar.

Skeptisk skolering. Etter 41 minutt på scenen vert Tom V. Segalstad takka for foredraget av partisekretær Geir Mo. Han kallar Segalstad «ei røyst vel verd å lytta til». Frp er i gang med eit storstilt skuleringsopplegg. Partikontoret reknar med at mellom 800–900 partimedlemer kjem til å få med seg klimakurset. Klimapolitikar Ketil Solvik Olsen vil ikkje gå med på at partiet held eit klimaskeptikarkurs.

– Vi skal førebu våre tillitsvalde på kva argument dei vil møta, og kva perspektiv som finst i debatten. Vi har invitert både NHO, fagforeiningar, avfallssektoren. Føresetnaden for mykje av diskusjonen er at vi ønskjer kutt i CO2-utslepp.

– Er du ein klimaskeptikar?

– Du kan godt kalla meg skeptikar. Eg er usikker. Det er få politikarar som ha treft fleire vitskapsfolk enn meg, og eg har rimeleg god peiling på desse spørsmåla. At CO2 betyr noko for atmosfæren er eg ikkje i tvil om. Eg tvilar heller ikkje på at menneskeleg aktivitet kan føra til temperaturendringar. Men kor mykje det betyr, det kan vi ikkje seia. Så ja, eg er på skeptikarane si side.

Forførande retorikk? Frp seier politikarane ikkje kan avslutta forskingsdebatten. Verken Gro Harlem Brundtland eller Erik Solheim rår over sola eller havnivået, og slett ikkje over atmosfæren. Dei kan heller ikkje bestemma kva forskarar skal finna ut i framtida. Det kan ikkje pressa heller. Både dommedagsprofetar og skeptikarar vekker interesse i desse klimadebatt-tider. Vitskapsjournalist Bjørn Vassnes er skeptisk til skeptikarane. Han forstår debatten som eit mediefenomen.

– Dei har ikkje gjennomslag i forskingsverda, men får det i pressa. Ein grunn til at dei får mange oppslag, er at media likar å ha to sider av ei sak. Viss det finst eit klimapanel som hevdar noko, då må også dei som er ueinige i konklusjonane få sleppa til. Mange er usikre på kva ein klimaskeptikar er og på kven som har kompetanse. Det kan også handla om manglande kunnskap om korleis forskingsverda fungerer. Det er ingen vitskaplege dokument som er så grundig drøfta av fagfeller som rapporten til FNs klimapanel, seier Vassnes.

Vitskapsjournalisten er også litt skeptisk til klimapanelet, men det er fordi han meiner det ikkje går langt nok i å skildra kva som kan skje.

– På grunn av konsensusprinsippet seier dei ikkje noko om dei store klimabombene, om dei ikkje-lineære endringane, slik som permafrostsmelting og metanutslepp frå tundraen i Sibir, eller om moglege utslepp av metan frå havbotnen, seier Vassnes.

Naturkreftene. Vi veit kva Frp vil. Dei vil ha billeg bensin, fleire vegar og ingen miljøavgifter. Men kva vil ein mann som Segalstad? Han vil at Jens Stoltenberg skal ringa. Statsministeren har lånt øyre til både Helge Drange og Pål Prestrud.

– Han må også høyra på motførestellingar mot klimapanelet. Han må la alle sider koma til orde og leggja til grunn eit balansert syn. Elles er det ein politisk styrt prosess.

– Kva ville du seia til Stoltenberg om han ringde?

– Naturlovar kan ikkje avgjerast ved handsopprekking. Statsministeren ser vekk frå meg og mine meiningsfeller, og han ser vekk frå Guldberg og Vaages masseverknadslov i naturen.

– Kva ville endra seg viss Stoltenberg høyrde meir på deg enn på Prestrud og Drange?

– Eg er ikkje politikar. Men eg ville ikkje ha kjempa mot naturkreftene. Eg ville ha brukt milliardane meir fornuftig. Ein kunne ha brukt dei til å kjempa mot hiv, aids og fattigdom. Ein kunne gi folk eit betre liv. Det er betre enn å kjempa mot naturlovene. Men eg presiserer, at eg driv ikkje med politikk. Eg er ikkje medlem av noko parti, seier Segalstad.

Ein konspirasjon? Nina Dessau samanliknar klimaskeptikarane med konspirasjonsteoretikarar. Følgjer ein dei, har klimaforskarar og politikarar med FN i spissen lurt resten av verda.

– I USA hevdar mange skeptikarar at FN gjer dette for å ta kontroll, seier Dessau.

– Kva skulle vera vitsen med å finna opp ei klimakrise, Tom V. Segalstad?

– Forskinga blir brukt som middel til å nå eit politisk mål. Dei vil ta makta over folks økonomi og produksjonsmiddel. Klimaismen er ikkje den første -ismen som prøvar på det.

– Eg ser ikkje heilt for meg Jens Stoltenberg i rolla som Lenin?

– No snakkar eg om skattar og avgifter. Det eg viser til, er at dei skal ha så mykje regulering. Staten dreg inn CO2-avgift på tre milliardar i året berre på drivstoff. Pengane går rett i statskassa og er ikkje øyremerkte. Václav Klaus tek dette opp i si nyaste bok. «Er vi i ferd med å påføra planeten grøne lenker?,» spør Klaus, det som står på spel kan vera klima eller fridom.

Kva trur skeptikarkollega, tidlegare sjef for vêrvarslinga Asmund Moene?

– Politikarane har gripe med attrå denne påstanden om klimaendringar. Det er ei god sak å vinna stemmer på. Dei skal redda verda. Det er den beste saka i verda. No er eg kanskje slem med politikarane, men her er dei ute på ein rar veg. Men eg må presisera at eg ikkje er interessert i politikk, eg er fagmann, seier Moene.

Ein helt. Etter foredraget flokkar konferansedeltakarane seg rundt Tom V. Segalstad. Det er mange spørsmål, og opptil fleire klapp på skuldra. Ein seier at han vil studera geokjemi. Nokre unge jenter vil ta bilde av seg sjølve saman med Segalstad.

– Eg vart litt fan av han under foredraget. Han fortel ting som ikkje kjem fram andre stader, fortel ei av dei til Morgenbladet etterpå.

Dei to skeptikarane er travle og må snart hasta vidare til nye avtalar. Det er mange som vil høyra den glade bodskapen om CO2 som livets gass. Denne helga held Framstegspartiet sitt siste klimakurs på Hell i Nord-Trøndelag.


Publisert 11. april 2008

annonser: