Tom Segalstad, seksjonsleiar ved naturhistorisk museum, UiO
– Klimapanelet er sett saman av meteorologar og atmosfæreforskarar som driv på med matematisk klimamodellering. Det var ingen geokjemikarar som var med. Det er fleire manglar i rapporten, heile fagfelt er vekke. Om det klimapanelet hevdar er rett, må vi brenna hundre år med lærebøker i geokjemi. Det skjer ein urett her, vi kan ikkje sjå vekk frå våre fagfelt.
Segalstad skreiv i 1992 artikkelen «Do glaciers tell a true atmospheric CO2 story?» saman med to andre forfattarar i tidsskriftet «Science of the Total Environment». Står bak nettsida www.co2web.info som presenterer klimaskeptiske synspunkt.
Ole Humlum, professor ved institutt for geofag, UiO
– Der er mykje godt arbeid i publikasjonane frå klimapanelet. Saka er ikkje svartkvit. Det er snarare forskjell i vurderinga av kva verknad CO2 har på den globale temperaturen. Klimapanelet meiner at CO2 er dominerande. Eg meiner at CO2 kan ha ein effekt, men at den ikkje er dominerande.
Humlum står bak den klimaskeptiske nettsida www.climate4you.com
Einar Sletten, professor ved Kjemisk Institutt, UiB
– Klimapanelet tek feil. Dei brukar delar av datamaterialet som finst i dag, og det har med målet til FN-panelet å gjera. Målet er å undersøkja den menneskeskapte klimaendringa. Dei har altså ein konklusjon på førehand som dei skal tilpassa resultatet til. Då driv dei det som på engelsk heiter cherry picking. Det vil seia at forskarane har mange data som sprikar i ulik retning. Det blir som når fanden les Bibelen. Dei plukkar det som passar.
Sletten har ikkje publisert vitskaplege artiklar om klima.
Onar Åm, påbyrja ingeniørstudium, forfattar
– Eg seier ikkje at alt klimapanelet står for nødvendigvis er feil, men at det er stor uvisse om det meste, og at denne uvissa blir tona ned. Forskarar skal vera skeptiske. Eg er ingen forskar, men mitt syn baserer seg på skeptiske forskarar.
Åm har gitt ut boka Kampen om klimaet. Kommenterer blant anna klima på bloggen www.blogging.no/blog.php/onarki
Jan-Erik Solheim, pensjonert professor i astrofysikk, UiO
– Klimapanelet tek feil når det gjeld hovudkonklusjonen om at klimagassutsleppa våre er den vesentlegaste grunnen til global oppvarming. Denne kan elles ikkje observerast no. Det verkar som om det er ei gruppe klimaforskarar som forvaltar «sanninga» i denne debatten. Dei som uttrykker tvil bør ikkje sleppa til.
Solheim har ikkje publisert vitskaplege artiklar om klima.
Asmund Moene, tidlegare fagsjef ved Meteorologisk institutt
– Det er mange feil i rapporten. Klimapanelet hevdar at det er 90 prosent sjanse for at klimaendringane er menneskeskapte. Her tar dei feil. Målingar viser at drivhuseffekta ikkje har auka dei siste 30 åra. Dei siste ti åra har heller ikkje den globale temperaturen auka.
Pål Brekke, seniorrådgivar ved Norsk Romsenter
– Alt FNs klimapanel seier er ikkje feil. Det er mykje bra i rapporten. I det utkastet som vart sendt på høyring, vart ikkje alle røyster høyrd. Panelet er heller ikkje breitt nok samansett, og dei tek ikkje nok omsyn til sola. I oppsummeringa som er det som blir lest av flest, er mange av nyansane frå rapporten vekke. Nokre av dei som har vore med er dessutan ueinige i hovudkonklusjonen.
Brekke har ikkje publisert vitskaplege artiklar om klima.
Willy Fjeldskaar, forskingsleiar ved IRIS og professor i geologi, UiS
– Klimapanelet seier så mykje. Noko oppfattar eg som rett, andre ting som urett. Eg er ekspert på havnivåendringar, og det som blir sagt er i beste fall unøyaktig. Eg trur at nokre av klimaendringane er menneskeskapte, men eg trur det meste er utanfor menneska sin kontroll. Eg meiner at klimapanelet har sett for lite på kva sola har å seia for klimaendringane.
Fjeldskaar har skrive doktorgrad om havnivå og landheving etter siste istid, og har publisert ti artiklar om havnivåendringar etter siste istid.
Morten Jødal, biolog
– Diskusjonen om klimapanelet handlar om fleire ting. Eg har diskutert kva effektar dei påståtte klimaendringane har. Eg hevdar at dei er dramatisk overdrivne. Isbjørnbestanden aukar til dømes kraftig, og ser ut til å vera stabil. Det som regulerer bestanden er jakt. Det blir snakka mykje om global oppvarming, men framleis er det slik at det er fleire menneske som døyr av kulde enn av varme.
Jødal har ikkje publisert vitskaplege artiklar om klima.
Olav Martin Kvalheim, professor ved Kjemisk Institutt, UiB
– Klimamodellane tek ikkje nok omsyn til vatnet si rolle som drivhusgass. Temperaturen har gått ned i Antarktis og på den sørlege halvkula generelt i meir enn ti år. Dei siste åra har den globale temperaturen falt med 0,6-0,7 grader. I same periode har CO2-utslippa auka med om lag fire prosent. Dette viser at CO2 har langt mindre verknad enn kva ein trudde tidlegare.
Kvalheim har ikkje publisert vitskaplege artiklar om klima.
Publisert 11. april 2008