annonse:1



MORGENBLADET

Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Klimaskeptikerne på al­vor

Del denne artikkelen:
| Mer
 Relaterte artikler:
Klimadebatten

Ikkje før har eg som reetablert abonnent fått det første nummeret av Morgenbladet i hende (11. april), så fell augo på ordet «klimaskeptikere» på framsida. Sanneleg bra om ei skikkeleg avis har mot til å ta opp den saka på ein seriøs måte, er min første reaksjon. Så viser det seg at måten ikkje er seriøs: Dei negative konnotasjonane er påtrengjande alt i overskrifta, og avisa skjuler seg bak Frp: Dette er eit knapt nok stuereint politisk parti sitt utspel, ikkje avisa sitt. I tillegg blir Erling Fossen brukt i den same rolla! I sjølve reportasjen er den negative haldninga til klimaskeptikarane merkbar, og det einaste innslaget som tek dei litt på alvor, er presentasjonen av ti av dei i ein attåt-tekst.

No er det sanneleg på tide at seriøse avisfolk tek klimaskeia i ei anna hand. Canadiaren Timothy Ball (Dr. og professor emeritus i klimatologi ved universitetet i Winnipeg) seier at læra om den menneskeskapte og CO2-genererte globale oppvarminga, er «det største bedrageriet i vitenskapens historie».

Når klimaalarmistane hevdar at temperaturen aukar fordi CO2-innhaldet i lufta aukar, må dei kunne påvise ein korrelasjon. Men det kan dei ikkje! Temperaturen gjekk ned frå 1940- til 70-talet, medan CO2-utsleppa auka jamt. Etter 1998 har temperaturen heller gått ned enn opp, medan CO2-innhaldet i lufta i denne perioden har auka kraftig. Altså er læra om den menneskeskapte og CO2-genererte oppvarminga feil, same kor sofistikerte alarmistane sine datamodellar måtte vere!

Det er utruleg at ikkje dei mest oppegåande og ressurssterke avisredaksjonane prøver å lese seg litt opp på denne saka. At dei ikkje blir skeptiske til konsensuspåstanden, at dei ikkje har oppdaga dei politiske, religiøse og snart fundamentalistiske drivkreftene i klimarørsla. Og at dei ikkje reagerer på både IPCC og Cicero sine merkverdige forskingsmandat: Å skaffe kunnskap som byggjer opp under teorien om den menneskeskapte globale oppvarminga! (Denne «teorien» er førebels berre ein hypotese, og fyller ikkje dei vitskaplege krava til ein teori. Då bør ikkje forskingsmandatet innehalde ein konklusjon på det grunnleggjande problemet som hypotesen gjeld!)

Den klimaskeptiske dokumentasjonen er lett tilgjengeleg og omfattande. Ein god start ville vere å lese Ole Humlum sin artikkel på NyhetsBlikket.no: «CO2-hypotesen motbevist av naturen sjølv». Nettstaden www.forskning.no har, som eit heiderleg unntak i norsk presse, teke inn artiklar med heilt ulike synspunkt på klimaspørsmålet, og klimafundamentalistane rasar og fortel at det er umoralsk å tvile! God betring, seier eg berre, både til dei og til engstelege og klimakunnskapsfattige avisredaksjonar!

Oddbjørn Heinum
Nordfjordeid


Publisert 18. april 2008

annonser: