annonse:1



MORGENBLADET

Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Rasisme stilner stemmer

Del denne artikkelen:
| Mer
 Relaterte artikler:
Ytringskultur

Det ser ut som det siste slaget har falle i ambulansesaka. Etter 15 månader med slossing kom redaktøren i Ny Tid med ein uppercut-kombinasjon i førre utgåve av Morgenbladet. For kva kan ein svara når ein vert samanlikna med noko so nedverdigande som Norgespatriotane?

Ny Tid-redaktøren dansa fornøgd vidare i bokseringen. Etter det første lave slaget kom klassestempelet, som refererte til «borgerskapets behov for fernissdialogar». Det siste slaget i kombinasjonen var eit uløyseleg paradoks som gjorde Morgenbladet til ein publikasjon som er både elitistisk og folkeleg (tabloid).

Men er dette meir enn flott fotarbeid av Ny Tid-redaktøren? La oss ta eit steg tilbake. Det var i Sofienbergparken det fyrste slaget fall: det handla om verkelege, levande, kjenslevare personar. Omkampen som har føregått i media, mellom Ali Farah og Erik Schjenken, var å venta etter at alle relevante statlege instansar hadde omhandla saka og uttalt seg.

Me var på ein måte tilbake til utgangspunktet, til augeblinken etter at slaget i parken fall, men også etter at reaksjonseksplosjonen som nådde heilt til topps i norsk politikk hadde lagt seg. Dei to var midt oppe i ein offerkamp: kven kunne skapa mest empati rundt seg sjølv? Det einaste fokuset som var igjen i denne saka var på dei den byrja med. To personar, og to objekt, som publikum-dommarane hadde meir og mindre samkjensle med.

Det var naturleg at kronikken til Ali Farah var stor i omfang. Etter å ha vunne alle dei andre, mindre, kampane hadde han berre ein igjen å kjempa. Tre regjeringsdepartement var einige om at rettane hans vart krenka den dagen i parken: Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Justisdepartementet. I tillegg aksepterte både universitetssjukehuset og ambulansesjåførane skuld i saka.

Kampen som stod att handla ikkje mest om rasisme, men om historie. For Erik Schjenken var det det personlege omdøme som var viktig. Etter å ha vedgått feil og skuld i saka, bad han no «systemet» om å revurdera det stempelet han sat igjen med. For Ali Farah var det det kollektive omdøme som var viktig. Etter å ha fått medhald overalt i saka, angreip han sjølve «systemet» på vegner av likesinna.

På ein måte var Erik Schjenken og Ali Farah allierte, men utan at dei visste det. Den fyrste låg på botnen av eit offentleg hav av nemnde regjeringsdepartement som lot han sykkja. Den andre flaut på overflata av same hav og såg land, for seg og «sine», eller i alle fall ein mogelegheit til å finna det ein gong i framtida. Fokuset for beggje var på «systemet», og her hadde Erik Schjenken og Ali Farah same oppfatning; at det hadde svikta dei.

Dei hadde nok beggje rett, der dei hang på ei og same hengsle ved namn «rasisme». Rasisme stilner stemmer. Fyrst er det eit identitetsuttrykk som verkar undertrykkjande for utanforståande grupperingar; så er det eit stempel som dømer same identitetsuttrykk. Uansett stilner stemmene.

Etter mange månader som stempla rasist ville Erik Schjenken ha ei rettferdig framtidig historie. Etter fleire hundreår med rasistisk undertrykking ville Ali Farah ha ei historisk rettferdig framtid. Beggje leita etter stemma si.

Ein kjem nok med tida til å konkludera at det er svært vanskeleg å måla rasisme, i mengde eller kvalitet, og etter at det stilnar rundt denne saka får ein håpa at dei involverte reflekterer på handlingane sine. At media, generelt, byrjar å respektera det ansvaret dei tok på seg då gapestokken vart overlate til dei. At regjeringsministrar, spesielt, finn motet til å utfordra samfunnet sine definisjonar på sosialt avvik, i staden for å gi etter for nervøse refleksreaksjonar i frykt for assosiasjonar.

Til Ali Farah og til Erik Schjenken, viss dei spør seg sjølv om det er verdt å slåst meir, er svaret: Ja. Men ikkje med kvarandre! Og når det gjeld Ny Tid, som veit dei har ingenting å frykta når det gjeld politianmelding og rapportering til PFU, får ein håpa at dei finn plass til ein meir moden og konstruktiv debatt enn den metarasistiske dei brukar spalteplass på for tida.

Geirmund Knutsen
UCL, London


Publisert 31. oktober 2008

annonser: