annonse:1



MORGENBLADET

Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Ukurant prestefrue
Mag­dale­na Tho­re­sen var ni­barnsmor, so­sie­tetsdame og anerkjent forfatter. Nå ommer
bre­ve­ne hennes i samling.

Del denne artikkelen:
| Mer
Magdalena Thoresen: Kanskje manneetar, kanskje sladrekjerring, men mest av alt hardarbeidande dramatikar.

 Relaterte artikler:
«Ak! Min kjære Her Kandidat, hvordan skal De gjennemtrenge den skjæbnekamp jeg har maattet føre.»

Forfattaren Magdalena Thoresen syntest synd på den unge historikaren Halvdan Koht, som skulle portrettera henne i J.B. Halvorsens Leksikon i 1900.
Og kva skulle han kalla henne? Ibsens svigermor, femme fatale og sladrekjerring? Det svirra mykje prat rundt Magdalena Thoresen i samtida. At ho skreiv for teatret, gav ut populær skjønnlitteratur under fullt namn, brevveksla og diskuterte litteratur med dei fleste store kulturnamna i Norden, og klarte å forsørgja fire barn frå ho fylte 40 år, var det mindre snakk om.

Skjebnekampen. Om få dagar kjem Magdalena Thoresens brev ut på Emilia forlag – 1400 sider i tre bind – ei ære som stort sett berre blir store mannlege litteratar til del. Breva spenner over 52 år og er redigerte og kommenterte av litteraturprofessor Jorunn Hareide, som tidlegare har gitt ut ei bok om brevvekslinga med Georg Brandes, og nå skriv på ein biografi om Magdalena Thoresen.

– Kva besto Magdalena Thoresens «skjæbnekamp» i, Jorunn Hareide?

– Det ho siktar til, er nok problema ho møter som kvinneleg forfattar og dramatikar. Mannlege forfattarar møter forståing og anerkjennelse. Kvinnelege får utakk og tilsidesettelse, skriv ho ein stad.

– Samtidig er ho sjøl kritisk til kvinners evner.

– Ja, ho skriv ein stad at «det er vanskelig at finde de store Aander mellem Kvinder». Den same haldninga rammar altså henne sjøl. Til trass for at ho var ein produktiv og anerkjent forfattar, hadde ho store vanskar med å få reisestipend.

– Ho skriv at Norge viste henne «Døren». Hadde ho grunnlag for å seia det?

– Ho følte det i alle fall slik. Tre år etter at mannen døydde flytta ho til København, der ho i si tid studerte til guvernante. Noko av grunnen var nok all sladderen ho blei utsett for. Det blei påstått at ho hadde ein affære med huslegen alt før mannen døydde. Sidan fortel ho at folkesnakket har det travelt med å forlova henne med både den eine og den andre.

Sanseleg. – Var ho ikkje ein femme fatale, då?

– Breva eg har funne både avkreftar og bekreftar den utbreidde myten om Magdalena Thoresen som manneetar. Ho var ei sanseleg kvinne og var i periodar svært glad i unge menn. På 1860-talet er ho openbert forelska i Georg Brandes. Ho skal også ha meint at den unge Bjørnstjerne Bjørnson skulle ha gifta seg med henne i staden for med Karoline Reimers.

– Du har oppdaga temmeleg høgtempererte kjærleiksbrev frå henne til den unge arkitekten Henrik Schirmer, som kunne vore son hennar.

– Ved femtiårsalderen reknar ho seg ferdig med kjærleikslivet sitt, men så møter ho altså Schirmer og blir igjen eit rov for følelsane sine i det halve året forholdet mellom dei varer. Ho skriv om stolne møte. Men ho veit også at dette forholdet aldri kan vara.

Skarpsynt.
– «Ho var meir kvinne enn forfattarinne», skreiv Brandes om henne.

– Ja, og det var svært uheldig for henne, for den karakteristikken er blitt ståande. Magdalena Thoresen kunne rett nok vera erotisk pågåande, men det Brandes sikta til, var meir det psykologiske skarpsynet ho hadde.

– Han var ikkje begeistra for det?

– Georg Brandes og Magdalena Thoresen møttest før han på 1870-talet blei «Georg Brandes» med sine store foredrag om at litteraturen skulle «sætte problemerne under debat». Ho gjennomskua han og pekte på romantikaren i han. Det likte ikkje mannen som seinare innvarsla realismen.

Disiplinert. – Sladderen gav sine bilde av Magdalena Thoresen. Leksikon og oppslagsverk gir sine. Men kven er den Magdalena Thoresen som trer fram gjennom alle desse breva du har tyda, transkribert og redigert?

– Dei viser oss ei hardt arbeidande kvinne som jobba med skrivinga si, fortel Jorunn Hareide.

– Mange av breva er forretningskorrespondanse med teatersjefar og med forleggjaren hennar, Hegel i danske Gyldendal. Ho brevveksla med store deler av kultureliten i Danmark, Sverige og Norge. Også i dei meir private breva kjem forfattarlivet fram. Planane ho har framover, spørsmål ho reflekterer over, og den imponerande faste døgnrytmen ho etablerte etter at ho flytta frå Bergen til København:

nu er jeg i mine gamle Folder igjen – Kaffe paa sengen Kl 8 – halvni med sporvognen ud til Bad i Helgoland, gaaende derfra hjem. Frokost 10 ½. Arbejde til 4 ½. Middagslavning til 5 – spising til 5 ½ – Driv med aviser og næsten Ingenting til Kl 9 ½ – og saa iseng. (…) Det sker virkelig Dag efter Dag og paa Klokkeslættet.

– Det ser strengt ut, men ho var nøydd. Magdalena Thoresen var eineforsørgjar i mange år. Ho blei tidleg enke og levde av skrivinga si. I København leigde ho møblerte værelser og tigga møblar frå venner då ho endeleg kunne etablera seg med eige husvære.

Forbilde. – Fannst det ingen enkepensjon etter prestar den gongen?

– Jo, ein liten pensjon hadde ho til barna var vaksne. Men pengesorger pregar korrespondansen, og ansvaret for dei ni barna, særleg dei fire som var hennar eigne, tyngde henne. Ho sørgde for god utdannelse for dei to sønene ho fekk med Thoresen, og sette stor lit til dei. Men tragisk nok opplevde ho at begge døydde av tuberkulose.

– Levde ho eit tragisk liv?

– På mange måtar gjorde ho det, og mykje av forfattarskapet handlar om at ho streva med å komma til rette med moralske fall i livet sitt. Men livshistoria hennar viser også stor intelligens og meistringsevne. Ho kom frå fattige kår og klarte å leva av pennen sin, noko som var ein stor bragd i den tida. Derfor hausta ho også lovord og vennskap i dei kulturelle miljøa, og mange yngre kvinnelege forfattarar såg opp til henne.

Ei avgnagd eng. – Men Brandes skal ha kalla henne «en voldsom maskine», og Ibsen skal ikkje ha kunna fordra henne. Ho var god på å knyta vennskap, men var det også eit liv fullt av brot?

– Magdalena Thoresen var nok uvanleg og mistilpassa i mange av dei miljøa der ho levde. Ho forlangte mykje plass og livet hennar inneheld konfliktar, for eksempel med Bjørnson etter at han meinte ho hadde brukt han som litterær modell. Ho syntest at han var vel oppblåst, noko ho også gav uttrykk for i brev:

Hvad der nu er en Ulykke for mig i Bjørnsons Omgang, det er, at han altid taler om sig selv og sin egen Digtning (…) og trods al min Sjæleglede ved at høre ham fortælle, har jeg, i produktiv Retning, dog ofte den Fornemmelse, at han bliver fed og jeg staar som et avgnavet Engstykke tilbage.

– Skarpt sett og formulert.

– Ho var temmeleg åpenhjertig, ja, og breva viser at ho brukte det psykologiske blikket sitt.

Ibsensk omsorg. – Var ho ei sladrekjerring?

– Rykta om det, stamma frå den gongen ho skal ha fortalt stedottera Suzannah Ibsen at Henrik sverma for andre kvinner. Men påstandane om at Ibsen mislikte henne etterpå, må vera feil. I alle fall hadde han respekt for den litterære og dramaturgiske dømmekrafta hennar. Han sende alle bøkene sine til henne og tok imot kommentarar. Ibsen viste også omsorg for svigermora og lånte henne pengar som han ikkje ville ha igjen.

– Du har i meir enn ti år spora opp korrespondansen hennar. Kva betydning har det at han blir allment tilgjengeleg?

– For det første gir breva eit anna bilde av Magdalena Thoresen enn det som er tradert i litteraturhistoria. Der er det lagt vekt på «kvinna», medan det i breva er forfattaren og aleineforsørgjaren som trer fram. Brevsamlinga rullar også opp eit kulturhistorisk tidsbilde av Norden som eg trur blir verdifullt for framtidig forsking. Den viser ikkje minst at ho spela ei viktig rolle som forbilde for yngre skrivande kvinner.

– Var ho ein pioner?

– Ho var i alle fall den første kvinna som reiste rundt i Norge og heldt foredrag, og ho må ha vore ei av dei første som gav ut bøker under eige namn. Litterært sett var forfattarskapen nasjonalromantisk og moralistisk, og gjekk raskt av moten, men i 1866 roste Georg Brandes det sterkt, og ho er framleis ikkje gløymd.
Feira til slutt. – Ho ville vel likt godt å sjå dei tre bøkene med bildet sitt utanpå, men Magdalena Thoresen fekk meir enn Brandes’ anerkjennelse medan ho levde også?


– Ja, dei siste tiåra av livet sitt var ho ein kjend storleik og erobra seg ein plass i det pene københavnske borgarskapet, fortel Jorunn Hareide.

– Til 80-årsdagen dekorerte både den svensk-norske og den danske kongen henne med fortenestmedaljar. Svigersonen Ibsen sende henne ein laurbærkrans der han takka henne «på vegner av litteraturen». Venner i Danmark forfatta eit hyllestskrift til henne og den kvinnelege leseforeningen i København arrangerte festmiddag der Magdalena Thoresen hadde kulturministeren til bords.

– Såpass burde ho vel vera fornøgd med?

– Ja, og det var ho også.


aktuell bok
Jorunn Hareide (red.)
Magdalene Thoresens brev I-III
1256 sider. Emilia forlag. 2009

Publisert 20. mars 2009

annonser: