|
Skriv inn din e-postadresse for å motta Morgenbladets nyhetsbrev hver fredag.
Sentralbord:
Tlf: 21 00 63 00 Faks: 21 00 63 01 E-post: redaksjon@morgenbladet.no Adresse: Morgenbladet as Karl Johansgt 25 0159 Oslo Redaksjon Alle saker |
Velfrisert kjønn
Hyllinga av Gro Harlem Brundtland og Susan Boyles suksess viser kor undergravande Mary Wollstonecrafts idear framleis er.
Tårene trillar igjen. Den ufikse kyrkjesongaren Susan Boyle syng fletta av talentjuryen. Nærare 100 millionar gonger skal folk den siste veka ha klikka seg inn på YouTube for å sjå innslaget frå programmet Britain's Got Talent, og fleire kjem til å gjera det. Om att og om att – og grina, som meg, av ei halvgammal skotsk dame med dårleg hår og dobbelthaker som song så talentet til og med overstyrte det allestadsnærverande kravet om det vi med svært forsiktig språkbruk kan kalla «styling». Det var då eg begynte å tenkja på Mary Wollstonecraft og 250-årsdagen hennar kommande måndag. Sidan Wollstonecraft døydde frå eit uavslutta livsverk berre 38 år gammal, er dei fleste reformtankane hennar gjennomførte i Vesten: Gutar og jenter har same rett til utdanning. Kvinner og menn har like rettar i ekteskapet. Og – Wollstonecrafts mest revolusjonerande tanke – alle menneske har dei same universelle rettane, i alle fall i prinsippet. På tre andre punkt er Wollstonecrafts liv og samfunnskritikk likevel framleis aktuell: Framleis dominerer mannlege oppfatningar av kva som er godt og vakkert i kunsten (men det skal vi lata liggja her). Framleis må kvinner visa at dei har nok av såkalla «kvinnelege» eigenskapar for å bli oppfatta som normale. Framleis gjer mange kvinner og enkelte menn seg små ved å leva opp til arbeidskrevjande og unaturlege skjønnheitsideal. Treningsinstitutt, hudsalongar og plastikkirurgar over alt. Ho ville truleg blitt meir enn forbausa over vår tids vekt på trendig kropp og antrekk, Mary Wollstonecraft. Ho som trudde på utvikling og fornuft. Kvifor har vi ordna oss slik, når ho alt i 1792 skreiv at kvinner gjer seg til skjødehundar om dei følgjer kravet om femininitet og overdekorert framtoning? «Spaniel-like» kalla Wollstonecraft dei. Hos oss er «pudlar» eit meir treffande bilde. Kven kan berga slike fjollete vesen frå forakt, spør Wollstonecraft. Kvinner som føler at dei må gjera seg til, må behaga og tena som dekorasjon på menn, blir utspekulerte, smålege, egoistiske og tillært svake. Det var ikkje bra verken for landet eller menneska. Verkeleg kjærleik mellom menn og kvinner kan først oppstå når begge kjenner seg frie og ingen treng å innynda seg på utspekulerte måtar. Eit samfunn der menneske ikkje kan utvikla evnene sine, men i staden må begrensa seg på dei underdanige, oppofrande og følsame måtane som blir kalla kvinnelege, er heller ikkje godt organisert, skriv Wollstonecraft. Ho såg likevel håp. I skriftene sine argumenterer Wollstonecraft sterkt for at kvinner er fornuftsvesen og at dei frå naturen har alt som skal til for at menn og kvinner kan bli likeverdige borgarar. Den sterke skilnaden mellom kva som er rekna som kvinneleg og kva som er rekna som mannleg, ønskte ho skulle forsvinna, bortsett frå «where love animates the behaviour». Utanfor kjærleikslivet tener ikkje distinksjon mellom kjønna nokon av dei, og slett ikkje utviklinga av samfunnet. I staden burde det utviklast like ideal og nøytralt språk. (Wollstonecraft prøvde å verkeleggjera dette kjønnsnøytrale språket i romanane sine, men lykkast berre måteleg.) Dessverre er også klarsynet i desse orda aktualisert denne veka. Måndag som var, hylla Arbeiderpartiets landsmøte og dei fleste mediene 70-årsjubilanten Gro Harlem Brundtland. «Maktglad», skreiv Håvard Narum i Aftenposten, som om ikkje alle toppolitikarar er det. «Fornuften» hennar understreka VGs Hanne Skartveit, som om ikkje det var like sjølvsagt. Heldigvis brukte dei to kommentatorane også meir kjønnsnøytrale ord som visjonær, fornyar og kompromisskunstnar, men Gro har fått merka opp gjennom åra at ho var kvinne på ein manns plass. Ein person som oppførte seg unaturleg når ho gjorde det som var naturleg for ein toppolitikar. Marie Simonsen i Dagbladet brukte det meste av kommentaren sin til å tematisera nett det. Odvar Nordli vitsa med at Gro ikkje var fødd, men konstruert. Ei maskin. Og folk lo og ler framleis av den replikken. Så unaturleg var og er det at ei kvinne er så dyktig i politikken. Det var jammen godt at ho grein så ofte og mista fatningen, slik at ho likevel kunne passera som kvinnemenneske for dei fleste av oss. Også Mary Wollstonecrafts namn er merka av at det blei stilt særleg krav til kvinner når dei ytra seg offentleg. Då ho argumenterte for sterkare fornuftsstyring i filosofien, blei ho kritisert for å vera for mandig. Etter at ho var død, og ugudelegheita og dei utanomekteskapelege forholda hennar kom for ein dag, blei ho kalla heks og demonisert i minst eitt hundreår. Da ho begynte å skriva meir emosjonelt i den nyskapande samlinga si med reisebrev frå Skandinavia, trykte endeleg engelskmenna henne til brystet. Ho blei kjendis som 34-åring og bøkene selde godt til trass for, eller nettopp fordi, ho utfordra dei mest kjende skribentane innan politisk og estetisk filosofi, og vekte sterk debatt. Akkurat det ser ikkje ut til å ha blitt oppfatta som ukvinneleg i England på den tida. Det var først då ho begynte på storverket sitt om den franske revolusjonen, at kritiske stemmer meinte ho gjekk inn på område som kvinner skulle halda seg unna. Til trass for at også vårt samfunn sårt treng å utnytta alle ressursar, overstyrer kjønnskrav spørsmålet om talent og kompetanse nå som dei gjorde sist på 1700-talet. Det viser reaksjonane på Susan Boyle-videoen. Det viser omtalen av Gro som overrasjonell og maktglad maskin. Det avslører også ein rapport som konkluderer med at utprega «kvinnelege» kvinnelege naturforskarar oftare står fram som forbildet på tv enn dei som ikkje er yndige. Ingen slike skjønnheitskrav ser ut til å bli stilte til de mannlege kollegaene deira. Meir enn 200 år etter at Mary Wollstonecraft skreiv Eit forsvar for kvinnas rettar, held vi oss framleis med så tåpelege oppførsels- og skjønnheitskrav at dei som lykkast best i å fylla dei, blir som veldresserte pudlar med gammaldags klipp. Det høyrest ikkje bra ut, men eigentleg har vi stelt oss verre. For pudlar er det blitt forbode å kupera halen på, men ingen har ennå forbydd dei kirurgiske inngrepa som blir brukte for å gjera menneskekroppen «rett». Og heile tida medan du les dette, medan dei to fødselsdagane blir feira og nye vakre realistdamer dukkar opp på tv, opnar stadig fleire millionar ein YouTube-video og begynnar å gråta fordi ein mildt sagt ustyla skotsk amatør syng «I dreamed a dream» i ein konkurranse på engelsk fjernsyn og opnar opp sorga over moglegheitene som kvar dag går tapt for alle som ikkje maktar eller vil tilpassa seg dette pudlifiserte utanpåsamfunnet. Publisert 24. april 2009 |