annonse:1



MORGENBLADET

Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Lys i Valerie Solanas' mørke ørken
Samtidsfestivalen setter opp ekstremfeminist nummer ein, Valerie Jean Solanas – 42 år etter hennar manifest, S.C.U.M. (Society for Cutting Up Men).

Del denne artikkelen:
| Mer
Drap nesten Warhol: Valerie Jean Solanas avfyrte tre skot mot Andy Warhol i 1968. I dramatiseringa av Sara Stridsberg prisvinnande roman, dras vi inn på rommet der Soalans ligg på dødsleiet. Foto: Nationaltheatret

 Relaterte artikler:
Eit hotellrom i Tenderloin District, San Francisco. Det er april 1988 og Valerie Solanas ligg og dør ein einsam og sakte død på ein skitten madrass. Utanfor vindauget blinkar neonskilta, og musikken frå pornobutikkane lyder dag som natt.

Scena er sett ein stad mellom draum og røyndom frå starten av. Det gjeld også stoffet oppsetjinga tar utgangspunkt i: svenske Sara Stridsbergs roman Drömfakulteten, laust basert på amerikanerinna Valerie Solanas' tragiske liv. Både råskapen frå Solanas' eigne tekstar og verkemidla i svenske Sara Stridsbergs roman får sin plass i oppsetjinga. Regien er Kjersti Horns, og i tittelrolla oppheld Trine Wiggen seg. Gisken Armand spiller den Marilyn Monroe-fikserte morsskikkelsen Dorothy, som elles er den som gir teaterstykket dets tittel. Dorothy får både Marilyn-mytar, Trollmannen frå Oz–filosofi og the American dream til å suse i rommet. Det er ho som seier at Valerie Jean Solanas skal bli president i Amerika.

Et underbarn. Sceneteksten er Stridsbergs eiga omskriving av Drömfakulteten, boka som blei tildelt Nordisk Råds litteraturpris i 2007. Den opna dørene for ei skandinavisk nylesing av Valerie Solanas og hennar manifest. Både Stridsbergs bok, manifestet og til dels framsyninga på Torshovteatret kan elles lesast som ei revurdering av kva form for mannshatar Solanas eigentleg var, kvifor ho var det, eller om ho kanskje ikkje skal kallast først og fremst det. I alle fall dersom ein les henne ein gong til, og gjerne ein gong til igjen, i 2009, og gjerne via Stridsbergs roman, som rettvist blir beskrive på det svenske bokomslaget. Den oppsummerer, utan «mannshatfakter», kvifor Solanas er ein interessant skikkelse for vår kulturhistoriske sjølv- og kjønnsforståing: «Sara Stridsbergs Valerie Solanas är ett underbarn på gränsen till undergang som både speglar och förvränger arkitekturen, berättelserna og vetenskapen som konstituerar hennar värld» (Bonnier Pocket 2006).

Kven er redd for Valerie? Der romanen skaper rom for ei poetisk-kritisk utforsking av menneskegalleriet og det større kulturkomplekset som omgir Solanas, blir teaterframsyninga ein meir skarpskoren versjon, kor Valerie møter Warhol, Cosmo Girl, Dorothy, psykologen Ruth Cooper og ein anonymisert forfattarskapnad, Daddy's girl, rundt si eiga dødsseng. Overføringa frå romanform til scenerom blir her til ei forsterking av det karakterfesta og biografiske, men bevarer samtidig den draumeaktige samanvevinga av bilde frå Solanas' liv, så vel som møte mellom myte og røyndom i kraft av konfrontasjonane mellom Valerie, dei andre, og oss …

Framsyninga opnar noko ustøtt via forfattarstemma, sett i scene av Marte Engebrigtsen, men gradvis lar eg meg overtyde. Eg blir soge inn i dette rommet kor Solanas-komplekset og filosofien hennar blir lagt til skode som rekviem over hennar eige liv. Trine Wiggens spel er blotta for sentimentalitet, men samtidig gjennomsyra av eit sterkt og rørande bilde av mennesket Solanas, som ein genuint kjempande og dødeleg einsam matriarkatsrevolusjonær.
Raseriet. Der ein kritikar av Stridsbergs roman skreiv at ho gjerne ville sitere heile boka, kjenner eg på den same trongen til å sitere Solanas' manifest i sin heilskap (som elles burde delast ut til alle i publikum, ikkje berre til journalistar). Ikkje for å oppfordre til cutting up av menn, men for å oppfordre til å ta inn over seg tekstens sprengkraft som eit oppgjer med, ein infernalsk inversjon og spegling av all den misogyni som er å lese både i filosofi-, kunst- og samfunnshistoriske verk signert av menn. Det viktige ligg kanskje ikkje i å bedømme moralen i Solanas' handlingar og det ubestridelege faktum at ho avfyrte tre skot mot Andy Warhol i 1968 (han overlevde).

Det bør skrivast fleire bøker om Solanas. Teksten hennar bør takast på alvor som eit dokument på eit fenomen som ikkje kan ugyldiggjerast same kor mykje ein ønskjer å ta avstand frå hennar brutale ord og handlingar: det (framleis undertrykte?) kvinnelege raseriet mot ei verd som dagleg melder om brotsverk kor kvinner stadig blir utradert og kutta opp på grunnlag av sin status som annanrangs, underlagt mannens vilje og vald.

Lyset. Kvinne eller mann, det speler kanskje ikkje nokon rolle når alt kjem til alt, men ta med deg den du elskar og få for all del med deg denne teaterframsyninga, og la den stå som inngang til å forstå litt meir av kva som dreiv dette mennesket til det me helst kallar vanvett. Kanskje var det lyset som skin gjennom i ørkenlandskapet Stridsberg har skreive historia hennar inn i, og som lyser mellom hennar eigne mørke manifestlinjer: All we need is love, med helsing Valerie Solanas.


anmeldelse
Valerie Jean Solanas skal bli
president i Amerika
Regi: Kjersti Horn
Spilles til 29. september



Publisert 04. september 2009

annonser: