annonse:1

MORGENBLADET

Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Ut fra skyggene
Knausgård vågar og klarer å skrive om emnet sitt som om han er den første til nokon gong å skrive om det.

Del denne artikkelen:
| Mer
Karl Ove Knausgård

 Relaterte artikler:
Før eg tek fatt på lesinga av første bindet i Karl Ove Knausgårds bok Min kamp, medan eg går i ettermiddagssola langs gatene i Oslo med begge hendene knugande om manusbunken, merkar eg at eg kjenner ei viss blanding av skepsis og spenning. Skepsis fordi bunken er så tjukk, og dette bindet på 435 sider berre er det første av seks som skal kome ut i løpet av haust og vinter. Er det ikkje litt vel drygt? Skepsis, også på grunn av tittelen: Min kamp. Kva i all verda kan forfattaren meine med å utstyre boka si med denne tittelen? Spenning fordi Knausgård med dei to tidlegare bøkene sine har vist seg som ein forfattar med så himmelstormande høge ambisjonar, og så stor evne til å leve opp til dei.


Først døden. Stemma som opnar boka er vanskeleg å plassere. Det er ei skildring av døden, først den prosessen som skjer i kroppen, og så det som skjer omkring kroppen, i kulturen, korleis døden både blir feira og stua vekk. Ingenting er originalt med skildringa eller med tematikken. To ting slår meg: Knausgård vågar å skrive om emnet sitt som om han er den første til nokon gong å skrive om det, og han gjer alt til historieforteljing. Dette har slått meg før under lesinga av Knausgård sine bøker, og det kjem til å slå meg igjen i løpet av det næraste døgnet. Han er, tenkjer eg, litt som eit romvesen som har lært seg språket til jordbuarane betre enn jordbuarane sjølv, før eg tek meg i det og kremtar høgt. Desse første sidene verkar eigentleg først litt oppstylta på meg, før ordet brått, men umerkeleg er overtatt av ein åtte år gammal Karl Ove Knausgård som sit og ser ei drukningsulykke på TV. Før eg merkar det sjølv, er eg fanga og vil ikkje legge frå meg boka, sjølv om eg straks skal setje meg på eit tog og på eit fly. Då eg endeleg legg henne ned og ser opp, er det ein ny dag i ein annan by.

Sjølvransakande. Det har heile tida vore noko sjølvransakande over prosjektet til Knausgård, men her gjer han det konkret, bokstavleg og på alvor. Etter det innleiande kapitlet skrellar han vekk forteljing og avstand, og gir oss augneblinken, Karl Ove Knausgård framfor datamaskinen. Han beskriv sitt eige ansikt slik han ser det i gjenskinet i vindauget, med djupe furer «alle likesom fylt av mørke», og spør: «Hva er det som har satt seg i det?» Han skriv også nokre enkle, men sviande innsikter om seg sjølv og dei andre:

Jeg sier aldri det jeg egentlig tenker, aldri det jeg egentlig mener, men legger meg alltid tett opp til den jeg til enhver tid prater med, later som om det de sier, interesserer meg, bortsett fra når jeg drikker, da jeg som oftest går for langt den andre veien […]. Jeg vil ikke at noen skal nå meg, jeg vil ikke at noen skal se meg, og slik har det også blitt: ingen når meg, ingen ser meg.

Er dette rein sjølvterapi? Langt ifrå. Knausgård isolerer ikkje seg sjølv berre i det verkelege livet (slik det er skildra her), men også i teksten; isolerer seg sjølv som analyseobjekt på same måten som han isolerer detaljane og hendingane han skriv om. Det dystre alvoret er, slik det står skrive, ein påstand, men det fungerer som ein katalysator for fiksjonen sitt alvor. Eg skriv «fiksjonen» sjølv om dette er ei bok som strekkjer seg mot ei sanning utanfor teksten. Den Knausgård som kjem til syne er ein tragisk figur, men også på mange måtar svært ordinær. Og denne blandinga, denne brua mellom det ordinære og det tragiske, gjer at lesaren blir lukka inn i teksten, i staden for å bli lukka ute.

Opprydding. Perspektivet i forteljinga vekslar glidande mellom det barnlege, veslevaksne og vaksne, men alt blir filtrert og sortert av det søkande blikket til den vaksne. Vi blir tekne med gjennom oppvekst og alt som følgjer med: vennskap, jenter, musikk, skilsmisse, nederlag og glimt av lykke. Han lèt ikkje idear om kronologi eller oppbygging stivne minnestraumen: Om noko fangar interessa hans, dvelar han ved det, og klarer å få entusiasmen til å smitte over på lesaren. I grunnen er Knausgård ein stor pedagog i denne monologen om seg sjølv. Oppdagar han at ein replikk treng ei bakgrunnsforklaring på 40 sider, så brukar han den plassen.

Siste halvdelen av boka handlar om faren sin død, og om oppryddinga etter han. Ryddinga av det materielle kaoset speglar den ryddinga i eit emosjonelt kaos som denne boka er. «Når oversikten over verden blir større, blir ikke bare smerten den forårsaker mindre, men også meningen,» skriv Knausgård tidleg i boka. Han seier det ikkje direkte, men ein kunne påstå at det litterære prosjektet hans er å overkomme dette problemet: Å auke både oversikta og meininga.

Framandgjering. Dette er altså endå ei historie om fordømte fedrar og fortapte søner, og dessutan om kunstens pris, kunstnarens lodd. Tematikken er velkjend, ja forslitt, og språket er på mange måtar gammalmodig, med sitt «likesom», sine naturskildringar, lange sveipande setningar og substantiveringa av ordet «dunkel», importert frå svensk.

Maktar Knausgård likevel på nokon måte å gjere dette interessant, relevant, rørande, intelligent og medrivande? Ja.

Han skriv for å kome til botns i noko, og med det analyserande, framandgjerande blikket sitt gjer han alle elementa i historia relevante, ned til dei aller minste. Etter farens død sit dei to brørne Karl Ove og Yngve i venterommet på gravferdsbyrået. Utan at det blir lagt spesielt vekt på det, kjem eit heilt avsnitt om ei fluge i rommet, som sluttar med at «fluen tok til vingene, og fløy fram og tilbake foran oss på en måte som nesten virket plaget. Til slutt slo den seg ned borte ved vinduet igjen, hvor den krøp opp og ned i forvirrede baner.»

Bevisst overspeling. Knausgård skriv: «Å skrive er å trekke det som finnes ut fra skyggene av det vi vet,» og eg tenkjer at ein forfattar som både skriv slike setningar og veit å plassere dei, treng ikkje å ta omsyn til noko som helst.

Tematisk minner denne boka om Dag Solstads 16.07.41, men eg kjem også i tankar om amerikanaren Dave Eggers’ Et forbløffende talentfullt, dypt rystende verk: Bøker der forfattaren vender blikket bakover på sitt eige liv, skriv enkelt og sanndrueleg samstundes som dei leikar med det autentiske og til slutt vel ein snodig tittel, kanskje for å underspele det kjensledrypande ved å skrive sitt eige liv. Knausgård underspeler ved bevisst overspeling. Men ingen overspelte så mykje som forfattaren av den originale Mein Kampf. Personleg stirrar eg framleis tomt og uforståande på tittelbladet av Knausgårds bok. Det er kanskje fordi eg sit i Berlin. Men det hindrar ikkje at eg sit og søkjer langt tilbake i mitt eige kaotiske minne for å hugse sist eg gledde meg så mykje til ei bok som til det neste bindet av denne.

Øystein Vidnes

Anmeldelse
Karl Ove Knausgård
Min kamp. Første bok
435 sider. Oktober. 2009

Publisert 25. september 2009

annonser: