annonse:1



MORGENBLADET

Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Tøyengata på nært hald
Nok eit levande miljø er på veg mot gentrifisering, einsretting og keisemd, hevdar samfunnsgeograf Tone Huse.

Del denne artikkelen:
| Mer
Omslag Tøyengata

Som tittelen fortel, er Tøyengata i Oslo Aust det sentrale nedslagsfeltet i boka. Tone Huse gjer bruk av dette området til å introdusera lesaren for eit større sett av tema og problemstillingar knytt til den overordna utviklinga av byen. Den kritiske granskinga er særleg fokusert på livet og lagnaden til menneske som bur eller har budd på austkanten. Huse har intervjua 60 personar, og desse tilfører boka ei rekkje forskjellige historier, mytar og vitnemål som er fletta saman med forfattaren sine eigne faglege utgreiingar. Dette gjev framdrift og dynamikk; små taktskifte som peikar inn mot stadig nye perspektiv som komplementerer kvarandre på interessante måtar.

Gentrifisering. Eit sentralt tema er spørsmålet om kva som skjer med eit byområde når det gjennomgår store forandringar. Tøyengata har gjennomlevd store endringsprosessar dei siste 30 åra, forårsaka av offentlege reguleringsplanar og byfornyingsprosjekt, og ikkje minst av private investorar og entreprenørar, som særleg dei siste 10–15 åra har drive utviklinga av Oslo Aust. For å forklara desse omveltingane nyttar Huse omgrepet «gentrifisering», som dreiar seg om korleis middelklassen tek over tradisjonelle arbeidarklassebydelar i samband med kulturelle og økonomiske transformasjonsfasar. Slik blir Tøyengata plassert i ein internasjonal og svært aktuell byteoretisk kontekst. Det mest interessante er imidlertid ikkje dei mange parallellane mellom Oslo og andre byar, men at boka går djupare til verks og ser nærare på det Huse kallar «gentrifiseringens blindfelter»: Korleis skal ein forstå det som etablerte forklaringsmodellar ikkje maktar å skildra på tilstrekkeleg vis, det som hamnar i skuggen?

Huse sin fremste nøkkel til å svara på dette spørsmålet ligg i historiene til personane ho møter, som avslører langt meir samansette problemstillingar enn det statistiske målingar og kommunale levekårsundersøkjinger får fram. Den positive propagandaen frå dei som orkestrerer gentrifiseringa – kopla til ord som fornying, vekst og framgang – kjem ofte i grell kontrast til røyndommen for dei som allereie bur i dei aktuelle områda. Høgare husleige, dyre husvære og riving av eksisterande bygg fortrenger det som i utgangspunktet gjorde området attraktivt, med den konsekvensen at mange blir tvinga til å forlata bydelen eller gjere dramatisk om på levesetta sine.

«Småbebyggelse, grøntanlegg, sosial boligbygging. Ingen av disse alternativene vinner,» påpeikar Hans Christian Lillehagen, leiar for Gamle Oslos bydelsutval, i kapittel 7. Det marknadsdrivne, nyliberalistiske apparatet som har transformert austkanten må tåla fleire slike kritiske hogg utover i boka.

Kapitalforskyving. Kritikken heng i høgaste grad saman med tankesettet til den amerikanske byforskaren Richard Florida, som blir nemnt fleire stader. Florida sin idé om den kreative klassen, det vil seie kunstnarar og andre kreative aktørar, sin positive innverknad på byutviklingsprosessar har tydeleg fått innpass hos dei som styrer utviklinga av Oslo. Tanken om at eit levande kulturliv med hippe kafear og utestader skapar vekstgrunnlag for næringsverksemd er forståeleg nok forlokkande for dei med pengar og vedtakskraft. Men, som Huse peikar på, dilemmaet med denne ideologien er at så snart eit område har blitt attraktivt i kraft av kulturproduksjonen som går føre seg der, vil dei nye aktørane som kjem inn gradvis fortrenga subkulturane og erstatta dei med noko anna; ein overgang frå kulturell kapital til økonomisk kapital.

Tøyengata er, førebels, kjenneteikna av sameksistens mellom desse faktorane. Huse nemner uavhengige kunstgalleri som Galleri MAP, GAD og GaGo, men trekk også fram den betente debatten rundt den planlagde flyttinga av Munch-museet. Omplasseringa frå Tøyen til Bjørvika synleggjer kunstinstitusjonen som forvaltar av symbolsk kapital. Styresmaktene sin instrumentelle bruk av Munch-namnet handlar meir om varemerkebygging enn omsyn til kunsten, og er slik sett typisk for ei tid då verdien av kultur ikkje blir målt etter kvaliteten på det kulturelle uttrykket, men kor vidt det kan skapa økonomisk verdi.

Homogenisering. Den økonomiske kapitalen sin inntogsmarsj får også konsekvensar for bygningar og byrom. Når det Huse kallar den entreprenøriske bypolitikken får dominera, blir det gjerne både pent og pynteleg, men i overkant einsarta. Alt det som ikkje passar inn i den nye bydelsprofilen forsvinn, anten det er den lokale bingoen, den lokale puben, gamle familiebedrifter eller importbutikkar. Her blir Grünerløkka halde fram som eit representativt døme, ein bydel som for 20 år sidan var eit mekka for uetablerte musikarar og kunstnar, som sidan har blitt sjølve symbolet på Oslo-gentrifisering: ryddig og polert, men uhyre keisamt og lite mangfaldig. Sjølv om boka til tider er litt for einsidig i kritikken av Grünerløkka, som jo framleis har eit yrande konsert- og uteliv, er bydelen ein god illustrasjon på dei tendensane Huse naustar opp i.

Identitetstap. Ei anna side ved saka dreiar seg om tilknyting til lokalmiljøet, det å kjenne seg heime i bydelen. Ein sentral påstand i boka er at unge og pengesterke innflyttarar har eit meir distansert forhold til lokalområdet samanlikna med dei som har budd der lenge. Dei nye ibuarane bryr seg ikkje så mykje om nabolaget, dei vil berre utnytta alle tilboda som finst der. Det oppstår sosiokulturelt mangfald i bydelar som Gamle Oslo og Tøyen, men ingen reell integrering mellom gruppene som lever der.

Dessutan medfører denne nye sosiale konstellasjonen endringar med omsyn til forbruk. For saman med innflyttarane kjem dei store butikkjedene, som i kraft av finansielle musklar og sinnrike promoteringskampanjar fortrenger dei lokale forretningane. Her trekk Huse fram Grønland Basar, Olav Thon Gruppen sitt såkalla «eksotiske» kjøpesenter i Tøyengata. Grønland Basar blir råka av fleire kritiske åtak i boka, både på grunn av den høgst problematiske leflinga med kulturelle stereotypiar og fordi senteret ikkje har levert den kvaliteten som var lova tidleg i prosessen.

Ein fare med slike perspektiv er at kritikken av det nye fort kan bikka over i reinspikka nostalgi, eit element som definitivt er til stades i mange av forteljingane i boka. Huse er heldigvis påpasseleg med å setje påstandar opp mot kvarandre, både gjennom eigne kontekstualiseringar og gjennom dei ulike meiningsytrarane som kjem til orde.

Tryggleikstyranniet. Grønland Basar er også utgangspunkt for ei interessant utgreiing om korleis tryggleikstiltak og overvaking har gjort seg sterkt gjeldande i Oslo dei siste åra. I intervjuet med vektersjefen på senteret kjem ulike former for sosial segregering tydeleg fram: Folk som hamnar i den ugreie kategorien «uønskede elementer» får ikkje tilgang til fasilitetane og blir nøye overvaka. «Slik samfunnet etter hvert har blitt, må det bare bli sånn,» som vektersjefen sjølv seier det.

Men tryggleik er eit relativt omgrep, slik Huse ser det. Den vekterstaten som for tida er i framvekst i Oslo gjev kanskje tryggleik for somme, men skapar samstundes eit sivilsamfunn som i aukande grad er underlagt teknologiserte, usynlege maktstrukturar. Dette kastar også lys over eit anna problem ved byutviklingsprosessane i Oslo, nemleg at dei som har kontroll over desse maktstrukturane er lite villige til å kommunisera med folk på grasrotnivå.

Tøyengata er ei velskriven bok som byd på svært relevante innsikter om Oslo så vel som austkanten. Kombinasjonen av nærblikk og overblikk, historie og samtid gjev ei velfungerande veksling som driv lesaren frå heilt spesifikke tema, til dømes integreringspolitikk, til eit større spekter av problemstillingar. Tone Huse har skrive eit smart, perspektivrikt og spanande bidrag i debatten om Oslo.

Even Smith Wergeland er doktorgradsstipendiat ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

anmeldelse
Tone Huse
Tøyengata. Et nyrikt stykke Norge
218 sider. Flamme forlag. 2010

Publisert 09. juli 2010

annonser: