annonse:1



MORGENBLADET

/ -->Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Skoletaperne
Sva­ke fag­le­ge pres­ta­sjo­nar, bråk i ti­ma­ne og mis­nøye rår i norsk skole. Vi har kon­fron­tert dei an­svar­le­ge.

Del denne artikkelen:
| Mer
Dei ansvarlege: Tre av arkitektane bak den norske skolen, utdanningsministrane. Frå venstre, Magne Bondevik (Krf, 1983–1986), Kristin Clemet (H, 2002–2005) og Jon Lilletun (Krf, 1997–2000). Il­lust­ra­sjon: Motorfinger

 Relaterte artikler:
Tysdag denne veka klokka 11.00: I ein sal i regjeringskvartalet sit tre alvorstynga, dresskledde menn på eit podium. Framfor dei eit stort presseoppbud.

– Er ministeren stolt over resultata i skolen?

– Har Noreg den skolen vi treng?

– Kva skal gjerast?

Spørsmåla frå salen haglar. Utdanningsminister Bård Vegar Solhjell, Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet og utdanningsdirektoratets kommunikasjonsdirektør Helge Lund svarar.
Solhjell seier at han iallfall ikkje kjem til å setja i gang ei stor reform.

– Vi må sjå på det vi har og få til ei gradivis betring.

Svake prestasjonar. Ærendet på pressekonferansen denne dagen var å presentera resultata frå dei nasjonale prøvane. Femte- og åttandeklassingar er testa i lesing og matematikk. Undersøkinga viser at foreldras utdanningsbakgrunn spelar stor rolle for unganes prestasjonar. Det er elevar med ressurssterke foreldrer som er vinnarane i dagens norske skolesystem. Men det var kanskje ikkje dit politikarane ville?

Nyleg publiserte resultat frå den internasjonale Pisa-studien viser at norske elevar ligg under OECD-gjennomsnittet i både i rekning, naturfag og lesing. Skolen er inne i ein nedadgåande spiral. Prestasjonane i desse faga har gått nedover i forhold til Pisa-undersøkingane i 2000 og 2003. Den internasjonale leseundersøkinga Pirls vart offentleggjort i slutten av november. Pirls peikar i same lei. Dei norske elevane presterer vesentleg dårlegare enn elevane i dei andre nordiske landa. 45 land var med i undersøkinga. Norske elevar kom på 35. plass. Men den norske skolen hamnar i toppsjiktet på eitt felt: bråk og uro i timane.

No kviler ansvaret for alt dette på Bård Vegard Solhjells skuldrer. Morgenbladet har snakka med dei som har skapt den norske skolen som han stig fram i dag – dei tidlegare utdanningsministrane.

Svake resultat. Har vi ei krise i den norske skolen? Krise er eit for sterkt ord, meiner eks-ministrane Kristin Clemet og Øystein Djupedal. Men dei er einige om at det ikkje står bra til. Tidlegare utdanningsminister Gudmund Hernes går med på å kalle det krise, under visse føresetnader.

– Viss det å kalla det ei krise får ein til å gjera meir raskare, så er det greitt, seier Hernes.

– Ein skal ta desse undersøkingane på alvor. Dei viser at det står for dårleg til, seier Kjell Magne Bondevik. Han er medansvarleg for situasjonen som utdanningsminister mellom 1983 og 1986 og seinare som statsminister i sju år. Han får følgje av sin partifelle Einar Steensnæs, som sat i ministerstolen frå 1990 til 1991.

– Vi kan ikkje godta dei resultata som no blir lagt fram for skolen ut frå dei ressursane vi brukar på skolen, seier Steensnæs.

Disiplin. Clemet, Hernes og Djupedal er einige om at bråk og uro i timane er eit problem i den norske skolen. Steensnæs seier at skolen treng «ro og orden og displin» og legg raskt til «då meiner eg ikkje prøyssardisiplin». Også Bondevik sluttar seg til ønskjet om meir ro og disiplin.

Kristin Clemet lanserte sitt slagord om kunnskap i skolen då ho gjekk på som utdanningsminister i 2001. Ho fekk fire år som minister. I 2006 presterte elevane dårlegare enn i 2000. Men ho er slett ikkje sikker på at det er ho som skal lastast for dette. Når ansvaret skal fordelast meiner ho at flasketuten peikar på Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiets skole. For å gjera nettopp det må vi gå litt tilbake i tid. Til 1970-talet. Enkelte meiner det var her det skar seg. Arbeidarpartiet ville så mykje med sin skolepolitikk. I partiets velmaktsdagar vart skolen forstått som ein reiskap for å forma samfunnet.
«Også her som i det internasjonale samfunnet av nasjoner er oppgaven å rydde bort alle klasseskiller og å utforme et samfunnssystem der økonomisk likhet, sosialt likeverd og samarbeid i større grad kan erstatte den individuelle konkurransen.» Desse store orda stammar frå innstillinga til Steen-komiteen. Deira arbeid førte til oppretting av den vidaregåande skolen. Leiar var Reiulf Steen. Han har vore arbeidarpartileiar, og var også leiar for kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget frå 1981 til 1985.

Steen understrekar at kva skolesyn ein har, også heng saman med kva samfunssyn ein har.

– Eg blir irritert på den einsidige skoledebatten. Pisa og nasjonale prøvar, måling og testing er det som einsidig dominerer den offentlege samtalen om skolen. Ein snakkar om matte, språk og naturfag. Viktige verdiar som skal fremjast gjennom skolen som empati, medkjensle og omsorg er ikkje målbart, og blir gløymd bort, seier Steen.

Det heile mennesket. Reiulf Steen tilhøyrer den gamle skolen. Ikkje den med spanskrøyret og kadaverdisiplin, men reformpedagogikken. Omsynet til eleven vart sett høgt, skolen skulle ta ansvar for utvikling av heile mennesket.

– Arbeidarpartiet og venstresida dominerte skolepolitikken gjennom fleire tiår. No er dette tapt. Det er Clemet og høgresida, måling og testing som har vunne fram.

Steen knyter dette til 1990-talets store skolereformator Gudmund Hernes. Han meiner det byrja gå gale for Arbeidarpartiets skolepolitikk med Hernes.

– Eg er kritisk til Hernes sine reformar. Det har ikkje vore særleg vellukka. Ein har lagt veldig stor vekt på innlæring, heller enn å stimulera til kunnskapstørst, seier Steen.

Reformatoren. Gudmund Hernes reformerte både den vidaregåande skolen og grunnskolen i si tid som minister. Han blir i ettertid særleg hugsa for si vektlegging av prosjektarbeid. Dei elevane som vart testa i den nyleg offentleggjorte Pisa-undersøkinga har følgt hans læreplan, L97.

Han blir kritisert av Steen, men får til gjengjeld eit godt skussmål frå Høgres Kristin Clemet. Ho rosar Hernes for å vera meir kunnskapsorientert enn den gjengse Arbeidarparti-skolepolitikaren. Hernes tek avstand frå 1970-åras reformpedagogikk.

– Eg har alltid vore kritisk til reformpedagogikk. Eg har kritisert reformpedagogikken i 15 år. Samtidig har denne bidratt med viktige innsikter om at elevane ikkje skal få øydelagt sjølvoppfattinga og lærelysta si gjennom skolen og ufølsomme lærarar.

– Er læraren i for stor grad blitt ein tilbaketrekt rettleiar?

– Ein treng ikkje å ha lese Fluenes Herre for å forstå at ein ikkje kan overlata elevane til seg sjølv. Ein må ta grep, men det treng ikkje vera med spanskrøyr.

– Ønskjer du at du hadde gjort noko annleis?

– Hovudgrepa mine står eg ved, men fleire av desse vart endra før dei vart gjennomførte. For eksempel vart kunnskapsinnhaldet i læreplanane svekka, både av Lilletun og Clemet. No ser eg at for eksempel Utdanningsforbundet ønskjer meir av dette tilbake.

– Tek du sjølvkritikk når du ser på tilstanden i norsk skole i dag?

– Absolutt, det er mange ting å ta sjølvkritikk for, både i smått og stort. Av det små, for eksempel kutt i gymtimar. Det verste er at vi ikkje fekk gjort noko med innhaldet i og innstillinga til lærarutdanninga ut over å auka omfanget med eitt år.

Kunnskaps-Clemet. Kristin Clemet kom i 2001 seglande inn i som utdanningsminister på slagord om kunnskapsskolen. Kunnskapsløftet 2006 er hennes verk.

– Det har vore for lite vekt på kunnskap i skolen. Det er venstresidas verk.

– Venstresidas fallitt, så å seia?

– Ja. Men det er ingen førsetnad for fallitten i skulen at ein har følgt Arbeidarpartiets skolepolitikk. Også andre skolesystem kan feila. For eksempel er det dette som har hend i Frankrike og Italia.

– Du vil ikkje ta dei svake elevprestasjonane på di kappe?

– Regjeringa Bodevik II sto bak kunnskapsløftet som vart iverksett i 2006. Dette fekk ei brei oppslutting. Eg er sikker på at vi fekk gjort noko smart der. Nokre tiltak kan ha uheldige biverknader. Andre kan visa seg ikkje å fungera.

– Er det noko du ville gjort annleis?

– Av ein million tiltak som eg sto bak… Eg ville ha gjort om på gjennomføringa av dei nasjonale prøvane. Det fungerte ikkje til punkt og prikke.

– Dette er ikkje ein dag der vi får sjølvkritikk frå deg?

– Eg vil ta sjølvkritikk når det kan dokumenterast at eg har grunn til det. Eg tek ikkje sjølvkritikk på bakgrunn av analyser frå politiske motstandarar.

Spegelen. Gudmund Hernes nektar å la Clemet få siste ord om kven som har ansvaret.

– Historie er ikkje Clemets fag. Det siste kvarte hundreåret har Willoch leia regjeringa i seks år. Dei borgarlege og venstresida har styrt og hatt utdanningsministeren omtrent like lenge: dei borgarlige i 12 år, venstresida i 14. Clemets diagnose har alltid vore at dei andre har skulda. Ho har brukt Pisa som eit slags prov på dette. No seier Pisa også noko om hennar tid. Dei to ministrane som har sitte lengst med ansvaret er eg, som sat i fem år, og ho, som sat i fire. Ho ser ut til å ha gløymt si eiga statsrådstid. Vi får alle ta ansvar. I si leiting etter ansvarlege burde Clemet også ta ein kikk i spegelen.

Framtida. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell er førebels berre ansvarleg for det som skal skje. Han forsikrar om at han ser alvorleg på situasjonen. I VG denne veka presenterte han si oppskrift – vekk med elevanes ansvar for eiga læring, styrking av læraranes kompetanse og gjenreising av lærarautoriteten står på programmet.

Ettertida vil visa kva han skal haldast ansvarleg for.


Publisert 07. desember 2007

annonser: