annonse:1



MORGENBLADET

/ -->Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Forskningens død
Eliteuniversiteter kveler den akademiske kreativiteten, mener en av Tysklands fremste sosiologer.

Del denne artikkelen:
| Mer
Sakkar akter ut: Det er lenge sidan Wilhelm von Humboldts universitet hadde si glanstid. Sjansen for at ein av desse studentane fra Göttingen (bildet) kan enda i eit internasjonalt toppsjikt har vorte mindre, men politikaranes reformtiltak møter også motbør. Foto: Nigel Treblin/Scanpix

 Relaterte artikler:
Denne veka skulle han legga fram analysane sine på Universitetet i Bergen på konferansen Knowledge and Politics. Men flyplasstreiken gjorde at konferansen vart avlyst. Morgenbladet bringer her smakebitar frå foredraget ingen fekk høyra.

– Ein ønskjer å styrka tyske universitet i ein internasjonal samanheng, men det som skjer er ei forverring av vilkåra for dei aller fleste, seier Richard Münch til Morgenbladet.

Kartelliknande nettverk, oligarkiske strukturar og ein monopolsituasjon som kveler både nytenking og arven frå Humboldt. Dette er det Richard Münch ser når han har undersøkt følgjene av den tyske elitesatsinga for universitet og høgskular. Den knusande dommen over den tyske politikken for toppuniversitet har han publisert i ei bok med tittelen «Den akademiske eliten».

Hindrar konkurranse. Boka skapte stor debatt då ho vart utgitt i Tyskland i fjor sommar. Det handlar om pengar, fordelingsnøklar og om den dominerande rolla til det tyske forskingsrådet (DFG).

Systemet klarar ikkje å fanga opp kreativitet eller nytenking, og nokre få stikk av med storparten av pengane. Konsekvensane av elitesatsinga er trugande, hevdar Münch.

– Elitesatsinga hindrar konkurranse mellom universitet, det reduserer mangfaldet og hindrar kreativitet, seier Münch.

Det som går tapt er mangfaldet av kunnskap. Münch spår det han kallar «massedød av vitskapleg kreativitet». Kritikken hans er delvis ideologisk, og delvis retta mot uintenderte konsekvensar av politikken. Korleis dette skjer, skal vi straks koma tilbake til. Men kven er denne Münch, og kva er det som gjer hans dystre diagnose så interessant?

Stjerneakademikar. – Richard Münch er rangert som ein av Tysklands fremste sosiologar, han er kanskje den fremste, fortel Tor Halvorsen, leiar for forskargruppa Kunnskap og politikk ved Universitetet i Bergen.

– Han er breitt skolert, og har jobba med sosiologisk teori og vitskaplege grunnproblem, seier Halvorsen.

Då Münchs breitt anlagte, empiriske studie vart presentert i bokform, hevda meldaren i den prestisjetunge avisa Süddeutsche Zeitung, at boka «måtte høyra med i grunnutrustinga til alle universitetsfolk som enno ikkje er blitt valsa flate av universitetsreformanes dampvegvals.»

Eliteuniversitet. Omlegginga og elitesatsinga er motivert ut frå internasjonal konkurranse og ønskje om høgare rangeringar for tyske institusjonar. Tyske politikarar ønskjer seg fleire «global players» i det internasjonale toppsjiktet. Slike ambisjonar driv fram universitetsreformer i heile EU-området no om dagen. Det norske Stjernø-utvalet la fram sine svar desse utfordringane i januar i år.

– Kva kan Münch tilføra den norske diskusjonen i kjølvatnet av Stjernø-utvalets innstilling?

– Tankegangen om elitesatsing står sterkare i Noreg no gjennom satsinga på senter for fremragende forsking. Vi ser også at folk som Rune Slagstad og Iver B. Neumann stadig prøvar å få med politikarane på ei satsing på Oslo som eliteuniversitet. Retorikken dei brukar er lik den som ligg til grunn for den tyske elitesatsinga, det er berre storleik og konsentrasjon som tel og Noreg har berre ressursar til å satsa på eitt toppuniversitet, seier Halvorsen.

– Kva med kartelldanningar som Münch er så oppteken av?

– Ut frå den sterke rolla Norsk Forskningsråd har på forskingsfeltet i dag, kan det koma liknande tendensar i Noreg.

Einsemd og fridom. Det er lenge sidan 1810 og Wilhelm von Humboldts dagar. Universitetet han grunnla vart modell for universitet verda over. Grunnprinsippet i den humboldske modellen var å integrera forsking og undervisning i einsemd og i fridom. Sidan då har tyske universitet sakka akterut.

På den berømte og berykta Shanghai-indeksen er det beste tyske universitetet rangert som nummer 53. Totalt er seks tyske universitet med blant dei 100 beste på indeksen. Tyske forskarar dreg heller ikkje inn like mange Nobelprisar som tidlegare. I perioden frå 1991 til 2004 har tyske forskarar berre fått to.

Svaret frå politikarane har vore elitesatsing, der nokre få utvalde får tildelt store ekstrasummar til enkelte prosjekt. Ni utvalde universitet får ekstra middel til sin framtidsstrategi, desse blir kalla dei tyske eliteuniversiteta.

Kronisk underfinansiert. Den tyske universitetssektoren har tidlegare vore prega av mange gode universitet, utan eliteinstitusjonar som det britiske Oxford eller Cambridge. Toppmiljø har eksistert ved ulike universitet på ulike tidspunkt.

– Universiteta har hatt like vilkår. Som professor har ein hatt same vilkår for forsking i Kiel som i Saarbrücken, seier Münch.

Gjennom fleire tiår har universitetssektoren vore kronisk underfinansiert. Eksterne forskingsmiddel har vore ein essensiell del av finansieringa. «Det er ikkje slik ein føresteller seg eit eliteuniversitet,» rapporterte vekeavisa Die Zeit frå Ludwig-Maximillians-universitetet i München, eit av dei utvalde eliteuniversiteta i fjor. Avisa fann nedslitne bygg, fallande murpuss, og forelesingssalar som var stengte på grunn av helsefare.

Ein slutta krins. Det er i fordelinga av pengar at det har oppstått eit maktkartell, ein slutta maktstruktur som kanaliserer forskingspengar i ei bestemt retning, meiner Münch. 17 av dei 102 tyske universiteta får halvparten av løyvingane frå det tyske forskingsrådet. Dei same miljøa har også fleirtal i dei utvala av forskingsrådet som løyver pengar. Løyvingane er i sin tur eit av dei sentrale punkta som blir vurdert når pengane i elitesatsinga blir vurdert.

– Konsekvensen er ein matteuseffekt. Den som har mest, får meir, seier Münch.

Elitesatsinga forsterkar maktkonsentrasjonen.

Lite produktive elitar. Kriteria som blir brukt for å plukka ut eliteprosjekta måler ikkje kvalitet på ein god måte, meiner Münch.

– Dei utvalde universiteta er ikkje meir produktive enn andre. Eliteuniversiteta klarar ikkje å nyttegjera seg dei ekstra pengane dei får, seier han.

Münch har påvist at meir pengar ikkje resulterer i fleire publikasjonar per medarbeidar. Det er heller ikkje eliteuniversiteta som dreg inn mest pengar per forskar. Ludwig-Maximillians-universitetet i München dreg inn 22 800 euro (cirka 180 000 norske kronar) per forskar, medan universitetet i Bayereuth får inn 30 000 tusen euro per forskar.

– Dei som dominerer forskinga er eit maktfelt, ikkje eit kompetansefelt, meiner Münch.

Andre kriterium ville ha gitt andre eliteuniversitet.

Fyrtårn. Tidlegare var omgrep som «like moglegheiter» og «mangfald» honnørord i tysk forsking. Elitesatsinga har innført nye honnørord; «differensiering», «fyrtårn» og «internasjonal konkurranse» er sentrale i det nye vokabularet. Konsekvensen av å satsa på fyrtårn er at dei mange i tysk forsking blir ofra, til fordel for satsing på ein liten, utvald kaste, meiner Münch.

– Politikaranes satsing på eliteinstitusjonar undergrev dei nasjonale føresetnadene for akademisk suksess. Satsinga hindrar konkurranse, mangfald og kreativitet, legg han til.

Münch trur sektoren som heilskap vil tapa på satsinga, fordi det ikkje lar seg planleggja kor særleg kreativ forsking kjem til å oppstå.


Publisert 23. mai 2008

annonser: