|
Skriv inn din e-postadresse for å motta Morgenbladets nyhetsbrev hver fredag.
Sentralbord:
Tlf: 21 00 63 00 Faks: 21 00 63 01 E-post: redaksjon@morgenbladet.no Kronikker- og debattinnlegg sendes til: debatt@morgenbladet.no kronikk@morgenbladet.no Adresse: Morgenbladet as Karl Johansgt 25 0159 Oslo Redaksjon Alle saker |
Mistet håpet
Steinar Stjernø tror regjeringen vil legge universitetsreformen på skraphaugen.
Det var på eit frukostmøte på Høgskolen i Oslo sist veke at leiaren for Stjernø-utavalet la fram sin analyse. Framfor ein fullsett sal hevda Stjernø at etter tidlegare kunnskapsminister Øystein Djupedals kvileskjer og statsrådsbyttet i fjor haust, vil det ikkje vera politisk mogleg for hans eige parti, SV, nok ein gong å legga seg kraftig ut med sektoren. I januar i år la Stjernø-utvalet fram si innstilling til ny struktur i høgare utdanning i Noreg. Eit sentralt punkt i innstillinga var at 38 institusjonar innanfor høgare utdanning skal reduserast til ti eller åtte gjennom nedleggingar og samanslåingar. Den skarpe kritikken frå sektoren har ikkje fått Steinar Stjernø til å tenkja annleis om innstillinga, berre om moglegheitene for å gjennomføra forslaga. I innlegget sitt viste han til sin eigen motstand mot innstillinga til Ottosen-komiteen på 1970-talet. Den gong var det også sterke protestar. «Ottosen hadde rett, og vi kjem til å få rett», sa Stjernø. Ikkje høflegheitsfraser. Overfor Morgenbladet utdjupar Steinar Stjernø resonnementet sitt slik: – Då utvalet la fram innstillinga sa statsråden at ho ville lytta til synspunkta frå sektoren. Det var neppe berre ei høflegheitsfrase. SV har svikta det truverdet dei har hatt blant tilsette og studentar i høgare utdanning gjennom si manglande oppfølging av lovnadene i regjeringserklæringa og dei budsjettkutta regjeringa påla Djupedal. Framfor eit valår kan det ikkje verka særleg freistande å fremma nye reformer som ikkje har støtte i sektoren. Stjernø viser til at representantar både frå regjeringspartia og opposisjonspartia var raske med å lufta sin skepsis, også før dei hadde lest innstillinga. – Ettersom det også kan henda at statsråden ikkje er einig i utvalet sitt hovudgrep heller, legg eg alt i alt til grunn at det ikkje blir nokon strukturreform denne gongen, seier Stjernø. – Har du fått konkrete signal frå ministeren om dette? – Eg har ikkje fått nokon signal verken i den eine eller den andre retninga, men eg brukar å kunne lesa ein politisk situasjon. Kva vil Aasland? Kristin Clemet heldt foredrag saman med Stjernø på Rune Slagstads frukostmøte. – Slik det vart presentert, kan det høyrast ut som om SV ikkje har krefter til å gjera det dei meiner er rett, sjølv om dei altså er i ei fleirtalsregjering. Det blir ein debatt om demokratiske prosessar og styringsmoglegheiter. Kjell Magne Bondevik brukte å seia at det er utruleg kva ei mindretalsregjering kan få til. Reformer som «alle» meiner er nødvendige kan bli liggjande også om regjeringa har fleirtal. Det gjeld å ha vilje til å også kunne ta upopulære avgjerder, seier den tidlegare utdanningsministeren. Distriktsinteresser styrer. Høyringsfristen for innstillinga frå Stjernø-utvalet går ut neste veke. Alt no har Regionrådet for indre Helgeland, Sør-Østerdal og Universitetet i Stavanger oversendt merknader der dei åtvarar mot storstilt samanslåing. Universitetet i Bergen kjem til å seia det same i sin høyringsuttalelse. Då innstillinga vart lagt fram uttalte Senterpartileiar Åslaug Haga at «vi sit ikkje i regjering for å leggje ned høgskuletilbod ute i distrikta». – Er det distriktsdebatten som har forrang i diskusjonen? – Vi må spørja oss om kva interesser og aktørar som er førande i diskusjonen. Eg trur ikkje at det vil vera kvalitet. Eg trur at aktørar av distriktspolitisk art vil ha forrang, seier Clemet. Civita-leiaren understrekar at ho er kritisk til mange av Stjernø-utvalets forslag. – Utvalet legg opp til samanslåingar og ein fleircampusmodell. Slike samanslåtte institusjonar vil ha store styringsutfordringar. Samanslåingane av sjukehus har ikkje akkurat løyst styringsproblema i sektoren. Utvalet legg dessutan til grunn at storleik og konsentrasjon i seg sjølv er bra. Men slik eg ser det, er det ingen klår tendens i verda som seier at store institusjonar fører til høgare kvalitet i forskinga, påpeikar Clemet. Den avlyste regionreforma. Rektor ved Høgskulen i Volda, og professor i kommunal planlegging og administrasjon, Jørgen Amdam, trur ikkje Tora Aasland kjem til å gå inn for ein storstilt nedleggings- og samanslåingsprosess. – Det som først og fremst taler mot gjennomføring av Stjernø si strukturreform er at regionreforma vart lagt på is. Det var lagt opp til ein harmoni mellom den nye universitets- og høgskulemodellen og regionane. Regionale forskingsfond kunne ha gitt viktige innspel til sektoren. Dette momentet har no forsvunne, seier han. Amdam trur også at den sterke motstanden i sektoren vil gjera gjennomføring vanskeleg. Han understrekar at fleire andre av utvalets forslag kan og etter hans meining bør få leva vidare. – Forslaget inneheld mange positive element om kompetansebygging i profesjonsutdanningane, forskarskular og samarbeid i høgskulesektoren, seier Amdam. Eit spørsmål om pengar. Leiaren for Universitets- og høgskolerådet, Jarle Aarbakke, trur ikkje at alt står og fell på strukturreforma for SV sin del, men at problemet ligg i utbreidd misnøye. – Steinar Stjernø har betre inntak i SV-krinsar enn meg. I universitets- og høgskulesektoren er det mange som stemmer til venstre, og som har hatt høge forventningar til SV og den raudgrøne regjeringa. No registrerer eg til dels djup frustrasjon i sektoren, ikkje berre mot SV, men mot heile regjeringa. Viss regjeringa ikkje gjer noko med dette, set ho seg i ein vanskeleg situasjon framfor valet i 2009. – Kva må regjeringa gjera for å vinna tillit? – Vi har konkrete innspel til og tru på ministeren vår. Sektoren vil ha tilbake to kvileskjer. Ein må kunne tilsetja folk i stillingar. Viss ikkje Jens Stoltenberg gir forskingsministeren rom til dette, har han plassert henne og SV i ein gisselsituasjon, seier Aarbakke. Publisert 25. april 2008 |