Aktuelt

Hva er det ultimate nyttårsforsettet?

Hva med å «ha det gøi»?

Hele familien min har store planer for hvordan de skal bli bedre mennesker i 2022. Nyttårsforsettene varierer fra tema som økonomi og mindre forbruk, til slanking og mer trening, eller mindre skjermtid og mer frivillig engasjement. Alt dette er jo flotte ambisjoner, men jeg er usikker på hvor jeg skal legge inn innsatsen min det neste året. Det jeg lurer på er: Hva er det ultimate nyttårsforsettet for et «nytt og bedre liv»?

Hilsen en med forbedringspotensial og store forhåpninger for 2022

Kai Arne Hansen, musikkviter og kjønnsforsker

Eg trur ein kan slå fast at det er vanskeleg (umogeleg?) å einast om kva som er «det ultimate» nyttårsforsettet for eit nytt og betre liv. Dette er fordi nyttårsforsett oftast er baserte på subjektive verdivurderingar, noko som kan skimtast i den variasjonen du sjølv viser til i døma dine. Som eit utgangspunkt kan ein då spørje seg: Kva for kvalitetar og eigenskapar er det eg verdset eller beundrar? Eit konstruktivt og realistisk nyttårsforsett bør vere tett knytt til eigne interesser, verdiar og syn på kva som definerer «eit godt liv». Mot dette bakteppet skal eg likevel forsøke å kome med eit meir konkret forslag til korleis du og alle andre kan forbetrast i det nye året, sjølv om eg nok vil avsløre meir om mine eigne verdiar enn om ei universell vinnaroppskrift.

Som musikkvitar føler eg meg nær forplikta til å påpeike at musikkopplevingar har mykje å tilby både sinn og sjel. Eit godt svar på spørsmålet ditt kan følgjeleg vere å lytte til meir ny musikk. Musikalske ytringar fungerer som inngangsportar til ulike opplevingar av verda, ulike kjensler og ulike måtar å vere menneske på. Eg trur verda vert betre (korleis ein no enn skal definere det) av at me alle er nysgjerrige på kvarandre, og opne for å lære meir om ulike kulturar, tradisjonar og praksisar. Musikk er eit ypparleg springbrett for nettopp dette! Utforsk ein musikksjanger du ikkje er fortruleg med, be vener og kjente om forslag til naudsynt lytting, gå på konsert (når smitteomsyn tillèt det) eller lær deg å spele eit instrument! Slik kan du lære både deg sjølv og andre betre å kjenne. Kort sagt – nye musikkopplevingar kan bidra til å utvide opplevingshorisontane våre. Er ikkje det flott?

Om du mot ikkje skulle vere glad i musikk, kan eit tilsvarande nyttårsforsett i breiare forstand vere: søk nye opplevingar! Vær nysgjerrig på det livet har å tilby, og utforsk kva det er som gjer at du har det godt med deg sjølv. Ei studie frå i fjor fann at ein har større sjanse for å etterleve nyttårsforsett som er retta mot det å gjere noko heller enn å avstå frå noko. Gjer og prøv då så mange nye ting som du orkar, så ligg alt til rette for suksess i ein eller annan forstand. Godt nytt år, og lukke til med nyttårsforsettet!

Marte C.W. Solheim, innovasjonsforsker

Eg skriv svært ofte «to-do»-lister, og grunna pandemien, og utstrekt bruk av heimekontor, så ligg desse listene lett tilgjengelege i heimen, anten på heimekontoret eller i stova.

Dottera mi har sett desse og har nokre gonger tatt seg fridomen med å legge til nokre punkt på listene. Ein gong var det «Du er snill» (og med ein slik firkant for avkryssing framfor), ein annan gong «Du er kul».

Eg må innrømme det at eg følte meg snillare og kulare med ein gong. Eg kjente også på takksemd.

Det er gjennomført fleire studiar på takksemd. I til dømes studien av Grant og Gino med namnet «A little thanks goes a long way» vert det skildra korleis dei undersøkte samanhengen mellom leiarar som uttrykte takksemd og prestasjonen deira i arbeidssamanheng.

Her fann dei positive utslag på produktiviteten hos dei som var sett til å gjennomføre ringerundar knytt til ei pengeinnsamling og som vart personleg takka dei av ansvarlege direktørane. Kan hende tenkjer du at takk i seg sjølv ikkje er «all verda», men den studerte effekten i studien her substansiell.

Kan hende kan det vere eit godt nyttårsforsett? Å tenke på korleis du kan takke og sjå ein kollega eller ein ven?

Listeføringa mi har òg smitta over på dotter mi, som ei eg fann der det stod:

- pusse tenner

- kle på meg

- re opp senga

- gjøre meg klar til skolen

- ha det gøi!!!!

Kan hende kan det vere ei viktig påminning for mange for oss? Å legge til «ha det gøy» på «må gjere»-lista og nyttårsforsett?

Og som Kai Arne skriv over, så er det å fokusere på alt det kjekke ein kan, heller enn på avgrensingane, så umåteleg mykje gøyare!

Mari Elken, forsker på høyere utdanning

Svaret her vil kreve en viss fortolking av spørsmålet. Hva betyr «ultimat»? Det mest ambisiøse, det som egentlig er gjentakende fra år til år, eller noe nytt som samtidig har et snev av realisme? Jeg vil uansett driste meg til å si at de aller fleste kan dra nytte av mer utdanning. Det kan jo hende at jeg foreslår dette fordi jeg er litt over gjennomsnittet interessert i det som har med høyere utdanning å gjøre. Men – det er flere gode grunner til å få seg litt faglig påfyll. Det er nyttig uansett om du har utdanning fra før eller ikke, om du allerede har drømmejobben, eller om du egentlig vil bytte beite.

Hvis du ikke er faglært – hva med å se på muligheter for å bli det? Gode muligheter for bedre lønn og en fin måte å redusere sjanser for å bli offer for nedbemanning. Har du høyere utdanning fra før, kan du gjerne bygge på denne. Har du en bachelor, hva med en master for å spisse kompetansen? Om det ikke frister, hva med etter- og videreutdanning? Få den spesialiseringen du egentlig hadde tenkt å ta, men ikke faktisk får gjennomført? Hvis det bor en liten forskerspire i deg, hva med å vurdere en doktorgrad? Hvis alt dette blir for mye, har de fleste universiteter og høgskoler i Norge også opptak til enkeltemner. Hva med å lære litt mer om verdens religioner, programmering, kunsthistorie eller botanikk? For å friske opp kompetansen din på det du allerede holder på med, for å få noen helt nye ferdigheter, eller for å lære noe bare fordi det er interessant?

Det er nok ikke et universitet eller en høgskole (eller et studiesenter) på hvert nes i Norge (i alle fall ikke ennå ...), men det er nok av studiesteder likevel, og det finnes også et hav av digitale tilbud. Du kan selvsagt også melde deg opp til en eller annen MOOC (såkalt massive online open course). Men jeg ville likevel slå et slag for enkeltemner i Norge – for det er jo nesten litt koselig å føle på litt eksamensnerver for å bryte opp pandemiens ensformighet.

Hvorfor skal du dra deg gjennom noe slikt? Mer utdanning har flere fordeler. De fleste studier i ulike land viser at de med høyere utdanning blant annet har bedre helse, lavere arbeidsledighet og bedre lønn. Et enkeltemne gir trolig ikke alt dette, men det er faktisk ganske morsomt å lære noe nytt.

Dermed blir svaret mitt på spørsmålet om hva er det ultimate nyttårsforsettet for et «nytt og bedre liv» følgende: Jeg skal utfordre meg selv faglig og få mer utdanning.

Mer fra Aktuelt