Kommentar

Frå KrF kom det ein kritikk som tok meg litt på senga, skriv Sveinung Rotevatn.

---

Sveinung leser nyhetene

Politikere leser nyheter med rødpenn.

Faste skribenter i spalten: Sveinung Rotevatn fra Venstre, Lan Marie Berg fra Miljøpartiet De Grønne, Alexander Zlatanos Ibsen fra Høyre og Magnus Marsdal fra tankesmien Manifest.

---

Eg les i avisa at Knut Arild Hareide meiner den blågrøne regjeringa er yttarleggåande sekulær. Det er freistande å spørje kva KrF-leiaren meiner alternativet skal vere.

Då Jeløyerklæringa vart presentert søndag 14. januar, hagla det med kritikk frå opposisjonen. Delar av kritikken var velkjent («skattelette til dei rike og privatisering!»), delar var litt forunderleg («tidenes mest EU-vennlige regjering!») og delar oppfatta eg mest som eit kompliment («regjeringen svikter oljenæringen!»).

Men frå KrF kom det ein kritikk av regjeringserklæringa som tok meg litt på senga. Til ABC Nyheter konstaterte Knut Arild Hareide at den nye regjeringa er «ytterliggående sekulær». KrF-leiaren slo fast at «de kristne verdiene har en betydning for vårt samfunn og bør anerkjennes av regjeringen».

At kristendommen og kristne verdiar har ei betydning i vårt samfunn er openbart. Men kva ligg det eigentleg i KrF sitt ønske om at desse verdiane «anerkjennes av regjeringen»? Det vart det ikkje sagt så mykje om. Skal ein skrive i eit politisk handlingsprogram at kristne verdiar er betre enn andre verdiar? Eventuelt berre skildre kor bra dei er, og ikkje nemne andre religiøse trusretningar? Dette var ikkje umiddelbart lett å få grep på.

Hareide kritiserte vidare at regjeringa «sier at tro og livvssyn skal være en privatsak». Her siktar han nok til følgjande formulering i Jeløyerklæringa: «Regjeringen legger til grunn at den enkeltes livssyn er et personlig anliggende og at staten verken skal diskriminere eller favorisere livssyn.»

Eg kan ikkje forstå anna enn at dette må vere ein verdibodskap som er rimeleg sjølvsagt i eit moderne, liberalt demokrati. Og som eit overveldande fleirtal av den norske befolkninga kan stille seg bak. Inkludert dei fleste kristne.

Kva skulle eigentleg alternativet vere til at den einskilde sitt livssyn er «et personlig anliggende»?

For kva skulle eigentleg alternativet vere til at den einskilde sitt livssyn er «et personlig anliggende»? Dette måtte i tilfelle vere at den einskilde sitt livssyn er eit «offentlig anliggende». Og akkurat dét har det vel neppe vore sidan vi fekk religionsfridom i dette landet. Det er ingen religionstvang i Noreg, og heller ingen som må stå til rette offentleg for kva dei trur eller ikkje trur på (med unnatak av kongen).

Likevel er det rett at tidlegare regjeringsplattformar har hatt andre formuleringar om slike spørsmål. Sundvolden-erklæringa slo fast: «Regjeringens verdiforankring vil ligge i den kristne og humanistiske kulturarv». Og i Soria Moria-plattformen kunne vi tilsvarande lese: «Vår politikk skal reflektere og respektere mangfoldet, samtidig som den skal ta med seg grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon».

Den blågrøne regjeringa har altså droppa slike formuleringar. Det trur eg er like greit. Samstundes må eg nok skuffe dei som måtte leve i trua om at den norske regjeringa no er kapra av ein gjeng med militante ateistar. Rett nok slår plattformen fast at ein skal fullføre skiljet mellom stat og kyrkje, og avvikle den såkalla tilhøyrsleordninga (der born blir meldt inn inn i trudomssamfunn på bakgrunn av foreldra sin medlemskap). Men eg trur ærleg tala folk flest vil bli overraska over at det ikkje er ordna opp i for lenge sidan.

Noreg har truleg verdas rausaste finansieringssystem for trudoms- og livssynssamfunn.

Noreg har truleg verdas rausaste finansieringssystem for trudoms- og livssynssamfunn, og regjeringsplattformen ber bod om framleis gode rammer. Og statsråden med ansvaret for det heile, kulturminister Trine Skei Grande (V), er både kristen og ein aktiv kyrkjegjengar. Men ho meiner likevel at den enkelte si tru er eit personleg spørsmål. Og godt er det.

Eg har forståing for at KrF-arane har eit behov for markere si kristne tru, og stille krav til regjeringa i så måte. Men kva alternativ ønskjer dei eigentleg? Kva er alternativet til ei «sekulær» regjering? Det måtte i tilfelle vere ei «religiøs» regjering. Og sjølv om eg ønskjer KrF alt godt, og gjerne vil ha dei med i regjeringa Solberg, trur eg ikkje ein gong dei ønskjer at landet skal styrast av ei regjering som tek parti med einskilde religionar framfor andre.

For som det står i KrFs stortingsprogram: «Målet med politisk arbeid er et best mulig samfunn for alle, uavhengig av tro.

Mer fra Kommentar