Kommentar

Vinter-OL i Sør-Korea, sa du? Dra heller til Holmenkollen, skriv Gudmund Skjeldal.

106 utøvarar, 20 av dei er eliteløparar i langrenn. Olympiatoppens administrative apparat tel 18 menn og kvinner, tre av dei er kokkar, ein er meisterbakar. Den norske medisinske troppen i Pyeongchang samlar 26 i alt, to av dei er psykologar. Smørjetroppen til Olympiatoppen består av fem menn, og presseattacheane av det same talet. Attåt dette har dei ulike forbunda sine presseekspertar med. Og smørjarar og trenarar.

To prestar er også med i hjelpemannskapen. Det sørga Knut Arild Hareide for i samband med statsbudsjettet. Legg på alle dei utstyrsagentane som også reiser, og alle journalistane, og ein einsleg idrettspresident, om du vil.

Minst 230 menneske i den offisielle OL-troppen frå dette tynt folka landet heilt til den andre sida av kloden er latterleg, var det ikkje for dei klimaforstyrrande flyutsleppa som også følgjer med. Utøvarane kjempar om små linjallengder og usle tidelar, og om å få smetta ein svart, liten snusboks inn i eit lite bur. Til dette treng dei trøyst av psykologar, råd fra prestar og stell med musklane av massørar. Og nybaka norsk brødmat.

Vi frå bygdene kikka på jentene frå Heming som hadde perleøyredobbar.

Og dette berre fordi idrettsleikane blir stelt i stand kvart fjerde år. Lenge i mellom og spennande å venta på. Det sjeldne er liksom det mest verdifulle, og difor er ingenting gjævare for ein idrettsutøvar enn eit OL-gull, heiter det.

Endå dei pampane som vaktar om OL-ringane, forlanger eigne filer i vegane og rådyre hotellrom. Dei skal ha eksklusiv vin og meir sofistikert kost enn brød. Dei har ikkje akkurat nokon god tradisjon når det gjeld bestikkingar i tildelingane av dei ulike leikane, og korleis anlegg og stadion blir bygde ut. Dei bryr seg lite om demokrati og om openheit. Tryggleikskostnadane skyv dei på statane sjølve. Etter fjorten hektiske dagar lar dei gjerne vegar og stadion og OL-landsbyar etter seg som spøkelsesbyar. Framfor leikane no i Pyeongchang har dei klart å stenga ute mange russiske skiløparar på grunn av ein statsregissert dopingskandale under dei førre vinterleikane (i Sotsji), men dei har ikkje tort å stenga ute heile Russland, slik dei burde, og dei har ikkje forklart skikkeleg kvifor nett desse utøvarane ikkje kan få bli med. Rettsvern innanfor idrettens eigen juss synest som ein vits. Synderegisteret kunne fylt heile denne spalta, og tjukke bøker er alt blitt laga. Poenget her er: Den internasjonale olympiske komité (IOC) står for ein kultur som synest å vera norsk idrett midt imot.

Det hastar ikkje nødvendigvis med å gje born ein gitar eller ein drillstav før idretten tar dei.

Så kvifor trakta etter desse leikane? Kvifor orka stå tidleg opp for å få finaleøvingane med seg? Kvifor reiser endåtil statsminister Erna Solberg i nesten ei veke med sine livvakter til Sør-Korea? Ja, kvifor ønskjer Noregs idrettsforbund framleis å få desse altfor olympiske leikane til Noreg?

Det finst så mykje annan idrett å gle seg over. Under radaren til massemedia og statsministeren og fjernsynsskodarane samlast også eliten av norske juniorlangrennsløparar i nasjonalanlegget i Holmenkollen neste veke. Nesten tusen ungdommar mellom 16 og 20 år stiller til start i sprintrenn og langrenn på 10 og 15 kilometer. Det er eit imponerande tal vinterivrige unge, som må stå tidleg opp, dei også. Dei må passa på utstyret sitt, dei må stå i mot nervøsitet, dei må tola å tapa, dei fleste av dei.

Statoil, den vinterøydeleggaren, er rett nok sponsoren, og altfor mange vaksne er med som smørjarar. Men om ikkje foreldra også agerer psykologar og prestar og massørar, lærer ungdommane noko om å stå på eigne bein. Om å setja seg sine eigne mål og innfri dei. Om at kulda og snøen her nord går an å lika.

Les ein kommentarane i VGs sportsbilag, og skummar overskriftene i nettavisene elles, kan ein få inntrykk av norsk idrett er ein einaste stor skandale. At pengemisbruk blir halde skjult. At Piemonte-vinar flyt i strie straumar når norske idrettstoppar møtest i festlege lag. At pampeveldet finst også her.

All denne kritiske journalistikken har vore nødvendig – og til og med nyttig for norsk idrett. Ein pyramide som er basert på tillit og dugnad i størstedelen av byggverket, kan ikkje basera seg på hemmeleghald i den øvste spissen. Ekstragavanse mellom leiarane høyrer ikkje heime i ein modell der dei aller fleste stiller opp gratis.

Men det er ikkje slik at all dugnadsvilje har rakna i norske idrettslag. Det er ikkje slik at ungdom og vaksne blir korrumpert av å engasjera seg i konkurranseidrett. Det hastar ikkje nødvendigvis med å gje born ein gitar eller ein drillstav før idretten tar dei.

I fjor på denne tida var eg så heldig å få sjå den yngre langrennseliten på heilt nært hald, då det var norgescuprenn for juniorar på Voss og eg var med som dugnadsvakt. Eit imponerande tal bønder og traktorar var i sving for å dekka skogsløypene med snø. I dei kvassaste utforsvingane kom ungdommane fykande med dødsforakt, og like vilt fossa dei oppover motbakkane att.

Det er snøen og kuldegradene som styrer over vinteridretten i Noreg, ikkje dei som ikkje klarer å styra seg sjølve i toppen av norsk idrett.

Eg blei sitjande som vakt i den vanskelegaste svingen og tenkja tilbake på den tida (cirka 1987) eg var med på slike landsmønstringar. Kor vi frå bygdene kikka på jentene frå Heming som hadde perleøyredobbar. Og korleis det faktisk var slik at dei fine byjentene helste på oss keitete gutane frå grendene rundt om. Det er ikkje annleis no: Ungdom av begge kjønn frå heile denne lange fjøla Noreg møtest når det er landsrenn i langrenn. Dei møtest på tvers av sosiale lag, og dei blir kjente på tvers av det evige skismaet by og bygd. I ei tid då ein amerikansk president synest å riva samhaldet landet sitt ifrå ein annan, og politikarar her heime flørtar med det same, har eg tenkt, er idrettens bidrag ikkje reint lite.

Det nasjonsskapande høyrest pompøst ut, eg veit. Helst skulle det vore fleire born og ungdommar av innvandra nordmenn med i langrenn. Langrenn, meint her som eitt døme på det moderne Idretts-Noreg, har blitt ein noko for dyr utstyrssport. Men når IOC held seg med fanfarar og hymner og ringar, og nye OL alltid blir innleia med endelaust lange seremoniar, må ein få lov å lovprisa breiddeidretten tilsvarande.

Og om det verkeleg er slik at desse idrettsungdomane har eit sug etter å bli best i heile verda, er det nok å senda dei til ein verdsmeisterskap. Dei går like fort der som i eit OL.

Ta deg ein tur i Holmenkollen neste helg om du ikkje trur meg. Førre helg var det tusen 13- og 14-åringar der. Og i januar: Då var det tusen 10–12-åringar samla. Eller i den vide Nordmarka. Eller i Granåsen i Trondheim. Eller i Herresåsen på Voss.

Du liker kanskje ikkje skiturar sjølv. Du hatar kanskje at folk kjem inn frå skogane og viddene med raude roser i kinna, liksom nyforelska. Idrett har for stor plass i nordmenns sjeleliv, du har sikkert rett i det. Men når du tenkjer etter, vil du ikkje heller ha masse bilete på Facebook og Instagram av skiglade nordmenn enn av folk som flyg over alle grenser og skryter av det?

I ein vinter som i år myldrar det av folk i løypene rundt om i heile landet. Det er snøen og kuldegradene som styrer over vinteridretten i Noreg, ikkje dei som ikkje klarer å styra seg sjølve i toppen av norsk idrett. Det er det endra klimaet som kjem til å ta knekken på langrenn i lengda, ikkje ein eller annan såkalla pamp i IOC.

Mer fra Kommentar