Ideer

Feil fugl utfor stupet

Beep-beep: Som Per Ulv i jakta på Bippe Stankelbein, er metaforbruket i Morgenbladet på ville vegar.

Gudmund Hernes prøvar 17. juli å relansere uttrykket «Donald-Duck-effekten» for Morgenbladets lesarar. Før det spreier seg blant det norske folk, slik det seiast å ha gjort blant EUs byråkratar, vil eg påpeke at det bygger på ein upresis observasjon. Donald Duck er ikkje kjend for «…uten å være klar over det, muntert vandre utfor et stup […] helt til han ser ned og oppdager at han ikke har grunn under beina. Da bærer det – med et skrik – bums i bakken». Om han nokon gong har gjort det, så har korkje eg eller mine nærmaste animatørkollegaer og donaldistar sett det.

I tillegg til å vere kronisk uheldig, er Donald også kjend for å veksle mellom arbeidsløyse og tilsetting med låg lønn, manglande rettar og elendige HMS-forhold. Den påfølgjande økonomiske desperasjonen blir utnytta av marknadskreftene generelt og rike «onklar» spesielt.

Så om Donald ikkje egnar seg til å beskrive «…politikere, som fortsetter som før uten å oppdage at de har mistet bakkekontakten eller at virkeligheten har blitt en annen», så kan kanskje metaforen nyttast i debatten rundt Hellas-krisa eller vikarbyrådirektivet.

Når slike feil kjem igjennom, mistenker eg at kompetansen på klassisk teiknefilm er noko lav i redaksjonen.

No vaks Hernes opp i ei tid da all teiknefilm vart kalla «donaldfilm», og rett nok har eg sett Donald sprelle vektlaus i lufta i anna kontekst. Men skal ein oppkalle effekten etter nokon, må det vere Per Ulv. Kjend for å ende- og nyttelaust jakte storløpegjøken Bippe Stankelbein gjennom ein grand-canyonesque ørken, er han den som har dotte klart flest gonger utfor stupet i flest komiske variasjonar. Slik ein autoritet er han at då kollegaen Elmer Midd går utfor ved eit tilfelle, fekk han høyre frå Per at han skal overlate dette til dei som kan det.

Stup-vitsen har spreidd seg vidt ut i populærkulturen, men knyttast først og fremst til Warner Bros. sine Looney Tunes- og Merrie Melodies-filmar. Desse filmane hadde sprøare humor med større innslag av gladvold enn Disney sine. Ein anna Looney Tunes-karakter som har gått utfor stupet, er Snurre Sprett. Han blei forveksla med Petter Sprett i ei spalte skrive av Morgenbladet-journalist Sigve Indregard den 12. juni. Når slike feil kjem igjennom, mistenker eg at kompetansen på klassisk teiknefilm er noko lav i redaksjonen.

Om det er vilje til forbetring, så kan ein plass å byrje vere å lese seg opp på «cartoon physics», eit systematisert sett med alternative naturlover som gjeld for teiknefilmfigurar. Kan ein først desse, skulle potensialet for metaforar, journalistiske vinklingar og smarte kommentarar til sidemannen på neste animasjonsfilmfestival vere endelause.

Desse lovane har sjølvsagt sine unntak. Når Per Ulv fell mens Bippe Stankelbein blir ståande i lufta, skyldar Per han for å «defy the laws of physics». Bippe repliserer: «Sure, but I never studied law».

Trygve Nielsen

Animasjonslærar, Høgskulen i Volda