Debatt

Å skjøne teikninga

Konflikten i Midtausten har dominert nyheitsbiletet den siste månaden, og debattklimaet i norske aviser har i stor grad vore så hysterisk emosjonelt som vel berre litteratar kan få det til. Jostein Gaarder nyttar i sin Israel-kronikk (uforvarande?) dei mest forslitne klisjéane om jødisk blodtørst og kristen nestekjærleik, Mona Levin meiner dette er det verste ho har lese sidan Mein Kampf, Anne B. Ragde vil leggja ned staten Israel og sionistane ser antisemittar bak kvar ein busk. Dagbladet fiskar i rørt vatn og inviterer til nettmøte med rikscrackpoten Per-Aslak Ertresvåg. Drapstruslane haglar, og folk flest synest det er heilt greitt ikkje å lika jødar lenger.

Imens vert to teikningar offentleggjorde i norske aviser. Den eine er Finn Graffs mykje omtalte karikatur av Ehud Olmert som Amon Götz i Dagbladet. Knallhard politisk satire, men eit overtramp? Neppe. Den andre stripa publiserte Mette Hellenes i Morgenbladet 11. august. Her ser vi ein hasidisk jøde i cowboystøvlar og med lommene fulle av dollar som uprovosert massakrerer alle rundt seg. Bodskapen verkar utvitydig: Slik herjar Jew$A (Vigrid-ortografi) med alle som kjem i vegen for dei.

Der Graffs satire råkar Olmert som ansvarleg for israelske maktovergrep, er Hellenes’ teikning så å seia fri for kontekst. Gjerningsmannen vert ikkje identifisert som israelar, dei uskuldige ofra er like anonyme. (Kanskje vi gjennom støvlane skal forstå at det eigentleg er George W. Bush som gøymer seg bak skjegget og sidekrøllane?) Graffs Olmert er eit lett gjenkjenneleg maktmenneske, Hellenes’ hovudperson er ein karikert generisk “jøde”.

Dette får meg til å lura på eit par ting. Kan denne merkeleg kontekstlause teikninga for det første på nokon måte oppfattast som ein eigna kommentar til krigshandlingane i Midtausten, all den tid mange jødar er både krigsmotstandarar og antisionistar? For det andre har det vore blodige og undertrykkjande konfliktar både i Asia og Afrika som sionistane (pace Ertresvåg) sannsynlegvis ikkje har hatt noko med å gjera. Ville Morgenbladet i slike tilfelle ha prenta karikaturar med overgriparen framstilt som ein generisk guling eller ein generisk svarting? Antisionistar klagar for det tredje (ofte med rette) over at Israel-vennene oppfattar all kritikk av israelsk politikk som jødehets. Kvifor då spela rett i hendene på dei med slike teikningar?

Det er lett å forstå at Hellenes reagerer på situasjonen i Midtausten med raseri og fortviling. Men Morgenbladet på si side “arbeider for å øke interessen for kritikk og meningsutveksling”. Bør då ikkje avisa krevja eit minstemål av rasjonalitet frå dei ytringane ho gjer rom for, same kor rettferdig den tilgrunnliggjande harmen er? I dette tilfellet burde Morgenbladet sørgt for at teikninga hamna der ho høyrer heime: i ei søppelbøtte eller på nattbordet til Mahmoud Ahmadinejad.

Nils Torvald Østerbø

I denne tegneserien var det politiske poenget helt tydelig: Den israelske overmakten reagerer med en voldsbruk som er helt ute av proporsjoner med motstanden den møter fra den andre siden. Palestineren kaster stein, israeleren skyter ham ned med pistol. Tegneren har valgt å bruke denne hasidiske jøden med cowboystøvler som et bilde på militærmakten Israel. Jeg forstår at tegningene isolert sett kan oppleves krenkende. Figuren er rett og slett ufyselig! Det er fordi den står i stil med alle personene som presenteres i Kebbelife hver uke i Morgenbladet. Dette er konteksten:

Mette Hellenes har gitt oss Erna Solberg som bæsjer på trappene til norske politikere, Trond Giske er uke etter uke blitt mobbet i senk som påtrengende, kjendiskåt populist – og gjennomgangsfiguren Mette er på sin side et grimt selvportrett med mage, hengepupper og fett hår. Hellesnes fremstiller alle sine karakterer som så ufordragelige og vulgære som overhodet mulig, og denne gangen valgte hun å karikere bildet av den jødiske karikaturen. Dette er i tråd med hennes uttrykk, ikke et anfall av antisemittisme.

Konflikten i Midtøsten handler ikke om jøder. Den handler heller ikke om jødene i Israel. Den handler om israelsk politikk og militære maktovergrep. Det siste Morgenbladet ønsker er å bli assosiert med jødekarikaturene fra 30-tallet. Vi skrev på lederplass i samme avis som trykket den omtalte tegneserien: "[Gaarders kronikk] kan også leses som en påstand om at situasjonen i Midtøsten er jødenes feil, fordi det er noe feil med det jødiske folk som sådan. Den siste tolkningen sender debatten rett ut i skyttergravene. Det staten Israel foretar seg i Midtøsten er uakseptabelt, men det er ikke spesielt uakseptabelt fordi denne staten er befolket av jøder."

Alf van der Hagen

Ansvarlig redaktør

Mer fra Debatt