Debatt

Bondestudenter

Garborg

"Er det på tide å oversette Arne Garborg fra nynorsk til bokmål?" spør Morgenbladet 23. februar, med Bondestudentar som eksempel. Svaret er at det har hendt for lenge sidan. Alt i 1885, to år etter den nynorske originalutgåva, kom parallellutgåva på datidas bokmål frå Philipsens forlag i København: Bondestudenter. Fortælling. Dansk af forfatteren autoriseret Udgave.

Ikkje alle var like glade for det. “Daa eg fekk vita at Garborg hadde gjeve Georg Brandes lov til aa setja Bondestudentar um til dansk, vart eg liggjande sjuk av sorg og harm i 2 dagar og skulka skulen i 8 dagar,” fortalde den unge Rasmus Steinsvik, som seinare skipa nynorskavisa Den 17de Mai saman med Garborg.

Som Morgenbladet er inne på, Garborg sjølv skreiv flittig på bokmål. Når Trætte Mænd ikkje blir lesen i dag, kan det ikkje skuldast noko nynorsk-handicap, boka er skriven på "norsk-dansk". Hjaa ho Mor/Hos Mama kom ut i parallellutgåver. Og det fanst altså ei parallellutgåve på bokmål av Bondestudentar med. Verknadshistorisk har den spela så lita rolle at sjølv ikkje Morgenbladet er merksam på den i dag. Det kan vere eit teikn på at målform ikkje alltid er eit avgjerande suksessparameter.

Anders Aschim

Ytre Enebakk

Mer fra Debatt