Debatt

Lærestykke

[object Object]

Demokrati

«Historikeren blir lamslått ved tanken på at Bundeswehr rekrutterte sine opprinnelige kjernestyrker blant Det tredje rikes glødende krigsveteraner», skriv Fabrice d'Almeida i boka Med pisk og champagne. Sosietetsliv i Nazi-Tyskland 1933-45, frå 2006 (s. 117).

Lamslåtte har også ei lang, lang rekke lesarar av Grense Jakobselv blitt. Etter at boka kom ut for snart eit år sidan, har alle slags folk, kjende som ukjende, tatt kontakt direkte på gater og streder, eller via telefon, sms, brev og e-post. Gjennomgangsmelodien har vore at dette visste vi ikkje, det kan då ikkje vera sant? Og så har dei funne ut at det er det, det er sant. Den tyske nazismen «var fremfor alt likevel et elitefenomen» (d'Almeida side 23). Den hadde sitt utspring i det tyske danningsborgarskapet, og etter eit mellomspel i åra 1945–50 forlenga denne styringseliten sitt klasseherredømme vidare inn i etterkrigstida.

Når ein les Karsten Aase-Nielsen og Bernt Hagtvet (Morgenbladet 30. april), får ein derimot inntrykk av at det einaste som kan kalla fram sterke kjensler, og skrivelyst, hos norske historikarar, ikkje er kjensgjerningane i seg sjølve, men at det blir rippa opp i glansbildet av det tyske sjølvoppgjeret.

Ein ung historikar som d’Almeida (født 1963) blir lamslått av tanken på at tyske generalar på få år blei omskapte frå krigsforbrytarar til å leda forsvaret av Den frie verda. Kva slags ord er då dekkande for dei umerkelege overgangane frå forbrytarorganisasjonen SS til liberale yrke i etterkrigstida? Intellektuelle i aviser og forlag frikjende seg sjølve og kvarandre for historisk skuld. Innanfor legestand og i rettsvesen gjorde ein lukka korporativisme at dei fleste fekk halda fram som før, styrte av embetstradisjonar meir enn demokratisk legitimitet.

Den 30. mars i år døydde ein 98 år gammal herremann på aldersheim i Stuttgart. Med rang av Standartenführer (oberst) blei han då rekna for den gjenlevande SS-offiseren med høgast rang. Som lærestykke kan Karsten Aase-Nielsen, Bernt Hagtvet og Morgenbladets lesarar studera biografien til denne Martin Sandberger, både i Michael Wildts standardverk Generation des Unbedingten, i Der Spiegel (3. april 2010) og franske L'Express (7. april 2010). Her er ein kortversjon: Fødd i Berlin/Charlottenburg i 1911 som son av ein direktør ved IG Farben. Jusstudier, nazistisk studentaktivist, toppkarakterer, doktorgrad i 1935, SA og SS, etnisk rensing i Polen 1939-40, ledar av Einsatzgruppe 1a, direkte hovudansvarleg for organisert massemord av tusenvis jødar og kommunistar. Frå 1943 leda han arrestasjon og deportasjon av norditalienske jødar til Auschwitz. I rettssakene mot Einsatzgruppene blei Sandberger funnen skuldig på alle tiltalepunkt og dømd til døden, men benåda til livsvarig fengsel. På femtitalet aksjonerte ledande samfunnsstøtter for å få sett Sandberger fri. Ein så fin gutt kunne ikkje ha gjort det han var tiltalt og dømd for, hevda blant andre forbundspresident Heuss (som kjende Sandbergers far), justisminister Haussmann, landesbiskop Haug, og Carlo Schmid, sosialdemokratisk varapresident i Forbundsdagen.

Mot slutten av 1957 sat berre fire krigsforbrytarar framleis fengsla i Vest-Tyskland. Ein av dei var Sandberger, som i januar 1958 blei sett fri frå Landsberg-fengslet. Dei neste femti åra av sitt liv levde han, fredeleg og utan anger, som vellykka forretningsadvokat, stort sett uforstyrra av påtalemakt, presse og historikarar. Ikkje mykje gravejournalistikk formørka livskvelden til denne massemordaren. Først på dødsleiet finn Der Spiegel ut at han lever stillferdig og under fullt namn på den kristelege aldersheimen «Wohnstift Augustinum» i Stuttgart, med namneskiltet «Dr. Martin Sandberger» pent festa til postboksen utanfor. Sandberger var ein av 7000 medarbeidarar ved Himmlers «Reichsicherheitshauptamt». Ifølge den nyleg opna utstillinga ved stiftinga Topographie des Terrors i Berlin blei 16 av desse 7000 rettsforfølgde, og tre – 3 – dømde etter krigen. Vi snakkar her om styringseliten som leda dei nazistiske folkemorda.

Samstundes har tyske politikarar med liberal patos drøfta om dei fengsla RAF-terroristane nå omsider hadde angra nok til å bli sette fri frå fangenskap. Kunne så farlege forbrytarar som restane av Rote Armee Fraktion gå fritt rundt i det tyske samfunnet?

Om det ikkje gjer inntrykk på Karsten Aase-Nilsen og Bernt Hagtvet, er det kanskje andre som blir lamslått av kontrasten mellom desse oppgjera med fortida.

I tillegg spør Hagtvet om kvifor det er obskønt og utillateleg å samanlikna DDR og Det tredje riket. Hagtvet svarar sjølv godt på spørsmålet, som dermed virkar noko overflødig. Lat meg berre seia meg heilt enig i hovudargumentet: «DDR gjennomførte ingen folkemord og var ikke territorielt ekspansiv.»

Kjartan Fløgstad

Forfattar

Mer fra Debatt