Debatt

Om å forske og sjå verda gjennom morsmålsbriller

Curt Rice har gjort det han kan for å provosere til debatt om norsk som forskingsspråk. «Forskning er per definisjon internasjonal. Hvis man skriver på norsk, melder man seg ut,» seier han i Morgenbladet 31. mars. Dette kvasse og svært generelle signalet må reknast som rein villeiing for unge menneske som vurderer ein forskarkarriere opp mot andre yrkesvegar.

Derfor, til saksopplysning: For ein ung forskar kan det å skrive på norsk like gjerne vere å melde seg inn. Forskingspublikasjonar på norsk er tilgjengelege for både forskarar og den opplyste ålmenta i heile Norden. Sytten millionar menneske, ikkje fem. Ja, forskarar skal presentere det dei gjer på verdsspråk. Men det er ikkje opplagt at førstegongspublisering av vitskaplege resultat får størst gjennomslag om ein siktar på eit internasjonalt publikum i første omgang. Det kan like gjerne hende at lokal forankring gjev tyngd til seinare engelskspråkleg publisering. Og framfor alt kan det hende – det er til og med sannsynleg – at forskaren som er ein trygg fagperson i eige språk, blir ein betre og meir sjølvstendig forskar.

Dei fleste nordmenn har ved fullført skulegang bak seg atten års intensiv trening i å meistre sitt eige språk. Språkmeistring omfattar tenking, omgrepsutvikling og ordlæring. Språket gjev oss brillene vi ser verda gjennom. Når Curt Rice vil «bannlyse vitenskapelige artikler i norsk språkdrakt», seier han samstundes at norske forskarar ikkje skal utnytte morsmålsføremonen l vitskapleg arbeid. I staden skal dei ta tilleggsbøra med å uttrykkje seg i eit språk dei kan dårlegare, sjå verda gjennom andres briller, og ikkje vite sikkert om dei gjer ein god eller dårleg figur. Dette er ugunstig både for forskarkandidaten og for norsk forsking som heilskap. Så eg vil seia: lat oss få både masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar på norsk der det høver, og press gjerne grensene!

Det er ikkje opplagt at førstegongspublisering av vitskaplege resultat får størst gjennomslag om ein siktar på eit internasjonalt publikum i første omgang.

Skal forskarar bli bedne om å drive terminologiarbeid inn mot eige språk? Ja, terminologiutvikling på morsmålet er bra både for forskaren og for norsk forsking. Det er få ting som driv fram omgrepsutvikling så mykje som terminologiarbeid. Og utvikling av omgrep, omgrepssystem og fagtermar er ei vesentleg side ved vitskapleg arbeid.

Fornekting av eige språk og bakgrunn i jakt på det overnasjonale kan føre til kunnskapshol, rett og slett av di eit fenomen ikkje har prioritet i den engelskspråklege forskingsverda. Innanfor faget mitt – eg er nordist og leksikograf – finst det ein rik forskingsbasert og nordiskspråkleg litteratur og terminologi som gjeld import til språk av både ord og omgrep. Fagdisiplinen er utvikla over fleire generasjonar, og omfattar ikkje minst språkleg tilpassing av fagterminologi til morsmålet. Norsk språkvitskap har over lang tid utvikla metodar og klassifiseringssystem for handtering av språk- og omgrepsimport. Ei norsk drivkraft i dette arbeidet er Språkrådet med forgjengarar, men engasjementet finst i dei fleste fagmiljø som utdannar nye fagfolk. Språkrådet har såleis ytt vesentlege bidrag til at mange fagpublikasjonar no norvagiserer framande skrivemåtar, og stør opp om både publikum og fagfolks ordlagingsevne når det gjeld å finna gode og råkande avløysarord for nye omgrep.

Den nordiskutvikla fagkunnskapen om språkimport fekk eg bruk for då eg i ein tjueårsperiode (1991–2011) var med i prosjekt for å utvikle ordbøker og språklege hjelpemiddel for afrikanske språk i Zimbabwe og Mozambique. Mine zimbabwiske kolleger kjende problema som følgjer av manglande morsmålsterminologi, med skadelege følgjer for utdanningsystemet på alle nivå. Men dei mangla forståingsmodellar, metodar og terminologi – nettopp det vi frå Norden kunne bidra med. Engelsk språk var vindauget mot verda i Zimbabwe, men forskingsfeltet «språk- og omgrepsimport» er rimeleg nok dårleg dekt i engelskspråklege lingvistikk, etter som problemet er lite kjent i den engelskspråklege verda. Då eg for eit år sidan vitja Zimbabwe etter ti års fråvere, vart eg overvelda over energien og engasjementet som zimbabwiske forskarar innanfor ulike fag og disiplinar no legg i terminologiutvikling. Dette arbeidet må gjerast, om til dømes legar og pasientar skal snakke meiningsfullt saman. Det same gjeld alle andre fag.

Sjølvsagt vart den norske kunnskapen om språkimport formidla på engelsk. Vi var trygge på kva vi snakka om. Då var det ei smal sak å finne uttrykk for det, via publisert litteratur. Men hadde vi byrja med å skulle få gjennomslag internasjonalt for forskingsfeltet «språk- og omgrepsimport», då hadde vi byrja i feil ende. Det var meir enn femti års praksis, og forankring i alle dei nordiske språksamfunna, som gav tyngd til det dei norske forskarane kunne formidle.

«Det skal utrolig mye til for å forsvare å skrive en doktorgrad på norsk.» Eg er – igjen – usamd. Forskarlivet er langt og stipendperioden er stutt. På tre-fire år skal unge forskarar ta si vitskaplege svenneprøve – merk at det er svenneprøve! Dei skal vise kva dei kan yta som forskarar, ikkje primært for å vise at dei meistrar engelsk, men for å vise at dei meistrar faget og kan yta sjølvstendige forskarbidrag.

Statusen for norsk som forskarspråk er eit strategisk politisk spørsmål i norsk språkpolitikk, og dermed eit spørsmål med relevans fram mot stortingsvalet. Eit språkpolitisk spørsmål bør få politisk handsaming. Oslo Arbeidersamfunn har drøfta spørsmålet om norsk som forskingsspråk, og har sendt inn framlegg til landsmøtet om at Arbeidarpartiet skal ta inn følgjande formulering i valprogrammet: «Stimulere universitets- og høgskolesektoren til å holde oppe forsking, dokumentasjon og utdanning som gjelder norske forhold og språk som Norge har ansvar for, og fremme arbeid for norsk fagspråk». Oslo Arbeidersamfunn sluttar seg også til at Språkrådet, som den sentrale aktøren det er innanfor forvaltninga av norsk språk, bør halde fram med sine noverande oppgåver.

Oddrun Grønvik er nestleiar for Oslo Arbeidersamfunn.

Mer fra Debatt