Debatt

Knut Hamsun og psykoanalysen

I dei siste utgåvene av Morgenbladet har problemstillinga med publisering av notata frå psykoanalysen med Knut Hamsun i 1926 vore tema. Framstillinga tyder på dårlege arkivrutinar hjå Nasjonalbiblioteket og Gyldendal. Sjølv om notata til no har vist seg vanskelege å tolka, er det uansett snakk om sensitiv personinformasjon. Notata burde ha vore øydelagd på eit tidleg tidspunkt, sjølv om dei kunne innehalda båe forskingsmessige og kunstnariske verdiar. Publiseringane til biograf Kolloen og biletkunstnar Kvam syner at offentleg merksemd altfor ofte trumfer etiske dilemma.

Notata burde ha vore øydelagd på eit tidleg tidspunkt

Kunne ein annan norsk forfattar vorte utsett for det same? Eg trur ikkje det. For det fyrste er det allereie publisert mykje om Hamsun, og nærmast fritt fram for litt til. For det andre vert me ikkje ferdige med «gåta» Knut Hamsun. Korleis kunne ein framifrå forfattar verte nazisympatisør og skrive nekrolog om Adolf Hitler? Eg trur svaret er båe enkelt og komplekst; mennesket er eit analogt, irrasjonelt vesen, ikkje ein binær, idealisert skapnad. For Hamsun var ein sterk angloamerikansk antipati utgangpunktet for sympatien med Tyskland. Reaksjonære element i nasjonalsosialismen samsvarte òg med tankar frå Markens grøde, men boka kom før ideologien. Seinare norske forfattarar som Dag Solstad, Per Petterson og Jon Michelet har sympatisert med marxismen, men eg har ikkje registrert den same interessa for deira sjeleliv. Eg vonar det ikkje er slik at kunstarar er mest interessante etter sin død, fordi ein då står friare til å spekulera om livet deira utan at dei kan forsvara seg. Litteratur bør oppfattast som historier, kor forfattaren fortel og lesaren tolkar. Men elles er me vilt framande og slik er det best for oss båe.

Mer fra Debatt