Debatt

Er plagiat verre enn seksuell trakassering?

Det er ikkje i dei enkle sakene vi treng offentleg refleksjon.

Den siste helga i oktober slo heile to skandaløse saker ned i det litterære miljøet: Fredag 27. oktober stod det i Bergens Tidende at litteraturkritikar Silje Stavrum Norevik ikkje lenger skal skrive i avisa fordi ho har blitt tatt i å plagiere andre kritikarar. Dagen etter trykte Klassekampen ein reportasje kor unge kvinner fortalde om seksuell trakassering i litteraturmiljøet, frå slibrige kommentarar til valdtektsforsøk.

Eg var stressa og sliten fredag kveld då eg fekk det første sjokket: Kollega Stavrum Norevik orsaka seg offentleg på Facebook for å ha plagiert. Eg tenkte som alle andre: det går då ikkje an å drive på sånn!

Men etter at eg fekk tenkt meg om, landa eg på at når den skuldige alt har mist jobben og sitt gode rykte som fagperson og i tillegg orsakar seg, er det lite meir å seie. Eg trykte «liker» og skreiv ein oppmuntrande kommentar.

Dagen etter las eg artikkelen om seksuell trakassering, som var endå meir skakande. Eg tenkte at det ville ta merksemda vekk frå Stavrum Norevik, og eg var spent på framhaldet, for kjønn er eit vanskeleg tema i desse kretsane.

I motsetnad til plagiatsaka er seksuell trakassering eit pågåande problem kor det å bli teken på alvor betyr mykje.

Neste helg kom det heile tre kommentarar – om plagiatsaka! Britt Aksnes i Dag og Tid, Karin Haugen i Bokmagasinet og Bernhard Ellefsen i Morgenbladet meinte det same: Mange av dei som trøysta Stavrum Norevik på Facebook bagatelliserte plagiat, noko som kan undergrave ein allereie svekt kritikarstand.

Den frykta er overdriven: Dei harde sanksjonane viser svært tydeleg at det er nulltoleranse for plagiat. Det er derimot langt verre for ryktet til kritikken om påstandar om maktmisbruk ikkje blir tekne alvorleg. Kan verkeleg kritikarar nytte posisjonen sin til å trengje seg på unge kvinner eller straffe forfattarar som har avvist dei – utan at nokon vil gjere noko med det? Kor blir det av den høge peikefingerføringa då?

Sjølvsagt kan ein ikkje uttale seg om konkrete saker basert på skuldingar. Ein kan likevel ta prinsipielle standpunkt, og i motsetnad til plagiatsaka er seksuell trakassering eit pågåande problem kor det å bli teken på alvor betyr mykje for den ramma. Det er rett nok vanskelegare og meir risikabelt å uttale seg om ei sak som ikkje berre gjeld éi kvinne i Bergen, men potensielt mange ein kjenner. Men det er ikkje i dei enkle sakene vi treng offentleg refleksjon.

Eg har heller ikkje ytra meg om seksuell trakassering enno, for det er vanskeleg å vite kor ein skal ta fatt. Men gitt retninga samtalen har teke, vil eg starte med å peike på dette: Seksuell trakassering blir mogeleg når makt er ujamt fordelt. Fordeling av merksemd er éin måte å utøve makt på.

Mer fra Debatt