Debatt

Professor Hagens støyt i kriseluren

Hadde Roar Hagen hatt rett, ville stoda ha vore urovekkjande. Det har han heldigvis ikkje.

I to innlegg i Morgenbladet omtaler professor Roar Hagen, UiT, det han meiner er ein så urovekkjande tendens i norsk sosiologi at det må blåsast i kriseluren: sosiologien om sosiale klassar er tilbake, og med det også politiske straumdrag han kanskje kjenner igjen frå unge år. Med referansar til blant anna Venezuela, sosiale revolusjonar, kommunistiske utopiar om samfunn utan ulikskap, falskt medvit og monokausale forklaringar spør Hagen: «Hvorfor forholder ikke norske sosiologer seg til de faktiske forhold?»

Hadde han hatt rett, ville stoda ha vore urovekkjande. Men dessverre for Hagen liknar debattane om sosial klasse og sosial ulikskap lite på dei sekteriske kranglane Monty Python karikerte i «Life of Brian» for snart 40 år sidan.

For det første, og som den nyleg avlidne marxisten E.O. Wright ryddig gjorde greie for i fleire arbeid, kan ein ikkje setje likskapsteikn mellom klasseanalyse og marxisme. Allereie her går det gale for Hagen. Like lite som det at ein omtaler eit samfunn som kapitalistisk treng bety av ein er marxist, like lite treng det at ein vektlegg klasseanalysen sin relevans å implisere at ein forfektar ein kommunistisk ideologi, historisk materialisme eller eit teleologisk historiesyn. Nyare retningar i klasseanalysen, i Noreg som internasjonalt, har truleg vore minst like sterkt inspirerte av arbeida til Max Weber som til Karl Marx. Klasseteoriar må derfor omtalast i fleirtal - ikkje i eintal (sjå t.d. Harrits 2014). Skal ein stå til eksamen på innføringskursa i sosiologi, krevst det vanlegvis at ein har tileigna seg slike elementære innsikter. Det same kravet bør sosiologiprofessor Hagen stille til seg sjølv.

For det andre: Kven blant norske og internasjonale klasse-, ulikskaps- og mobilitetsforskarar er det som i fullt alvor legg utopien om det klasselause samfunnet til grunn for sine analysar? At mobilitetsforskarar i røynda sit og nynnar på «Internasjonalen» medan dei prøvar ut statistiske modellar for samanhengane i ein mobilitetstabell, var nytt for oss. Men skulle Hagen komme over ein einaste analyse der forskjellar i relative mobilitetsratar vert tolka som støtte til «Det kommunistiske manifest» eller som ein hyllest til døden på barrikaden, vil vi gjerne ha referansen. Desse arbeida har gått oss hus forbi.

For det tredje hevdar Hagen: «Man kjenner igjen den marxistiske inspirasjonen på analysens ensidighet. Det er berre éin variabel: sosial bakgrunn.» At marxistisk klasseanalyse kan sidestillast med slektsgransking, vil for mange vere ytterlegare ei ny og revolusjonerande innsikt. Tradisjonelt tok den marxistiske analysen utgangspunkt i relasjonen mellom arbeid og kapital.

At sosial bakgrunn derimot, og med rette, har vorte oppfatta som ein av fleire sentrale dimensjonar for mobilitetsforskarar, anten dei har teke utgangspunkt i Blau & Duncan sin yrkesprestisjeskala, Erikson, Goldthorpe og Portocarero sitt Weber-inspirerte klasseskjema, mikroklasse-tilnærminga til Grusky & Weeden eller Lamont sine analysar av symbolske grensedragningar, burde vere velkjent for Hagen. Alle desse arbeida har omhandla sentrale kjenneteikn ved moderne samfunn, men ingen av desse forskarane var eller er ortodokse marxistar eller er utopiske kommunistar.

Samstundes viser ei lang rekkje arbeid at dei samanhengane Hagen oppfattar som irrelevante for å forstå det norske samfunnet, framleis er av betydning. Den relative klassemobiliteten frå far til son har t.d. halde seg stabil over 25 etterkrigskohortar. Det same gjeld i høg grad for den relative utdanningsmobiliteten (Hjellbrekke & Korsnes 2012). I toppen av det økonomiske hierarkiet har betydninga av arv auka (Nordli Hansen 2014), og 3 av 4 studentar har i dag foreldre med høgare utdanning (Salvanes 2017). I Oslo har bustadsegregeringa auka jamt sidan 1980-talet (Ljunggren & Lie Andersen 2014, Toft 2018). At slike viktige former for ulikskap har vore stabile eller aukande i det norske samfunnet, og det tvers gjennom ein periode med generell velstandsauke, er eitt av dei faktiske tilhøva ein som forskar må ta omsyn til, anten ein likar det eller ikkje.

Når Hagen med referanse til «teorien (sic) om klassesamfunnet» i røynda hevdar at analysar av samanhengar mellom sosiale klassar, makt, sosial lukning, sosial segregasjon, symbolsk grensedraging og livssjansar ikkje kan gje verdfulle innsikter om norske samfunnstilhøve, er det nærliggande å spørje om ikkje han kjem farleg nær å gjere det han i sitt første innlegg omtaler som maktmisbruk: å bruke professortittelen til å fremje påstandar det ikkje finnast fagleg dekning for. Eller skuldast det berre kunnskapsløyse?

Johs. Hjellbrekke

Professor i sosiologi, UiB. Senterleiar, Det norske universitetssenter i Paris

Olav Korsnes

Professor emeritus, UiB.

Mer fra Debatt