Debatt

Familien Nerdrums «nådestøt»

Intervjuet med Nerdum-familien er «en suppe fra helvete».

Morgenbladet trykte 28. august eit intervju med medlemmer av Nerdrum-familien. Innhaldet er av ein slik art at det er god grunn til å spørje kva for kva journalistisk vurdering som ligg til grunn for å trykke forrykte påstandar om utvalde tenkarar, som at Marx' Kapitalen var basert på forfattarens «erfaringer fra tekstilfabrikken», at Hegels statsforguding kanskje ville ha forsvunne om faren hans hadde vore sjølvstendig næringsdrivande, og at «den pedofile» Kant står bak det «modernistiske hegemoniet».

Til opplysing:

1. Marx sette aldri sine bein i ein fabrikk.

2. Det mangla ikkje på sjølvstendig næringsdrivande i Prøyssen som støtta den reaksjonære staten.

3. Kants estetiske filosofi har ingenting med modernismen å gjere. Den handlar om fenomenet kunst reint allment.

4. Kant var ikkje pedofil.

«Det er en suppe fra helvete», heiter det om modernismen. Javel. Denne karakteristikken er også eit treffsikkert uttrykk for innhaldet i intervjuet.

Jon Langdal

Mer fra Debatt