Kommentar

Kvinner som kombinerer høghæla skor og hårete armholer er uvanleg — og modig, skriv Kristin Fridtun.

---

KJØNNSLIV

Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp.

Spaltistene er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.

---

Håret under armane mine er lengre enn håret eg har på hovudet. Det skal ikkje så mykje til, for skallehåret mitt er berre seks millimeter langt, men likevel. Eg kunne nok greidd å bita i mine eigne armholehår.

No reknar eg med at dei som ikkje toler kroppshår, har klikka bort denne nettsida i rein avsky. Då kan me andre i ro og mak drøfta eit tema som er gjennomdrøfta allereie, men som likevel heimsøkjer oss: hår på kroppen. Eller rettare sagt: kropp med hår. For det er ikkje håret i seg sjølv som er hovudsaka — det er kroppen.

I «shortsdebatten» trekte Ane Bamle Tjellaug i Vårt Land fram nettopp dette poenget. I ein kommentar skriv ho at aksepten for kvinner i skjørt og motviljen mot menn i shorts handlar meir om leggene enn om kledeplagga: «Mannelegger er hårete. Kvinnelegger er glatte og blanke.» Rett nok veks det hår på kvinneleggene òg, men sidan det er opplese og vedteke at kvinner bør ha glatte legger, er det vanleg å fjerna håret.

Hårfjerning kan vera heilt på sin plass. Dersom du til dømes har ein hårvokster som er plagsam eller uvanleg sjenerande, må det vera greitt å gripa inn. Men dersom ein stor del av folkesetnaden fjernar hår fordi det er stygt eller oppsiktsvekkjande å la kroppen vera som han er — ja, då har me eit problem som det er verdt å peika på, om att og om att.

Hårlause kvinnekroppar er såleis ikkje eit naturfenomen, men eit kulturelt fenomen.

Nyttar det, då? Hjelper det nokon at ei handfull kvinner legg ut bilete av hårete legger og armholer? Ja, det trur eg. Om ikkje anna fungerer det som folkeopplysning. Mange unge menneske har aldri sett ei kvinnearmhole med hår, og nokre kvinner har vel ikkje sett sine eigne armholehår eingong — dei har fjerna hår uavbrote sidan dei fyrste fjonene viste seg. Born som veks opp i slike omgjevnader, kan lett trekkja den konklusjonen at det berre er menn som får hår der. Ei ung kvinne eg kjenner, trefte ein gong ein treåring som lurte på om kvinna hadde «pappa sitt hår» under armane.

Hårlause kvinnekroppar er såleis ikkje eit naturfenomen, men eit kulturelt fenomen. Likevel — eller nettopp difor — er hårfjerningspresset svært sterkt. Eg har sjølv gjeve etter for det. I tenåra var høvelen ofte i bruk. Ikkje fordi eg syntest at eg vart finare av det, men fordi alle andre shava seg, og eg ville ikkje skilja meg ut meir enn eg allereie gjorde. Tidleg i tjueåra tok eg lettare på det, men dersom eg hadde utsikter til å få meg kjærast, kom høvelen fram att. Eg ville ha ein partnar som sette pris på naturlege kroppar, men kroppshår var ikkje nokon kjepphest for meg, og eg tenkte at det var greiast å halda seg på den trygge sida — det vil seia den hårlause.

No lèt eg det spira og gro, men shorts og singlet brukar eg like fullt. Og for å vera ærleg: Det er litt skummelt. Men eg trur mange oppfattar det som heilt rimeleg at eg har hår her og der, for eg går ofte i herreklede. Av og til blir eg rett og slett oppfatta som ein unggut, og då er jo kroppshår heilt innanfor.

Dessutan er eg lesbisk og treng ikkje bruka tid og krefter på å tilfredsstilla det mannlege blikket. Om karar flest synest at eg er erotisk uinteressant, er det berre fint. Om nokre kvinner synest det same, lever eg godt med det òg. Eg veit at eg er ein vandrande stereotypi: ei karsleg, usminka og hårete feministlesbe med piggsveis.

Poenget er at utsjånaden min ikkje er spesielt dristig eller overskridande. Maskulinitet og kroppshår høyrer liksom saman. Eg blir mykje meir imponert over kvinner som kombinerer vakker kjole, høghæla skor og hårete armholer. Dét er uvanleg — og modig.

Ei av dei som har testa den kombinasjonen, er den svenske skodespelaren og komikaren Nour El Refai. I 2014 var ho programleiar for Melodifestivalen, og mange reagerte sterkt då dei hårete armholene hennar dukka fram i beste sendetid. I etterkant vart ho beden om å kommentera håret under armane. Ho sa då: «Det växer ut där. Det var inte jag som kom på det. Det är evolutionen.»

Kristin Fridtun er forfattar og har blant skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015) og Homoflokar (2018).

Mer fra Kommentar