Kommentar

Det er alltid noko gale med lesbesexen, skriv Kristin Fridtun.

I 1973 gav Gyldendal ut boka Opp alle jordens homofile av Gerd Brantenberg. Der møter me ei ung, lesbisk kvinne som baksar med forelskingar, homokamp, innpåslitne menn, mytar om lesbiske og mangt anna. Eit viktig tema i boka er omverda sitt syn på sex mellom kvinner. Korleis handterer kulturen det faktum at nokre kvinner berre vil liggja med andre kvinner?

---

KJØNNSLIV

Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp.

Spaltistene er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.

---

Vel, det er ein eldgamal og utbreidd tanke at ein ikkje kan ha (skikkeleg) sex utan at ein penis er involvert. Seksuelle relasjonar mellom kvinner har difor lett for å bli oppfatta som lytefulle. Kjønnsakta manglar noko. Ja, ho manglar noko heilt essensielt, og nokre menn ser det som si oppgåve å bøta på mangelen.

Om me skal tru det lesbiske kjærastparet i Opp alle jordens homofile, kan mannfolk på byen delast i fire kategoriar:

«For det første var det dem som lot som de ikke la merke til oss, eller som faktisk ikke la merke til oss. (Var de homofile, mon tro?) Så var det dem som snakket til oss og som gikk med det samme vi sa vi ikke var interessert i nærmere bekjentskap. Dette var en uhyre liten gruppe, som egentlig vel burde lide av et minoritetsproblem. Så var det dem som satte seg ved bordet vårt. Jo flere spydigheter og avvisende bemerkninger de ble gjenstand for, jo mer sittende ble de.

De forsikret oss om at de syntes det var helt i orden med to jenter, dumt at det skulle være så mange fordommer mot det, to menn, derimot, det kunne de virkelig ikke forstå, men det er jo noe annet. Det var særlig denne kategori som pleide å la ordflommen munne ut i et tilbud om å bli med hjem og få se på. Bare se på, altså. Prisen var underordnet.

Den fjerde kategori hadde det til felles med den tredje at spydigheter ikke kunne rokke ham fra hans post. Fire avslag ingen hindring. Tvert imot ble det oppfattet som en pirrende oppfordring. To søte piker som oss kunne da ikke være lesbiske. Nei, lesbiske, det var sånne … ja, sånne … nei, vi var ikke lesbiske. Moralen var: Hvis vi nå bare forsøkte å gå til sengs med ham – for han hadde en skikkelig en – så skulle det bli andre boller.

De me de andre bollene var vanskeligst å bli kvitt.»

Mennene i kategori tre og fire finst framleis. Dei er kanskje færre i 2019 enn i 1973, men det hender jamleg at kvinner som kjærteiknar kvarandre offentleg, får uynskt merksemd frå menn.

Nei, seier kulturen og konstruerer eit nytt problem: den lesbiske sengedauden.

Det er likevel ingen grunn til å svartmåla stoda, for mykje har blitt betre dei siste tiåra. I dag veit mange at sex er mykje meir enn det klassiske penis-i-vagina-opplegget, og det finst folk – til og med streite cismenn – som oppriktig meiner at det er mogleg å ha fullgod sex utan at penis er involvert. Det er eit stort framsteg!

Men kulturen greier visst ikkje å slå seg heilt til ro med dette. Kan eit sexliv utan penis verkeleg vera like bra som eit sexliv med penis?

Nei, seier kulturen og konstruerer eit nytt problem: den lesbiske sengedauden.

Omgrepet «lesbisk sengedaude» (eng. lesbian bed death) kjem frå USA. Det blir gjerne knytt til ein studie frå 1983, American Couples – Money, Work, Sex, der forskarane Philip Blumstein og Pepper Schwartz granskar amerikanske par som hadde vore saman i to år eller meir. Eit av funna deira var at dei lesbiske para hadde sex sjeldnare enn dei heterofile para og dei mannlege homofile para. Konklusjonen var at sexlivet til lesbiske par dabbar av og «døyr» lettare enn sexlivet til andre par.

Det er mange problem med både studien og sjølve omgrepet «lesbisk sengedaude», til dømes er det ein fare for at skeive kvinner byrjar uroa seg for at sexlivet deira er dårleg om dei ikkje har sex ofte. Og det er kanskje dét som er det største problemet her: at frekvens vert tillagd meir vekt enn kvalitet.

Dei siste tiåra er det gjort ei rekkje studiar av seksualvanar og folk si oppfatning av eige sexliv, og faktum er at kvinner som er saman med kvinner, kjem godt ut av desse undersøkingane. Tala varierer noko, men studiane viser at kvinner i likekjønna relasjonar er like nøgde eller meir nøgde med sexlivet sitt enn kvinner som er saman med menn. Nokre studiar viser jamvel at kvinner som har sex med kvinner, oftare får orgasme enn kvinner som har sex med menn.

Med andre ord: Det er slett ikkje noko gale med sexen mellom kvinner. Det er kulturen som balar med innarbeidde førestillingar om sex – førestillingar der menn og penisar spelar hovudrolla og set standarden.

Kristin Fridtun har blant anna skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015) og Homoflokar (2018).

Mer fra Kommentar