Kronikk

På marknadsplassen døyr vitskapen

Der marknadsideologi styrar forskingspolitikken, får falsk og dårleg forsking god grobotn.

For eit par veker sidan kom det fram at ei gruppe med forskarar har utført ei av historia sine største akademiske svindlar. Dei har i lang tid freista å publisere falske forskingsartiklar i tidsskrift som høyrer heime under kjønns- og kulturstudium.

Artiklane er reint vrøvl. Ein av dei skildrar Adolf Hitler sin Mein Kampf som eit feministisk kampskrift. Ein annan fremjar dans som ein høveleg metode for astronomien. Gjengen klarte å publisere ein tredjedel av røvartekstane sine i fagfellevurderte tidsskrift, og fekk ved fleire høve jamvel gode skotsmål frå sine fagfeller. Pikant stoff for vitskapsfilosofar som meg.

Den følgjande debatten i USA har teke stad i kulturkrigen sine skyttargraver, med skuldingar om at dette er eit banesår for den «politisk korrektheiten» som pregar akademia. Få latar til å hugse at naturvitskaplege disiplinar har opplevd liknande skandalar. I 2002 publiserte dei to brørne og tv-fjesa Bogdanov til dømes ei rekke artiklar i anerkjente tidsskrift innan teoretisk fysikk. Dei var samlingar med ekstrem sjølvplagiering og moteord utan nokon form for fagleg substans.

Desse skandalane bør vere ei opning for å rette kritiske blikk mot ein ideologisk fundert politikk som verkeleg trugar vitskapen: den lite sexy forskingspolitikken. Det er ideologien bak forskingspolitikken, og ikkje knøttsmå fagmiljø i humaniora, eller Twitter-feeden til Jordan B. Peterson, som kjem til å avgjere framtida for vitskapen.

Akademia har blitt underlagt eit beinhardt målstyringsregime som byggjer på såkalla New Public Management. Dette tankesettet vart tidleg på 90-talet krystallisert som strategi for offentlege reformer av tenkjetanken til dei rike landa, OECD. Offentlege verksemder skal i større og større mon styrast som og ta form av private føretak, og forskinga slepp ikkje unna.

Snarare tvert om! Produksjonseiningar, også kalla for teljekantar, har blitt definerte og satt pengemakt bak. Den harde valutaen for forskarar er i stort mon poeng som kan samlast gjennom publikasjonar, gjerne i form av forskingsartiklar i vitskaplege tidsskrift. I ein beintøff jobbmarknad prega av mellombelse kontraktar, er slagordet om å «publisere eller forsvinne» ei rimeleg god røyndomsskildring.

Kva er følgjene for vitskapen som institusjon? Om vi skal studere kva som skjer i den verkelege verda, må vi ta ein titt på kor vidt denne marknadsideologien påverkar epistemologien – kvaliteten på kunnskapen som vert framstilt.

Alle resultat skal utfordrast. Denne enkle ideen har lagt til grunn for ei storstila auke i menneskeslekta sin kunne heilt frå den moderne vitskapen sin fødsel på 1600-talet. Vitskapen sin grunnmur er samanhengande sjølvkritikk. I praktiske uttrykk krevjar denne kvalitetskontrollen at vitskapsfolk både publiserer positive og negative resultat, som støttar og avkreftar eigne hypotesar, samt at dei gjentek sine eigne og andre sine eksperiment. Forskarar liker difor å tenkje på seg sjølv som ein del av eit sjølvkorrigerande samvirke. I dag er dei ikkje det.

Teljekantane har bidrege til kraftig auke i volum av publisert forsking. I 2016 vart det publisert 2.2 millionar forskingsartiklar. Volumet latar til å doble seg om lag kvart tiande år. Auka reflekterer ikkje ei tilsvarande vekst i kunnskap: Forskarar har klare grunnar til å dele opp funna sine i så mange artiklar som mogeleg. I tandem med den eksplosive veksten sviktar kvalitetskontrollen.

Forskingspolitikken er i ferd med å føre vitskapen inn i ei eksistensiell krise.

I ein beinhard akademisk jobbmarknad og eit tøft finansieringsrace, kan stadfesting av andre sine resultat gjere lite for å fremje ein forskar sin jobbtryggleik og karriere. Det same gjeld trauste funn som avkreftar eiga hypotese. Tidsskrifta ynskjer gjerne å publisere banebrytande funn: Eg har snakka med forskarar som har fått avvist forskingsartiklar på grunnlag av at dei vitskaplege arbeida manglar «wow-faktor», samt dei som inderleg håper på å få stadfesta ei spenstig hypotese. Publiseringspoenga skapar beinharde insentiv for ei slik von.

Det finnast tallause måtar å lyge med tal på. Eg kjenner stipendiatar som har fått melding frå professorar om å slette brysame datapunkt, ettersom dei ikkje passar med rådande forståingar. Økologen Richard McElreath talar jamvel om at teljekantane gjev dårleg forsking eit evolusjonært fortrinn: Om finansiering og jobbtryggleik avheng av publikasjonsvolum, vil det alltid vere fleire handfaste grunnar til å ta ein snarveg eller å vri på dataen ein gong til for å sjekke om det ikkje kan la seg gjere å støtte ein spanande hypotese. I litteraturen peikar enkelte studium på at det ikkje oppstår færre, men kanskje fleire, slike metodiske problem i prestisjefulle tidsskrift. Subtile snarvegar eller aktiv søking etter positive resultat krevjar ingen medviten juks.

Dei siste åra har ei gruppe med forskarar gjort systematiske forsøk på å stadfeste funna til vidt siterte eksperiment. Mange av dei har feila. Dette motprovar ikkje at det finst drøssevis med forskingsmiljø som har eit djupt engasjement for forskingsintegritet. Det tyder snarare at vi frå eit fugleperspektiv kan sjå at forskingspolitikken er i ferd med å føre vitskapen inn i ei eksistensiell krise.

Det er mange utslag av marknadsideologien som ikkje let seg skildre i detalj i laupet av ein enkel kommentar. Kutt i grunnfinansiering skapar større press på at forskarar skal vere «entreprenørar» som kurtiserer private kjelder til finansiering. Vi kan også tale om korleis mange forskarar i rike land ikkje nyttar mesteparten av tida si på å forske, men på å skrive søknader om pengar til offentlege organ.

Det er i alle høve institusjonane som må fiksast. I Noreg står vi likevel i fare for å gå i rakt motsett retning, all den tid regjeringa insisterer på å greie ut ein føretaksmodell for akademia. Føretaksmodellen tyder at universitet og høgskular får ein formelt uavhengig status, ved at dei går frå å vere delar av statsforvalting til å bli eigne juridiske einingar. I eit intervju med Universitetsavisa skildrar professor i jus ved Universitetet i Bergen Jan Fridthjof Bernt korleis kvar institusjon i større mon vil måtte organisere sin vitskaplege verksemd ut frå førestillingar om kva som gir flest myntar i kista.

Regjeringa sin argumentasjon er kledd opp med fyndord som fridom. For vitskapsfolk tydar likevel føretaksmodellen at forskinga deira i endå større mon vil styrast av marknaden sin logikk og ideologi.

Skal vi skape kritisk og solid vitskap, kan ikkje forsking vere teljekant eller handelsvare. Han må frigjerast frå marknadsideologien.

Mer fra Kronikk