Portal

Imot kunnskapsamfunnet

RØYST: Det smartaste venstresida kan gjere er å kjempe imot dagens forsøk på å forkle produktivitet som kunnskap.

---

Røyst

Artikkelen er henta frå Røyst, ein av samarbeidspartnarane i Morgenbladet sin tidsskriftportal. Sjå meir frå over 30 norske tidsskrift i PORTALEN.

Røyst er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som skal vere ei plattform for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer på venstresida. Tidsskriftet er basert i Bergen og ynskjer å styrke politisk initiativ på Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn.

---

The best minds are not in government. If any were, business would hire them away.

– utsakn av ukjend opphav ofte tilskrive Ronald Reagan

Noreg er ikkje eit kunnskapssamfunn. Ifølgje Erna Solbergs overgripande politiske narrativ må vi ut av oljeøkonomien for å få ein kunnskapsøkonomi. Narrativet har mange store hol. Det største er at vi er eit kunnskapssamfunn likevel. Verdsbankens kunnskapsindeks har vage kriterium,[1] men det er tydeleg at Noreg oppfyller dei sidan vi er rangert som nr. fem i verda. Andre rike land med ressursbaserte økonomiar hevdar dei er kunnskapssamfunn allereie. Kunnskapssamfunnet er soleis eit nasjonalt utviklingstrinn som statsministeren held tilbake retorisk. Å halde fram med oljeutvinning er irrasjonelt, men einkvar plausibel definisjon av kunnskap vil i det minste plassere den inni hovudet til ingeniørane, uansett om dei jobbar med olje eller bølgjekraft, og ikkje nedi materialet som blir utvinne.

«Mange har stilt meg spørsmålet om hva kunnskapssamfunnet er», skriv Solberg, som unngår å svare på spørsmålet ved å seie kva det gjer: «Kunnskapssamfunnet handler om å ta i bruk hvert enkelt menneskes talent for å gjøre Norge mest mulig konkurransedyktig – i skolen og i arbeidslivet».[2] Definisjonen er tvitydeg. På den eine sida skal Noreg bli meir konkurransedyktig – i ein slags global marknad der land konkurrerar mot kvarandre som om dei var bedrifter i same bransje – ved å optimalisere kvar innbyggjars nytteverdi. På den andre sida kan det høyrast ut som vi skal konkurrere meir mot kvarandre i skulen og arbeidslivet. Slik Noreg samstundes er og ikkje er eit kunnskapssamfunn, kan begge desse definisjonane vere sanne. Fordi ingen av dei handlar eigentleg om kunnskap.

Min nærlesing av det vage og vidtrekkande snakket om kunnskapssamfunnet – ifrå Verdsbankens rapportar til rektors kronikkar i regionsavisa – har vore nedslåande.

Min nærlesing av det vage og vidtrekkande snakket om kunnskapssamfunnet – ifrå Verdsbankens rapportar til rektors kronikkar i regionsavisa – har vore nedslåande. Kunnskap skal visstnok vere definerande for vår tid, men det har tydelegvis blitt uklart kva det er. Kunnskapssamfunnet har ingen etablerte definisjonar, trass omgrepets omfattande bruk og rekkevidde. Det er difor umogleg å avgjere, teoretisk eller empirisk, om vi er eller blir borgarar av eit slikt samfunn. Sidan ingen veit kva det er, må ein forenkla definisjon av kunnskapssamfunnet vere eit slags samfunn som er påheng til ein kunnskapsøkonomi. Ein samfunnsmodell som heilt og fullt ut blir kategorisert av økonomien sin.

Men kunnskapsøkonomien er også kryptisk.[3] Ideen er, som kjent, at økonomiane til industriland i større grad baserar seg på sal og produksjon av kunnskap. Teknologiutviklinga skjer i eit akselererande tempo og arbeidet blir stadig meir kunnskapskrevjande. Økonomien fôrast ikkje lenger primært av naturresursar eller fysisk arbeidskraft, men av input frå vår intelligens. Ofte går ideen endå lenger: Utdanning, forsking og utvikling – og vitskap i ein tradisjonell forstand – påverkar ikkje berre økonomisk vekst i større grad, men meir eller mindre vektlause kunnskapsprodukt som programvarer, databasar, bioteknologi og nye medium, utgjer ein aukande del av den nasjonale inntekta.

Desse endringane er notorisk vanskelege å spore. Kunnskapsøkonomiens framvekst er enorm viss den målast som auknaden av åndsrett som juridisk spesialitet og tilbodet av Knowledge Management-tenesterar frå konsulentbyrå.[4] Nokon betydeleg del av verdas økonomiar har ikkje blitt vektlause,[5] men diskursen som omgir dei er meir svevande enn før. Viss vi målar kunnskapsøkonomien som alt snakket om den, er framveksten gigantisk. Kunnskapsdiskursen pregar alle verdas land og alle internasjonale organisasjonar imellom.[6] Og konglen i dette kraniet er norsk. Her har høgresida mynta «kunnskapsskulen», og teke diskursen det nest siste steget mot å danne eitt ord samansatt av to synonym.

Rett nok, det er visse grunnar til å snakke om ein kunnskapsøkonomi. Målt som auknaden i patentar eller kunnskapsbasen for

Viss vi målar kunnskapsøkonomien som alt snakket om den, er framveksten gigantisk.

nesten all økonomisk aktivitet, kan framveksten av eit slikt fenomen sporast. Men det betyr ikkje at kunnskap – slik vi vanlegvis definerar det – er den mest sentrale produksjonsfaktoren. I denne samanhengen blir kunnskap nesten alltid definert som kodifisert kunnskap, som kan gjerast om til teikn og symbol, når den ein sjeldan gong blir definert. Slik sett er dette fenomenet endå lenger ifrå å skildre eit samfunn, som alltid er meir enn ein økonomi, men også er meir enn dei tankane som kan artikulerast.

Det nyleg utdøydde omgrepet «informasjonssamfunnet», som kunnskapssamfunnet har erstatta, fangar truleg betre opp endringane som er typiske for vår tid. For i motsetnad til informasjonsteknologi er kunnskap (i ein brei forstand) eit generisk trekk ved einkvar økonomi, eitkvart samfunn og eikvar utvikling av det. Kunnskapssamfunnet er soleis ein like meiningsfull merkelapp som «kultursamfunnet» eller «politikksamfunnet».[7] Men denne merkelappen er svært ekskluderande. Den er faktisk så ekskluderande at nærværet av kunnskapssamfunnet til og med er uklart, skiftande mellom notid og framtid, i vårt eige land som er ein av verdas fremste kunnskapsnasjonar. Viss kunnskapssamfunnet eksisterar i det heile må det vere som ein metafor for politikarar og næringslivsleiarars føretrukne framtidsscenario. Og viss metaforen utelukkande hintar til strukturelle økonomiske endringar, bør vi finne ut korleis den softe samfunnsdelen som omgir den harde økonomiske kjerna skal sjå ut. Det er trass alt den vi skal leve i.

Først må vi tilbake til kunnskapssamfunnets intellektuelle røter. Dei tjukkaste røtene leiar til etterkrigstidas framstillingar av postindustrielle framtidsutopiar. Managementguruen Peter Drucker er omgrepets opphavsmann. I The Age of Discontinuity (1969) refererte han både til «kunnskapssamfunnet» og «kunnskapsøkonomien». Og i fleire bøker frå 1950- og 60-talet skildrar han framveksten av kunnskapsarbeidaren, ein ny økonomisk aktør som skilte seg frå tidlegare arbeidarar ved å jobbe med hjerna heller enn hendene.[8] Druckers spådom var at den teknologiske utviklinga ville avskaffe manuelt arbeid og gjere kunnskapsskrevjande kommersielle tenestar til den nye produksjonsmåten. Kunnskapsarbeidaren, og slik også kunnskapen sjølv, blei plutseleg produktiv og utdanning blei lønsamt.

Først må vi tilbake til kunnskapssamfunnets intellektuelle røter. Dei tjukkaste røtene leiar til etterkrigstidas framstillingar av postindustrielle framtidsutopiar.

Den austerrikske økonomen Fritz Machlup er ein annan sentral figur. Machlup mynta «kunnskapsindustrien» i undersøkingar av den amerikanske arbeidsstokken tidleg på 1960-talet. Dei viste at kunnskapsindustrien målte 29 prosent av det amerikanske bruttonasjonalproduktet i 1959. Undersøkingane munna ut ei rekkje policy-råd som handla om produktivitet. Ifølgje Machlup bør grunnforskinga, patentsystemet og arbeidsstokkens «brainpower» styrkjast. Samstundes bør utdanning sjåst på og målast som ei investering heller enn ein kostnad – for både enkeltindividet og samfunnet som heilskap.[9] Machlup og Drucker satte slik politikken på sporet mot produktivitet og økonomisk vekst – slik vi kjenner det i dag.

Ei tynnare rot frå kunnskapssamfunnet går til eit internt paradigmeskifte i nyklassisk økonomi på 1900-talet. Økonomane brydde seg brått mindre om handel som statisk allokering av knappe ressursar, og meir om ideen om marknaden – og, ikkje minst, aktøren – som ein slags kunnskapsprosessor.[10] Men marknadane og aktørane prosesserte ikkje kulturell kunnskap som skikkar og tradisjonar, eller akademisk kunnskap som teori og vitskap. Det var snakk om ein taus kunnskap,[11] knowing-how heller enn knowing-that. Dette kunnskapsomgrepet kan sporast til kalkulasjonsdebattane mellom sosialistar og liberalistar i mellomkrigstida.[12] Debattane handla om moglegheitene for planøkonomiar i ei kompleks verd, men ebba ofte ut i opne spørsmål om kva kunnskap eigentleg var. Og svaret til den austerrikske økonomen Friedrich Hayeks stod seg best. Hayek meinte at kunnskapen var spreidd i små, ufullstendige bitar utover enkeltindivid. Kunnskap blei difor omtalt i ein problemsamanheng, som «kunnskapsproblemet», og spørsmålet var korleis samfunnet kunne bruke desse bitane på best mogleg vis.

Den frie marknaden var løysinga, ifølgje Hayek, Machlup (som også var tilstades i desse debattane) og alle dei andre austerrikarane. Men for Hayek var marknaden den einaste og mest optimale mekanismen å gjere dette med.[13] Den var optimal fordi den har sprunge naturleg fram over long tid og var den einaste tingen som romma summen av samfunnets samla kunnskap. Og marknaden var den einaste fordi den koordinerte individuell handling i ein slags spontan orden utan at nokon måtte underkaste seg vilja til ein annan person. Sjølv om individet kontinuerleg måtte tilpasse seg svingande, upersonlege marknadskrefter var valet mellom fleire ubehagelege alternativ nødvendigvis betre, for Hayek, enn å tvingast inn i eitt.[14]

I miksen mellom det tause kunnskapsomgrepet og Hayeks marknadsomgrep, ser vi framveksten av kunnskap som ein slags ting – som også er ekstremt viktig og det aldri er nok av. Men kva slags ting er eigentleg kunnskap? For økonomane etter paradigmeskiftet var den eit mysterium. Nokon meinte at ein person kunne bruke ein kunnskapsbit utan å hindre ein annan i å gjere det same. Det var også vanskeleg å hindre nokon å bruke ein kunnskapsbit som du sjølv hadde kjøpt. Det blei lærebokdømet på eit kollektivt gode. Andre var usamde. Kunnskap var delvis ekskluderande, fordi den tillot eigarar å hauste kortsiktige renteinntekter, mellom anna gjennom patentsystemet.[15]

Kva slags ting er eigentleg kunnskap?

Teoriane om humankapital var ei anna økonomisk tilnærming til kunnskap. Fleire økonomar tilknytt Universitetet i Chicago, betre kjend som Chicago-skulen i denne idétradisjonen, utvikla ideen – som Gary Becker er mest kjend for i dag. Becker definerte humankapital som investeringar ein person gjer i seg sjølv, i form av ikkje-overførbare eigenskapar som utdanning, ferdigheiter og helse.[16] Avkastnaden ligg i arbeidslivet som framtidige inntekter. Humankapital-omgrepet speglar samtidas optimisme om teknologi, utdanning og vekst, då dei kom ut tidleg på 1950-talet. Det legg opp til eit økonomiske landskap der aktøren til ei viss grad kan styre si eiga framtid. Aktøren kunne klatre til topps i meritokratiet viss hen var hardtarbeidande, lukkeleg og smart. Og teoriane var truleg inspirert av – men rensa for referansar til – Druckers kunnskapsarbeidar.

Ovanfor ser vi konturane av kunnskapssamfunnet som ideen om å skape eit smart samfunn ut av dumme enkeltindivids småbitar av snever og spesialisert kunnskap – koordinert av konkurransa mot kvarandre i ein fluktuerande marknad. Undervegs i utviklinga av kunnskapssamfunnet blir denne dimensjonen fanga opp av to postmodernistar på 1970-talet, den amerikanske sosiologen Daniel Bell og den franske filosofen Jean-François Lyotard. Dei førespeglar to forskjellige framtidsscenario. Bell formulerte ideen om «intellektuelle teknologiar» og eit «intellektuelt system» – anten styrt av staten eller ein slags datamaskin – som skulle avgrense marknadens negative verknadar. Målet var å skape eit postindustrielt samfunn med ein tilstrekkjeleg velstand for alle.[17] Lyotard, derimot, traff diskutabelt nok nærare med sin spådom om eit desentralisert samfunn der ein konkurranseprega arbeidsmarknad definerte kunnskap som knappe og lokalt-relevante ferdigheiter med fluktuerande marknadsverdi.[18]

Nærare vår tid er reaksjonane delte ettersom det var Lyotards spådom som vaks fram. Økonomar, managementteoretikarar og teknologar var ofte optimistiske. Sosiologar var pessimistiske, og framheva farane ved ukontrollert spreidning av uføreseieleg informasjon og teknologi. Ulrich Bechs idé om «risikosamfunnet» tilhøyrer denne gruppa. Ifølgje Bech er kunnskapsmangel grunnlaget for kunnskapsproduksjon. Og dess meir vi brukar vår spesialiserte kunnskap til å forme verda gjennom produksjon og forbruk, vil vi lære stadig meir om trusselbilete vi dermed utset oss for. Kvar innovasjon skapar soleis meir usikkerheit, og det trengs stadig fleire kunnskapsarbeidarar for å halde desse truslane i sjakk.[19]

Kvar innovasjon skapar soleis meir usikkerheit, og det trengs stadig fleire kunnskapsarbeidarar for å halde desse truslane i sjakk.

Bechs samtidsdiagnose er typisk for nokon som har sett den utopiske dimensjon ved desse postindustrielle framtidsvisjonane gli gradvis lenger vekk. Ein liten minoritet på venstresida har heile vegen helde fast ved håpet på teknologiens frigjerande potensial, og sett føre seg ei postkapitalistisk epoke utan knappheit. Men det blir stadig mindre som tydar på ei slik framtid. For som den kviterussiske teknologikritikaren Evgeny Morozov spør, viss vi «virkelig beveger oss i retning av en av disse post-epokene, hvorfor gå ut fra at det er kapitalismen, og ikke for eksempel ideen om sosialdemokratiet, som blir forlatt.»[20]

Peter Drucker (1909 – 2005), som har sett omgrepet sitt ta form nesten fram til i dag, snakkar til dømes om ein postkapitalisme som framleis er kapitalistisk. Der kunnskap berre har erstatta kapitalens rolle. Ifølgje Druckers blei kunnskap først brukt på naturresurrsar og maskiner under den indistruelle revolusjonen. Deretter blei kunnskap brukt på fabrikkarbeid, mellom anna av managementteoriens far, Fredrick Taylor, under produktivitetsrevolusjonen. I siste fase blei kunnskap brukt på kunnskap, som leia til managementrevolusjonen.[21] (Drucker kallar faktisk kunnskap brukt på kunnskap for management.) Kunnskap blir den eine produksjonsfaktoren, føre kapital og arbeid, og vips! – så har vi ein kunnskapssøkonomi med noko åttåt.

Det er lett å sjå kvifor håpet om ein postkapitalistisk framtid forvitrar. Slike visjonar har blitt tilskrive forteljinga om kunnskapssamfunnet frå utsida, men har aldri vore tilstades inni omgrepets idéhistorie. På innsida har det aldri vore snakk om anna enn produktivitet. Og det har aldri vore snakk om å byggje noko samfunn heller, men korleis kunnskapen, i ein snever forstand, til enkeltindivid kan brukast gjennom marknadsmekanismar og managementteori. Erna Solbergs funksjonelle definisjon av kunnskapssamfunnet, som tek «i bruk hvert enkelt menneskes talent for å gjøre Norge mest mulig konkurransedyktig», høyrest plutseleg ikkje meiningslaus ut. Den er faktisk urovekkandes presis.

Det er lett å sjå kvifor håpet om ein postkapitalistisk framtid forvitrar.

Akademikarar let seg truleg smigre for lett av ideen om kunnskapssamfunnet. Kanskje trur dei at det siktar til eit opent og nysgjerrig samfunn som verdset den abstrakte kunnskapen deira, og universitetet står i sentrum? For omgrepet meiner det motsette: Heile kunnskapssamfunnet er fullt av kunnksapsarbeidarar og kunnskapsprodusentar. Akademikarar og universitet har soleis ingen spesiell status blant desse. Faktisk kan teknologibedrifter, analysebyrå og tenketankar seiast å vere kunnskapsprodusentar på same plan. Det tradisjonstunge universitetet har ingen komparativ fordel. Slik er det med andre offentlege kunnskapsinstitusjonar også. Mange trur tilsynelatande at kunnskapssamfunnet handlar om fullfinansierte folkebibliotek, museum og lærestadar. Målet er produktivitet, så dei av desse institusjonane som er effektive nok får bli.

For oss på den konspiratoriske venstresida er kunnskapssamfunnets opphav ubehageleg tett tilknytt nyliberalismen. Ikkje berre står Hayek og Machlup sentralt, som begge var med i Mont Pelerin-kretsen der nyliberalismen byrja. Det same gjer deira etterfølgjarar i Chicago-skulen.[22] Becker var til dømes president i The Mont Pelerin Society tidleg på 1990-talet. Men også Drucker, omgrepets opphavsmann, vaks opp i eit intellektuelt hushald i Wien der Hayek, Joseph Schumpeter og Ludwig von Mises kom innom for å snakke butikk, før han seinare flytta til USA i likskap med austerrikarane. Men det er ikkje berre persongalleriet som overlappar. Heile ideen om kunnskapssamfunnet er på sett og vis eit retorisk overbygg, som den hyggelege businesslunsj-versjonen, til Hayeks desentraliserte og disiplinerande marknadsmekanisme, pluss ein dose humankapitalteori, managementteori og teknologisk determinisme. Denne definisjonslause, diffuse metaforen for ignorante enkeltindivid som drivkraft for ein økonomi kunne ikkje passa betre inn i Margarets Tatchers mantra «there is no such thing as society».

For oss på den konspiratoriske venstresida er kunnskapssamfunnets opphav ubehageleg tett tilknytt nyliberalismen.

Michel Foucault satte fingeren på korleis humankapital-omgrepet, på finurleg vis, snudde vårt sjølvbilete som økonomiske aktørar frå arbeidar til kapitalist.[23] Gjennom etterutdanning og helgeseminar kan vi pusse oss sjølve opp som ei slags sekundærleiligheit. Vitskapsfilosofen Philip Mirowski har plukka opp eit par andre poeng frå Foucaults syn på nyliberalismen som bør leggjast til rekninga. Den lanserer individet som ein slags entreprenør for sitt eige liv, og tillet det ikkje å byggje identiteten sin i eit større rammeverk, som hjørnesteinsbedrifta eller staten. Entreprenørskap blir gjort til ei dygd og utvidar slik det økonomiske tankesettet, og dermed også marknadsmekanismane, til resten av individets liv. Individet blir soleis konkurransedyktig og risikovillig – og villig til å bere eit potensielt tap i marknaden utan å klage.[24]

Nyliberalismens mest undervurderte slagside er påverknaden på kvardagslivet. Uansett om du meinar nyliberalismen er død eller eit sekkeomgrep som venstresida puttar alt den ikkje likar i, endrar vi oss på ein måte som liknar det denne idéhistoria førespeglar. Legg til grunn ein definisjon av nyliberalismen som eit konstruktivistisk politisk prosjekt: Statsappratet og samfunnsinstitusjonar skal ikkje pressast tilbake, men aktivt brukast til å forme og oppretthalde marknadar.[25] Pluss på at ekte nyliberalistar ikkje eigentleg eksisterar. Dei som har eksistert er døde idag. Ideane blir vidareført som spontane enkelthandlingar med forsøksvis gode intensjonar – som regel om å effektivisere institusjonar på ein økonomisk målbar måte. I tur endrar dette oss. For det er jo vi som blir effektivisert. Vi formast av samfunnet rundt oss ved å tilpasse oss det.

Våre liv kretsar, med stadig færre unntak, rundt marknadsinvolveringar: Å «vere inne på marknaden» betyr til dømes å har ei lita leiligheit og eit stort lån. Sett at bustadmarknaden ikkje endrar seg, er dette den beste invisteringa du kan gjere. Men konkurransa hardnar til så du må tene relativt godt. Du må gjere gode humankapital-investeringar, forstått som rett utdanning, rette ferdigheiter og rette eiegenskapar, som arbeidsgjevarar etterspør, og samkøyre desse i eit vellukka karrierelaup. Sett ifrå våre individuelle innbyggjarperspektiv er dette ei av fleire slike tilpassingar som må planleggjast, førebuast og realiserast med store personlege kostnadar, og ein personleg risiko for tap. Det er difor lett, som fleire av oss truleg gjer, å forveksle det økonomiske rammeverket for eit godt liv med livskvalitet. Korleis ser dette ut ifrå makroperspektivet til politikarar og andre samfunnsutformarar? Metaforen om kunnskapssamfunnet tydar truleg på at denne forvekslinga er fullbyrda hos desse for lenge sidan.

Artikkelen er henta frå Røyst, ein av samarbeidspartnarane i Morgenbladet sin tidsskriftportal. Sjå meir frå over 30 norske tidsskrift i PORTALEN.


[1] Verdsbankens Knowledge Assessment Methodology (KAM) målar nasjonars Knowledge Economy Index og Knowledge Index. KAM brukar fordelaktige kriterium for Noreg: HDI, årleg BNP-vekst, utdanningsdeltaking og telefon-, datamaskin- og internettbrukarar per 10 000 innbyggjarar.

[2] Erna Solberg, «Slik bygger vi kunnskapssamfunnet». E24.no, 06.09.2013.

[3] Keith Smith, «What is the Knowledge Economy?» The United Nations University, 2002.

[4] Walter Powell, Kaisa Snellman. «The Knowledge Economy», Annual Review of Sociology, 2004.

[5] Jonathan Perraton, «Heavy Constraints on a 'Weightless World'?» Resources and the New Economy, 2006.

[6] Til og med eremittstaten Nord-Korea. Det akademiske tidsskriftet Kyongje Yongu blei i 2014 lansert med tematittelen: «The Creation of High-Tech Development Zone is Necessary Step in the Knowledge Economy Era».

[7] Steve Fuller, «A Critical Guide to Knowledge Society Newspeak: Or, How Not to Take the Great Leap Backward», Current Sociology, 2001.

[8] Sjå, mellom anna, Peter Drucker, The Landmarks of Tomorrow, 1959.

[9] Fritz Machlup, The Production and Distribution of Knowledge in the United States, 1962.

[10] Philip Mirowski, «Why There Is (as Yet) No Such Thing as an Economics of Knowledge», The Oxford Handbook of Philosophy of Economics, 2009.

[11] Michael Polanyi, Personal Knowledge: Towards a Post-Critical Philosophy, 1958 og The Tacit Dimension, 1966.

[12] For ei innføring, sjå Ola Morris Innsets artikkel lenger framme i tidsskriftet, s. xx.

[13] Friedrich Hayek, «The Uses of Knowledge in Society» og «Economics and Knowledge» i Individualism and Economic Order, 1948.

[14]  Friedrich Hayek, «Individualism: True and False» i Individualism and Economic Order, 1948.

[15] Mirowski, 2009.

[16] Gary Becker, Human Capital: A Theoretical and Empirical Analysis, 1964.

[17] Daniel Bell. The Coming of Post-Industrial Society: A Venture in Social Forecasting, 1973

[18] Jean-Francois Lyotard. The Postmodern Condition. 1979

[19] Ulrich Bech, Risk Society: Towards a New Modernity, 1992.

[20] Evgeny Morozov, «Troen på at vi går mot en post-kapitalisme er i beste fall naiv», Morgenbladet, 2015.

[21] Peter Drucker, Post-Capitalist Society, 1993.

[22] Sjå David Harvey, A Brief History of Neoliberalism, 2005 og Philip Mirowski, Dieter Plehwe, The Road from Mont Pèlerin, 2009.

[23] Michel Foucault, The Birth of Biopolitics, 2009.

[24] Philip Mirowski, Never Let a Serious Crisis Go to Waste, 2013.

[25] Sjå Philip Mirowski, Ola Morris Innset i denne utgåva, og alle andre som definerar nyliberalismen slik.

Mer fra Portal