Portal

Marina Litvinenkos reiser

SYN OG SEGN: Marina feirar 22-årsdagen for ekteskapet med Aleksandr Litvinenko med ei reise gjennom London.

– Kva vil du ha å drikke?

– Te. (Kort pause). Eg meiner avtrekk. Av peparmynte.

Marina Litvinenko skulle ha drukke champagne og ikkje te. Marina skulle ha feira 22 års bryllaupsdag med mannen, i dag, 14. oktober 2016. Men Aleksandr Litvinenko døydde for ti år sidan, etter å ha drukke ein sup av ein kopp te forureina av den livsfarlege isotopen polonium-210. Om Sasha, som ho kallar han, hadde levd, ville dei kanskje ha feira dagen akkurat her, i restauranten til The Frontline Club.

I etasjen over oss sit nokre av dei viktigaste journalistane i London og snakkar med kjelder eller skriv ut intervju. Der har Marina sjølv vore intervjua og snakka om boka ho gav ut etter mordet på mannen. Der har mannen hennar vore intervjua og snakka om bøker som han gav ut, som kritiserte Putin og den tidlegare russiske sikkerheitstenesta KGB, det som no er FSB. Under klubben, under restauranten, i kjellaren, står ein servitør og klipper peparmynteblad av ei urteplante.

– All maten her er kortreist. Eg likar meg her, seier Marina. Ho har sjølv reist langt for å komme til London. Flukta skjedde brått då mannen vart truga på livet heime i Moskva. Han reiste ei natt utan at ho visste om det. Berre dagar etterpå følgde ho og den seks år gamle sonen etter. No er Anatoly, «Tolly», som londongut å rekne. Han er ferdig på universitetet og prøver å få jobb i The Guardian eller andre medium som han synest gjer gode jobbar for ytringsfridom i Storbritannia og verda. Far hans vart drepen fordi han var ein varslar som ytra seg kritisk mot FSB og mot Putin og Kreml generelt.

Flukta skjedde brått då mannen vart truga på livet heime i Moskva. Han reiste ei natt utan at ho visste om det.

FEMTI GRAM, IKKJE MEIR

Servitøren kjem opp trappene med ei mellomstor, kvit kanne og ein anonym, kvit kopp. Eg tippar kanna rommar to–tre koppar te. Servitøren fyller Marinas kopp halvfull. Etter å ha lese rapporten etter drapet på Litvinenko veit eg at ein tredjedels full tekopp har om lag 100 gram væske, toppen. Femti gram, ikkje meir, var Aleksandrs observasjon og vitnefråsegn til britiske etterforskarar som ville vite kor mykje te han var tilbydd på The Pine Bar 1. november 2006. Kor mykje drakk han? Tretti gram, forklarte Litvinenko på dødsleiet sitt. Han hadde sjølv fått ei datostempling då. Han hadde berre dagar att å leve. Det hasta med å få detaljar som oppklara drapet på han. Dødssjuk, gul i huda, hårlaus og med eit hjarte som stansa og vart starta igjen, forklarte Litvinenko at teen var kald, med ein uvanleg smak. Litvinenko var mordofferet som oppklara sitt eige mord.

Dødsårsaka vart snart identifisert: inntak av polonium-210 gjennom te. Sidan då har menneske over heile verda vore fascinerte, skremde, underhaldne av den litterære, spennande og groteske saka, som er misforstått som eit spiondrama. Men Litvinenko var ikkje spion for KGB. Litvinenko var oberstløytnant og byrja karrieren med sikring av gulltransport. Han etterutdanna seg i etterretning på eit KGB-senter i Sibir og kom i 1991 til KGBs hovudkvarter i Moskva. Her etterforska han organisert kriminalitet, og i 1993 møtte han Marina. Det skulle bli byrjinga på eit nesten uverkeleg lykkeleg ekteskap, og eit drap som korkje er fascinerande eller spennande, men som først og fremst er ein tragedie. Det er forteljinga om ein familie som blir riven opp, ein gut som mister far sin, og enka som er att aleine i eit framandt land.

Kor mykje drakk han? Tretti gram, forklarte Litvinenko på dødsleiet sitt. Han hadde sjølv fått ei datostempling då. Han hadde berre dagar att å leve.

Rastløysa. Marina Tsybin er einebarn og har eit lite jenterom i ei lita leilegheit i eit enormt bustadkompleks utanfor Moskva. Der søv og leiker ho mellom lekselesing og danseøving og sit gjerne med faren, sivilingeniøren, når han puslar med heimearbeid på kjøkkenet. Marina ønskjer å bli dansar. Moskva har mange ballrooms for selskapsdans. Mot slutten av syttitalet blir kulturen friare. Å danse profesjonelt kjennest mogleg. Marina får lov til å danse så mykje ho vil – om ho tar anna utdanning også. Ho studerer til ingeniør ved Moskva oljeakademi, men held fram med å danse og blir god. Dansepartnaren og ho konkurrerer landet rundt. Dei giftar seg, slik at det blir lettare å reise og dele rom på hotella. Men dansen er ikkje nok til å halde paret saman. Dei skil seg og sluttar etter kvart å konkurrere saman. Marina får jobb som aerobicinstruktør i Moskva og har eit godt liv med venner og foreldre omkring seg. Då kjem Aleksandr inn i livet hennar. Han tryggar venner av Marina og følgjer dei til bursdagsfesten hennar. Aleksandr blir raskt tiltrekt av Marina. Dagar seinare oppsøkjer han henne. Dei går ein tur. Marinas føter blir såre. Aleksandr masserer føtene hennar.

– Eg var sjokkert. Det var så … intimt.

– Kva kjente du for han då?

– Eg hadde akseptert han som mann. Eg fekk med ein gong ei kjensle av å vere trygg i lag med Sasha. Han ønskte å ta vare på meg. Det kjentest rett å la han gjere det.

KRITIKKEN AV PUTIN

1. juni 1994 blir Anatoly fødd. Ei veke seinare blir Aleksandr sett til å etterforske drapsforsøk på forretnings- og vitskapsmannen Boris Berezovskij. Berezovskij er av mange grunnar ein kontroversiell og mykje omtala person. Han er i Boris Jeltsins inste sirkel og har etter kvart fått stor makt og ein veldig formue. Men Jeltsin mister posisjon. Putin blir leiar i KGB, det som seinare blir FSB. Berezovskij blir etter kvart ope kritisk til Putin. Aleksandrs kjennskap med Berezovskij utviklar seg til vennskap. For også Aleksandr blir kritisk til måten FSB er styrt. Han synest det er stadig vanskelegare å jobbe i eit FSB som han opplever som kriminelt.

Sommaren 1998 skriv Aleksandr ein stor rapport med fakta, plansjar og lister over koplingane mellom FSB og dei kriminelle. Han har fortalt at han masar seg til eit møte med direktøren for FSB, som er Vladimir Putin. Då han kjem inn på kontoret, skal Putin, i følgje Aleksandr, ha unngått blikkontakt. Aleksandr opplever Putin som lite oppriktig, som om han ikkje er direktør, men som «om han står på ei scene og speler direktør». Aleksandr har fortalt at han viser Putin plansjen. «Kva er dette?» skal Putin ha spurt, og peikt liksom vilkårleg på plansjen. Aleksandr opplever dette som meiningslaust og går over til anna materiale han har med seg: ei liste over folk i FSB som han meiner er uheiderlege. Putin tar lista, får Aleksandrs private telefonnummer og sender han ut. Møtet skal, i følgje Aleksandr, ha vara i ti minuttar.

Aleksandr blir kritisk til måten FSB er styrt. Han synest det er stadig vanskelegare å jobbe i eit FSB som han opplever som kriminelt.

Aleksandr høyrer ikkje frå Putin og tar kontakt med eit nyhendebyrå. Interfax og han organiserer ein pressekonferanse. På podiet sit Aleksandr og fem andre FSB-tilsette som er kritiske til tenesta. Aleksandr skuldar FSB-leiarar for korrupsjon. Aldri før i historia har den russiske hemmelege tenesta vore utsett for så stor merksemd. Det blir skandale. Og berre veker seinare blir Aleksandr sparka frå jobben. Sidan blir han fengsla. Aleksandr blir frikjent av retten. Men på veg ut av rettssalen blir han arrestert igjen. Skuldinga mot han er tøvete: grønsakstjuveri. Aleksandr blir sett i Lefortovo-fengselet. Her sit statsfiendar, mordarar og andre som er skulda for alvorlege forhold. Men det kan bli endå verre, og det blir det. Aleksandr blir send til Butyrka-fengselet og står i ei celle som er så trong at han ikkje kan legge seg. Han har verken mat, vatn eller ein stad å gjere frå seg.

1999, Butyrka-fengselet, Moskva. Marina står i kø i timar. Ho kjem fram til luka og får vite at ho ikkje får komme inn utan vidare. Marina drar heim, leiter opp heimenummeret til fengselsdirektøren, og ringer han. Han seier: Du får komme inn viss du får lov frå sentralt hald. Marina er rådvill, men driven av adrenalin. Ho drar til offentlege kontor og kjem ut att med eit skriftleg løyve til å vitje Aleksandr. Det tar ho med til direktøren, som gir henne det endelege løyvet. No kjem ho heile vegen gjennom og inn til Aleksandr.

– Sasha var sjokkert då eg stod der. Ingen trudde at eg skulle komme heilt gjennom. Særleg ikkje fengselsdirektøren.

UT AV RUSSLAND

Marina får sjå mannen sin og får gi han litt mat. Men då ho har dratt, fortset eit forvirrande tilvære. Mellom beintøffe behandlingar frå personalet møter han ei gruppe framande. Dei spør kva Aleksandr veit om Putin, og oppmodar han om å fortelje alt. «Du skjønner vel at du kan bli forgifta her, utan at vi kan gjere noko særleg for å hjelpe deg?» Men til slutt må Aleksandr bli sett fri. Klagen mot han er for tøvete. Lauslatinga er rett nok mot kausjon. Men straks etter kjem endå ei ny, og no alvorlegare skulding. Før rettssaka reiser Aleksandr ut av landet. Til Marina seier han berre at han reiser til Naltsjik for å vitje slekt. Men frå Naltsjik reiser han til Georgia og får levert beskjed til Marina om at ho må ta med seg Anatoly til Tyrkia. Der ventar Aleksandr.

– Vi byrja å kjenne oss ganske fortapte i verda. Ikkje kunne vi reise attende til Russland. Vi søkte om visum i Tyrkia og venta og venta på behandlinga av søknaden.

Men så kjem andre venner av Berezovskij: vitskapsfolka Alex Goldfarb og Yuri Felshtinsky kjem frå USA. Goldfarb har også med seg kona si, som Marina tenkjer på som roande og tryggande. Marina tenkjer at dette skal gå bra. Dei leiger ein bil saman og køyrer i eitt døgn til Istanbul. Frå Istanbul tar dei fly til Heathrow. Der søkjer Litvinenko straks om politisk asyl for seg og familien. Dei flyttar inn i ein bustad i Kensington. Berezovskij, som betalte flukta, betaler for bustaden. Han bur også i London. Eit halvt år seinare får familien asyl i Storbritannia. Dei endrar etternamn til Carter. Dei neste par åra brukar Litvinenko til å skrive boka Blowing up Russia. Her skuldar han Putin for å stå bak «bustadbombene» utanfor Moskva ved tusenårsskiftet. Putin skuldar tsjetsjenske terroristar for åtaket. Litvinenko skriv også The Gang from the Lubyanka. Her skuldar han FSB for korrupsjon, for samarbeid med kriminelle. Litvinenko skriv ein artikkel for nettstaden Chechenpress der han kallar Putin for pedofil. Aleksandr går over grenser, både fysisk og i fråsegnene sine. Og heile tida står Marina ved sida av han.

– Eg var ikkje alltid sikker på kva eg skulle gjere. Eg hadde heile livet mitt i Moskva. Familie, venner, jobb. Anatoly gjekk på skule. Eg kunne ha blitt der. Men så skjønte eg at Anatoly var i fare i Russland.

Etterforskarane visste kven som drap Litvinenko med kva, når. Men kvifor? Og kven stod bak?

Marina sjekkar telefonen og ber meg orsake.

– Eg ventar telefon frå Anatoly. Eg har invitert han med hit, eg håpar det er greitt! Marina ringer han opp, snakkar russisk og forklarar etterpå at sonen er på veg heim til huset deira nord for London. – Men du får møte han snart.

Ho tar ein ny telefon, snakkar igjen russisk, og forklarar: – Det var Elena. Ho insisterte på at vi ikkje skulle ete, men ete med henne. Ho har ein reservasjon på The Rules til sein lunsj.

Men maten her er så kortreist at han allereie er på veg mot bordet.

Elena Tsirlina er Marinas advokat. Dei snakkar saman kvar dag, ofte fleire gongar om dagen. Anten i møte eller på telefon. Nesten uansett kva Marina gjer, rådfører ho seg med Elena. Også før ho sa ja til å møte meg, rådførte Marina seg med Elena. Det er ikkje først og fremst av tryggleik: Marina er britisk rettssubjekt og skal kunne vandre heilt trygt overalt i London. Men i åra med rettssaker og medieoppbod etter Aleksandrs død har dei to blitt bestevenner. Dei gjer kva som helst for kvarandre. Også å sjekke kva journalistar og dokumentaristar eigentleg er ute etter.

MENNESKERETTSADVOKATEN

Sommaren 2015: Eg lyttar til BBC World Service og høyrer at saka om drapet på Litvinenko er avslutta, ein rapport er publisert. Eg set meg og leitar opp gamal og ny informasjon om saka. Særleg interessert blir eg i det eg finn om og av enka. Berre månadar etter at mannen døydde, gav ho ut ei bok om saka. No ser eg at ho er drivkrafta bak rettssaka og rapporten. Fleire av artiklane eg les, er signerte The Guardian-journalist Luke Harding. Eg skriv til Harding, som gir meg e-postadressa til Marina. Og eg skriv til henne: «Kan eg få møte deg og intervjue deg? Om du samtykkjer, vil eg gjerne skrive ei bok basert på livshistoria di. Eg oppfattar deg som ei modig og sterk kvinne. Eg er interessert i å høyre deg fortelje meir om vala du har tatt, utfordringar du har møtt, og alle dei dramatiske hendingane som du har vore engasjert i. Ballroom dancing, at du gifta deg med Litvinenko, opprøret i KGB på slutten av nittitalet. At Aleksandr vart ein varslar, og at de flykta frå Moskva til London. Eg vil høyre deg fortelje om kampen for å gjere saka om mannen din til public inquiry.»

– Det er påfallande stille frå britiske styresmakter. Kvifor har dei ikkje følgt opp konklusjonen i rapporten? Eg trur det er av diplomatiske grunnar.

—   Marina Litvinenko

Det går veker, over ein månad. Endeleg får eg svar på e-posten min. Det kjem ikkje frå Marina, men frå advokaten hennar. Elena Tsirlina, med tittelen «senior partner, Blokh solicitors», svarar: «Fru Litvinenko er diverre utanlands. Men eg møter deg gjerne til sein lunsj då og då, der og der.» Eg reiser til London, til ein sein lunsj som varar i tre timar. Advokaten byr raust på kunnskapen sin og erfaringane med saka og rettsprosessen. Her er forteljinga hennar:

Elena blir fødd i Moskva i 1974. Også ho veks opp i ei lita leilegheit i Moskva. Faren jobbar som ingeniør for det russiske jernbaneverket. Elena fortel at han revolusjonerer togsystemet i Russland. Ifølgje henne brukar dei framleis systemet som han var med på å lage den gongen. Då Elena er tenåring, blir faren sjuk. «Vi måtte til Storbritannia for å gi han rett behandling», fortel Elena. Ho og foreldra kjem til London då ho er sytten. Elena utdannar seg til advokat, med fordjuping i menneskerett. Frå Elena er tretti år, er ho involvert i saker der Aleksandr Litvinenko figurerer på eitt eller anna vis. Ho tar nokre oppdrag for Boris Berezovskij, og slik møter ho Aleksandr. Men så blir Elenas venn, den regimekritiske journalisten Anna Politkovskaja, skoten i heisen i bygget der ho bur i Moskva.

19. oktober 2006: Frå alle kantar av London trekkjer folk til Frontline Club. Dei er russiske intellektuelle og politisk engasjerte, eksilrussarar eller journalistar. Dei samlar seg i andre etasje, til samtale om Politkovskaja-drapet. Elena er ei av dei, Aleksandr og Marina andre. Elena kjenner Aleksandr då, men ikkje Marina. Aleksandr sit på scena. Intervjuaren er opprørt. Ho seier: Kven drap Anna Politkovskaja? «Det kan eg svare direkte på», seier Aleksandr: «Putin drap Politkovskaja.» To veker seinare blir Aleksandr kontakta av ein tidlegare kollega frå FSB: Andrej Lugovoj. Aleksandr kjenner Lugovoj som ein venn, ein som har tatt nokre av dei same vala som han sjølv: å hoppe av FSB og gjere noko anna. Aleksandr samtykker i å møte Lugovoj på The Pine Bar, 1. november 2006. Aleksandr trur dei skal møtast for å drikke te og for å utveksle informasjon som kan vere til det gode for dei begge. Men han skal gå derfrå med ei svært dårleg magekjensle:

Itsu sushirestaurant, Piccadilly, 1. november 2006, klokka 15.00: Aleksandr et lunsj med ein kollega. Telefonen hans ringer. Det er Lugovoj som lurer på kor Aleksandr blir av. Lugovoj ringer igjen klokka 15.40 og ber Aleksandr få opp farten. «Eg må snart dra for å sjå fotballkampen», seier Lugovoj. Aleksandr drar på seg jakka og går til The Millenium Hotel og opp trappene til The Pine Bar. Ved bardisken sit Lugovoj med ein venn, Kovtun. Dei har nådd å drikke eit par gin tonic og ein champagnecocktail. Dei er litt i farta. På disken står ei kanne te og krus. «Vil du ha noko?» spør Lugovoj. Han gjentek spørsmålet. Aleksandr vil ikkje ha noko. Då seier Lugovoj: «Greitt, vi skal gå no uansett. Men det er att litt te her. Berre ta om du vil ha.» Aleksandr får ein rein kopp og ein slant te. Han tar ein sup, kanskje tre–fire, og kjenner at teen er grøn, utan sukker, at han er kald. Han liker han ikkje og drikk ikkje meir. Men det er for seint.

Aleksandr blir sjuk den same natta. Han spyr og har diaré. Etter tre dagar blir han lagd inn på sjukehuset. Dei behandlar han for bakterieinfeksjon. Aleksandr deler mistanken sin, som er forgifting. Først etter ei vekes tid blir mistanken hans tatt på alvor og tilfellet behandla som potensielt kriminelt. Aleksandr blir dårlegare for kvar time som går. Håret fell av. Vitale organ sviktar. Den tolv år gamle Anatoly vitjar faren og skildrar tilstanden som det å sjå eit plasteple. Det liknar noko som lever. Men det gjer det eigentleg ikkje. Aleksandr har dødsstempelet. Det hastar å få så mykje informasjon frå han som mogleg før han døyr. Den tidlegare etterforskaren veit kva type observasjonar som er nyttige for etterforskinga: Detaljar. Alt kan vere relevant.

I ein rapport etter rettssaka konkluderer dommaren med at drapet på Aleksandr var bestilt frå leiinga av FSB, og sannsynlegvis også frå Putin sjølv.

Det var spor av polonium frå Moskva, via Hamburg til London. Ein kunne følgje stoffet til dei to mennene som Aleksandr møtte på The Pine Bar. Etterforskarane visste kven som drap Litvinenko med kva, når. Men kvifor? Og kven stod bak? I ein rapport etter rettssaka konkluderer dommaren med at drapet på Aleksandr var bestilt frå leiinga av FSB, og sannsynlegvis også frå Putin sjølv. Poloniumet må ha komme frå den statlege plantasjen Avangard, hevdar rapporten.

Marina oppfyller lovnaden ho gav til mannen på dødsleiet. Dessutan får ho som eit heilt nytt liv, med eit nytt nettverk, nye oppdrag, nytt å arbeide med. Elena er ei av dei ho samarbeider med.

OFFENTLEG GRANSKING

For å få møte Marina måtte eg, i 2015, passere testen hos Elena. Det gjorde eg visst. Og då Elena gjekk god for meg, møtte Marina meg med ope hjarte, også ho raust bydande på seg sjølv.

Frontline Restaurant har tre meters takhøgd. To av veggane er berre vindauge. På dei andre to heng det fotografi. Fotografia er også vindauge. Dei viser ei stor og mangfaldig verd av dramatiske hendingar og dokumentasjonen av dei. Her heng ikoniske pressefoto: «Fallande soldat» av Robert Capa, napalmjenta frå Vietnam og seglaren som kysser ein sjukepleiar på Times Square rett etter slutten på andre verdskrigen. Kysset, eit symbol på den intense letta, fridomen og lykkerusen mange kjente då krigen var slutt. Eit anna av dei ikoniske pressebilda som har gått verda rundt, er det av Aleksandr Litvinenko på sjukehus nokre dagar før han døydde. Det kunne nok ha hange her, på Frontline. Men kva tenkjer dei elles i landet? Det var ein siger for Marina å få opna det som ein på engelsk kallar «public inqury». Dette er etterforsking og rettssaker av høg offentleg interesse. Dei blir finansierte av staten. Rapporten etter saka var også ein siger. Men etterspelet skuffar Marina.

– Det er påfallande stille frå britiske styresmakter. Kvifor har dei ikkje følgt opp konklusjonen i rapporten? Eg trur det er av diplomatiske grunnar, seier Marina.

I Russland ser mange framleis på Litvinenko som ein landssvikar. Samtalen og informasjonen som går om dette i Vesten, kjem ikkje gjennom i eit Russland dominert av statsstyrte medium og eit generelt høgt trykk av propaganda. Marina må heile tida jobbe aktivt med og for informasjon. At ho brukar av tida si til å gi intervju med meg, er eitt døme. I samarbeid med Elena får ho også formidla ny informasjon om saka spesielt eller tilhøva i ytringsfridomsspørsmål i Russland generelt. The Guardian er ei av avisene som er på Marinas side i saka og formidlar intervju og informasjon. Marina reiser også rundt i Europa og held føredrag om saka, om boka si og ytringsfridom. I fjor var ho mellom anna på den store litteraturfestivalen Hay Festival. Ho var òg i Noreg i 2007 i samband med boka si, Death of a dissident.

Marina snakkar igjen i telefonen, igjen russisk. Samtidig forlèt vi Frontline og dansar mellom folk på travle fortau. Marina tar armen min og snakkar framleis med nokon andre i telefonen. Så legg ho på og kniser og seier «Elona, Elona». «Elona?» spør eg. Marina forklarar: «Elena! Mi Elena. For meg er ho Elona.»

– Det er som om Sasha er med meg og får dette gode til å skje for meg, seier ho. Ho har eit smil om munnen og tårer i auga. Men ho er også klar over at ho er særleg på utkikk etter slikt: meining og teikn, i alt det meiningslause.

– Eg er ikkje overtruisk og heller ikkje svært kristen. Men eg har det religiøse i meg. Eg trur det er noko som er større, seier ho.

Marina snakkar fort og flytande engelsk. Flytande og fort er også måten ho kjem seg forbi folk og over gater, til Paddington stasjon. Folkemengda tetnar til: trillekoffertar, kontorfolk, familiar på veg heim frå barnehagen.

– Eg elskar å bli kjent med nye byar, fortel ho, og finn banen som tar oss til Covent Garden og Londons eldste restaurant, The Rules. Her ventar Elena.

– Så kva skal vi ha? Champagne? seier Elena. Marina ser på klokka. Jau, it is wine o’clock. Vi skålar for 22 års bryllaupsdag. 14. oktober er ein spesiell dag i den russisk-ortodokse kalenderen. Det er ein minnedag for heilage Theotokos (Jomfru Maria). Det heiter seg at det å gifte seg på denne dagen bringar stor lykke.

– Datoen er tilfeldig, hevdar Marina: – Det var den dagen og den tida då registreringskontoret hadde ledig tid.

Skal vi også skåle for rapporten til sir Owen? Eg testar det på kvinnene. Jau då. Rapporten er ingen dom i juridisk forstand, men spreier informasjon. Han gir klåre, relativt eintydige teoriar om mordet, og eit reint portrett av kven Litvinenko hadde vore, kva han gjorde i Russland, og eventuelle grunnar til at han skulle bli myrda.

– Det er ein grunn til at rapporten ligg offentleg tilgjengeleg, kommenterer Elena. Men fer opp, tar telefonen og seier: – Er rapporten framleis på nett? Ja! Alt er der framleis. Men det blir tatt av. Det ligg der ikkje alltid.

Det russiske folket er som leiarane: Dei ønskjer å ha det behageleg. Det går an å leve seg inn i det.

—   Luke Harding

PUTINS PROPAGANDA

Forfattar Luke Harding fekk forteljinga trykt på papir. Han jobbar til dagleg i The Guardian, men var aktuell med boka Dødelig dose på Press forlag i fjor. Eg vitjar han i The Guardian og spør kvifor Putin framleis sit med makta i Russland – etter bøkene til Harding, etter Panama-avsløringar om korrupsjon.

– Målet for Putins propaganda er å overtyde russarar om at andre stader er like ille som Russland, av typen «Ja, vi har korrupsjon. Ting er ikkje topp. Men Vesten, inkludert Noreg, er like dårlege greier».

– Russlands hermeneutiske strategi er å lage ein kakafoni av versjonar av ei hending. Lat oss seie at staten står bak nedskytinga av eit sivilt fly. Dei spreier mange utgåver av historia, ulike teoriar om kven som står bak. Alt flyt, alt er oppe til diskusjon. Dette er ein del av Kremls måte å komme unna med dei aller verste brotsverka, meiner Harding.

– Eg seier dette i ein frivol tone og kan tulle med det. Men det er dødeleg alvor. Putins propaganda fungerer, seier Harding. Han har høyrt om flyktningstraumen til Noreg over grensa mot Russland. Eg spør han om han trur at flyktningane var «sende» eller hjelpte av russarane.

– Putin ville sendt dykk 500 000 flyktningar om han kunne. Putin har ingen skruplar mot politiske motstandarar. Han veit at jo fleire flyktningar som kjem, jo større blir forvirringa der dei kjem. Det som er uheldig for Noreg, vil Putin køyre på med.

– Nokre hevdar at det blir gjort for å destabilisere norsk politikk.

– Det blir det.

– Dei kallar dette berre endå eit uttrykk av Putins nye krig.

– Det er det.

– Korleis kan du vere så eintydig og klår i fråsegna di?

– Det kan eg vere fordi eg har budd i Russland og kjenner systemet og språket.

– I Noreg er ikkje alle like glade i dei eintydige forklaringane. Norske diplomatar avviser påstandane som spekulasjonar og åtvarar mot krigshissing.

– Kreml har ein tradisjon med å skulde andre for å gjere det som dei sjølv gjer. Putins pågåande propaganda er at Vesten er i krig mot Russland. No er det slik at russarar flest trur at dei er i krig mot Vesten. Når du trur at du er i krig, er vegen kort til faktisk å vere i krig.

– Kva trur og håpar du for framtida i Russland?

– Korrupsjon er limet som har halde Russland saman lenge. For å ha makt i systemet og vere ein del av det må ein vere i systemet. Difor trur eg det framleis vil vere korrupsjon.

– Er du fatalistisk no?

– Eg er ikkje det. Om eg var det, hadde eg ikkje trudd på demokrati i India. India, eit så oppdelt, sekterisk samfunn, har demokrati. Til liks med det russiske har dei liner attende til Mongolia, til ein kultur av drap og vald. Eg fryktar at etter Putin kjem ein annan type Putin. Eg trur han også er ein eks-KGB-person. Og eg trur det blir ein han.

– Men kva håpar du?

– Eg håpar at Russland klarar det som India, mot alle odds, klarar. Eg håpar på demokrati.

– Når Putin fell? Trur du dei veltar han?

– Nei. Men også Putin skal døy ein gong. Han er 64, som allereie er gamalt for ein russisk mann. Men han kan leve i tjue år til.

– Eg har snakka med andre forfattarar, som Sofi Oksanen, som meiner at russarar forbind demokrati med kaos.

– Russland har aldri erfart ekte demokrati. Dei erfarte eit kvasidemokrati på nittitalet og fekk dårlegare levestandard, mindre pengar. Det russiske folket er som leiarane: Dei ønskjer å ha det behageleg. Det går an å leve seg inn i det.

Så drikk vi opp før kaffien og teen blir kald. Eg: ein kopp grøn te som smakar akkurat som grøn te skal gjere. Harding: ein Flat white, den snillaste av alle kaffidrikkar.

– Kva grev du i som journalist no?

– Eg er overtydd om at Putin bestilte mordet på Sasha. Men eg veit ikkje akkurat korleis. Eg skulle så gjerne funne ut korleis det skjedde: Var det eit nikk med hovudet? Sa han noko? Skreiv noko?

Mer fra Portal