Portal

Å tola det ubegripelege

SYN OG SEGN: Kvar står forholdet mellom katolikkar og lutheranarar 500 år etter Martin Luther og kyrkjerevolusjonen i Wittenberg? Den lutherske kyrkja er meir moderne, men òg forflata i jaget etter relevans, meiner prest og fyrsteamanuensis i liturgikk ved Universitetet i Oslo, Merete Thomassen.

Det er 500 år sidan Martin Luther starta reformasjonen og la grunnlaget for det største kyrkjesamfunnet i Noreg. Då Dom Alois Arnstein Brodersen frå St. Paul Menighet i Bergen tala ved opninga av Lutherfestdagane i Bergen i mars, sa han at det katolske kyrkjesamfunnet ikkje feirar splittinga, men at han gjerne vil reflektera over korleis ein etter over 70 år med samtalar ikkje er komen lenger i arbeidet for forsoning. Prest og fyrsteamanuensis i liturgikk Merete Thomassen har forska på bønespråket i den lutherske kyrkja. Ho meiner at lutheranarane gjennom den moderne retorikken uttrykkjer mindre tillit til Gud enn kva katolikkane har.

– Men står dei to kyrkjesamfunna eigentleg så langt frå kvarandre i 2017?

– Historisk var eitt av hovudtemaa under reformasjonen synet på frelse. Reforma kom i ei tid då mennesket si frykt for helvetet var blitt butikk, og det var nødvendig at nokon reagerte på dette. Luther snakka om nåden åleine, at det einaste mennesket skal gjera, er å ta imot. Mennesket kan ikkje velja aktivt å tru, men får trua i gåve i dåpen. På same måten er frelsa ei gåve som Gud vel å gje. Luther står altså for eit mottakande menneskesyn.

Katolikkane på si side har eit meir aktivt menneskesyn, sjølv om dei nokså snart etter reformasjonen modererte førestillinga om at mennesket kunne medverka til si eiga frelse. I 1999 kom ei viktig felleserklæring frå begge kyrkjesamfunna om at frelse skjer ved Guds nåde. Det er Gud åleine som kan gje frelse, ikkje menneskelege gjerningar.

Dette er ei viktig tilnærming, og me ser òg at kyrkjesamfunna nærmar seg kvarandre i det andre store skiljet: nattverden. Katolikkar hevdar at det som skjer i nattverden, er ein transsubstansiasjon, at brødet og vinen blir forvandla til Kristi kropp og blod. Luther meiner det skjer ein konsubstansiasjon: Kristus er på forunderleg vis til stades, men han er ikkje brødet og vinen. For katolikkane er brødet og vinen heilage bestandig, for lutheranarane er dei heilage under sjølve nattverdshandlinga. Derfor kan ikkje katolikkane anerkjenna den lutherske nattverden, og dette frå øvste hald i Vatikanet står dei stadig steilt på dette. Men du finn mykje sivil ulydigheit blant katolske prestar, som deler ut nattverdselementa til alle som ynskjer det. Den teologiske skilnaden er spissfindig, og i mange tilfelle underordna ynsket om fellesskap. Eg trur altså at me kjem til å sjå ei endring i dette, og endringa vil komma nedanfrå, slik mange endringar gjer.

I dei nye bønene i kyrkja kan ein få inntrykk av at kristne ikkje har tillit til Gud.

– I tillegg er det vesensskilnad i presteembetet?

– Ja, og her vonar eg at det katolske synet på prestetenesta vil endra seg. Katolikkane ser på paven som Kristi avløysar på jorda, og under nattverden blir presten «In personae Christi» – i Kristi person. Også den lutherske kyrkja er hierarkisk, men Luther grunngjev embetet av praktiske grunnar: Det er for ordens skuld at nokon må forvalta ord og sakrament. Dette synet har opna for kvinnelege prestar. Det ekstremt patriarkalske ved Den katolske kyrkja er ein av grunnane til at det ville vera umogleg for meg å konvertera til det katolske kyrkjesamfunnet.

– Så langt har du vore mest kritisk til haldningar innanfor katolisismen, kva med den lutherske kyrkja, finst det område der ho bør nærma seg Den katolske kyrkja?

– Me ser jo i dag at fleire lutherske teologar er tiltrekte av katolisismen og konverterer. Eg trur ei sentral årsak til dette er opplevinga mange har av gudstenestelivet i Den norske kyrkja som forflata og marknadsorientert. Ein opplever at det som tel, er evna presten har til å finna på overraskande innslag og svara på spørsmål om kva folk vil ha. Spinnergudsteneste var det siste eg høyrde om, medan den katolske gudstenesta er langt meir stabil og byggjer på noko som er større enn dei sjølve. Andre som konverterer, kan vera tiltrekte av det konservative synet Den katolske kyrkja har i spørsmål om abort, ekteskap, homofili.

– Slik eg forstår deg, er du sjølv tiltrekt av det konservative i gudstenestefeiringa, men ikkje når det gjeld dei etiske verdiane?

– Ja, eg likar at den lutherske kyrkja har teke inn over seg samfunnet når det gjeld til dømes politiske saker og det som har å gjera med kjønn og seksualitet. Men i gudstenesteordninga har me behov for noko som er meir bestandig.

Reformasjonen var nødvendig. På 1500-talet hadde gudstenesta blitt komplisert. Ho føregjekk på latin, og mange liturgiske ledd var vanskelege å forstå. Luther skar gjennom og peika på at ordet og sakramenta var viktigare enn ordninga. Me fekk gudstenesta på morsmål, mange av dei ordinære liturgiske ledda blei omskrivne til salmetekstar. Og i møte med den autoritære kyrkja blei enkeltmennesket sett i stand til å forstå og vurdera sjølve. Men då reforma blei innført i Danmark-Noreg i 1537, hadde me berre ei svært omtrentleg skildring av kva som skal skje i gudstenesta. I Norden har me hatt ei sterk lekmannsrørsle som har vore liturgikritisk. Blandinga av lekmannsrørsle og den liturgiske usikkerheita har ført til at gudstenestelivet vårt har gått i mange retningar.

Det gjev på eine sida høve til å tilpassa seg det moderne menneskelivet – på andre sida oppstår eit slags krav om at gudstenestepraksisen alltid skal opplevast relevant. Men innhaldet i ei gudsteneste er komplisert og ikkje direkte begripeleg. Eit trekk ved moderniteten, sekulariseringa og det ny-åndelege er at individet er blitt den øvste autoriteten. Enkeltmennesket får avgjera sjølv om noko er relevant eller ikkje, og det står alltid fritt til å gå i ei anna retning. I Den katolske kyrkja følgjer messa si eiga ordning. Ein anerkjenner det ein ikkje forstår, at det tek eit liv å trengja inn i ei gudsteneste. Slik blir ho ei viktig motvekt til heile spørsmålet om – eller jaget etter – relevans.

– I mine augo er det paradoksalt at det lutherske menneskesynet både er passivt, mottakande, og likevel får avgjera så mykje av innhaldet?

– Det er mange nyansar i dette. Kanskje kan ein seia at skilnaden ligg i at katolikkane bøyer seg for autoritet og forpliktar seg gjennom livet til eit omfattande program i kyrkja, medan lutheranarane er meir autoritetskritiske. Då reformasjonen kom, var det viktig å setja vanlege folk i stand til å vurdera i møte med den autoritære kyrkja, og det er framleis av betydning at mennesket er myndiggjort. Men kanskje har ein gått for langt når menneske heile tida er prisgjevne sine eigne vurderingar og let kjenslene styra mange val.

– Er det på tide med ei ny reform?

– Eg er i alle fall oppteken av at me i den lutherske kyrkja tenkjer gjennom korleis me kan syna fram at me trur det er kraft i sakramenta: i dåpen og nattverden. Eg opplever at behovet for å retta opp i den leie historia, der kyrkja til dømes avviste barn som var fødde utanfor ekteskap, har ført til ein nærleiksretorikk, der ynsket om å formidla den positive velkomsten undergrev mysteriet i dåpen og overser det store og ambivalente i motiva.

Elementa er så komplekse. Vatnet i dåpen skal gje liv til alle, og samtidig tek vatnet liv. I dag er det nærliggjande å tenka på båtflyktningar og på ekstremvêret. Like eins tenkjer ein at brødet ein får i nattverden, skal metta alle. Ein kan ikkje ta imot brødet utan samtidig å tenkja på dei svoltne rundt oss. Motiva i gudstenesta er viktige for å tolka livet vårt og verda. Gudstenesta feirar at livet sigrar over døden, kjærleiken over vondskapen, men ho rommar også klage og uro. Eg trur ikkje at kyrkja har fanga opp avmakt som grunnkjensle hjå mange i dag, avmakta me kjenner i møte med problem som er for store til at me kan løysa dei; desse problema skal me kunna bera fram til Gud.

Det tek eit liv å trengja inn i ei gudsteneste.

– Dette gjer ein jo i bøn til Gud?

– Jau, men i dei nye bønene i kyrkja kan ein få inntrykk av at kristne ikkje har tillit til Gud. Før bad me «frå ein vond og brå død, frå krig og undertrykking, fri oss, kjære Herre Gud». I dag ber me om at Gud skal gje oss evne og vilje og dialogens og samarbeidets ånd, så me kan leggja til rette for gode prosessar. Retorikken er i slekt med det nyåndelege og nykapitalistiske, der ein ser føre seg at alle løysingar finst i ein sjølv, om ein berre tenkjer dei rette tankane.

– Nettopp i klimakrisa er det vel ikkje så dumt om menneske ser eit ansvar?

– Utviklinga i bønespråket må sjåast i samanheng med det passive menneskesynet som kom med reformasjonen. Det var på sin plass med reaksjonar på ordningsteologien, der ein hevda at Gud ville at nokon skal vera rike og andre fattige. For ein trur jo i kristendomen at det å gjera godt er ein del av det å vera menneske. På 1960- og 1970-talet kom ei viktig sosial og etisk vekking, også hjå katolikkane. Ein sa at Gud kallar oss til å vera politiske, at Guds vilje skjer når me kjempar for eit rettferdig samfunn. Men i dag har me komme til eit punkt der det kan synast som ein ikkje bed Gud om noko som helst. Eg trur at mennesket treng ein stad å venda seg når det kjenner avmakt for problem som er større enn ein sjølv.

– Du har peika på både nærleik og skilnad mellom trussamfunna. Trur du dei nokon gong vil finna saman og bli eitt samfunn?

– Det må kyrkjesamfunna svara for sjølve, men eg trur nok ikkje at samfunna, heller ikkje det ortodokse eller andre trusretningar, vil opphøyra eller gå inn i kvarandre. Derimot trur eg at kyrkjesamfunna kan læra av kvarandre. Katolikkane kan læra å ta inn over seg samfunnet endå meir, særleg i spørsmål om kjønn og legning, prevensjon og abort, medan lutheranarane bør sjå på korleis katolikkane klarer å ha tyngdepunktet sitt i noko større enn preferansane til enkeltmennesket. Frå katolikkane kan me læra å tola det ubegripelege.

Fakta:

Reformasjonen var ei religiøs omvelting frå katolisisme til protestantisme i delar av Europa på 1500-talet, utløyst av Martin Luther, som sette opp 95 tesar mot avlatshandelen i 1517.

I reformasjonstida oppstod den evangelisk-lutherske, den reformerte, den anglikanske og den unitariske (antitrinitariske) kyrkja, og dessutan døyparrørsla (anabaptistar).

I 1999 underteikna toppleiarar i Det lutherske verdsforbund og i Den katolske kyrkja ei felleserklæring om at dei har ei felles forståing av korleis menneske blir rettferdige overfor Gud. I 2006 slutta metodistane seg til erklæringa.

I Noreg har talet på katolikkar auka kraftig dei siste åra, frå i overkant av 45 000 registrerte medlemmer i 2005 til om lag 120 000 i 2012.

I 2013 talde Det lutherske verdsforbundet om lag 72,3 millionar medlemmer.

I 2015 var 3,8 millionar registrerte som medlemmer av Den norske kyrkja, som er eit evangelisk-luthersk trussamfunn.

(Kjelder: Store Norske Leksikon, Wikipedia og STREK 5-2016)

Merete Thomassen er prest og fyrsteamanuensis i liturgikk ved Universitetet i Oslo. Ho tok doktorgraden i kjønnsinkluderande liturgisk språk ved Universitetet i Oslo (2008) og har mellom anna skrive boka Når dere ber. Om liturgisk språk og utforming av bønner til gudstjenesten (2013), saman med Sylfest Lomheim.

Mer fra Portal