Aktuelt

Hva bør vi være mest glade for akkurat nå?

Religionshistorikeren, innovasjonsforskeren og kjemikeren svarer.

I årets første spalte skrev dere om hva vi bør være mest redde for nå, og jeg har ikke klart å finne nok kattevideoer på nettet til å helt riste av meg dystopien. Derfor lurer jeg på: Hva bør vi være mest glade for akkurat nå?

Hilsen håpefull

Nils Hallvard Korsvoll, religionshistoriker

Det hender stadig at eg tenkjer at 2014, med Ebola-utbrot, oljekrise og annekteringa av Krim, var året det snudde. Slutten på opp-tida etter tusenårsskiftet då alle fekk jobb, ein pussa opp for å gjere det fint, ikkje for å auke salsverdien, og det framleis var stas å reise med fly. Men før nostalgien tek meg, minner eg meg sjølv om at det er eitt område der me er komne lenger i dag: mangfald og likestilling. Det gir framtidsvon.

Det er mange synspunkt på metoo-rørsla som starta i 2017, men den flytta ansvaret for trakassering og overgrep frå dei som er utsett for det, til dei som utøver det. Ved universitet og høgskular retta den søkelys mot gamle seder og (u)vanar, og no har institusjonane klare kanalar og retningslinjer for å melde frå om trakassering og overgrep.

«Black lives matter»-rørsla er der òg ulike meiningar om, men den peiker på at mange ikkje hadde del i den idyllen eg hugsar frå før 2014. Mykje arbeid står att, fleire vil seie mesteparten, men me har i det minste byrja setje oss mål. Kif-komiteen si oversikt syner at alle høgskular og universitet no har og arbeider etter handlingsplanar for likestilling og mangfald.

For skeive har det òg hendt mykje dei siste ti åra. Det var mange som difor sukka oppgitt for nokre veker sidan då ein homofil organist ikkje fekk jobb i eit sokn i Agder. Men det positive her er at debatten som følgde, gjekk føre seg mellom kristne aktørar. Likeins i fjorårets sak om mannlege prestar som ikkje vil samarbeide med kvinnelege prestar. Her var det røyster innanfrå kyrkja og kristne grupper som fremja krav om likestilling. Som Mohammad Usman Rana har peikt på, i ein annan samanheng, må endring komme innanfrå ein religion – det funkar ikkje om folk står utanfor og kjeftar.

På desse områda har altså mykje godt hendt og det gjer meg optimistisk. Samstundes minna alltid Kim Friele, som gjekk bort i fjor, om at fridom og rettar ikkje kjem rekande på ei fjøl. Mykje arbeid står att, og ting kan snu her òg (som det har gjort i fleire land), så det er ingen grunn til å lene seg tilbake heilt enda.

Marte C.W. Solheim, innovasjonsforsker

Å, det er mykje!

Det kan nok for fleire kjennast umåteleg tungt å identifisere ein ofseleg sprudlande energi midt i omikron-tilværet og to år med korona, usikkerheit, og så bortetter. Men det er mykje vi kan gle oss over; at våren er i anmarsj (i iallfall sør i landet), og med det følgjer lysare og heitare kveldar, krokus og snøklokker som snart kjem opp, fuglar som kjem attende, ventande piknik, grilling og bading.

Du pustar! Det er noko å vere glad for.

Og forsking syner at det å observere pusten din gå inn og ut i to minutt, gir auka lukkenivå, stress-reduksjon og i tillegg kan det føre til ein positiv dominoeffekt: reduksjon av stresset til menneska kring deg. Det handlar om å vere «til stades i nuet», mindfulness som det også kallast.

Tykkjer du framleis det er vanskeleg å finne noko å gle deg over? Nyleg kom eg over ein tekst i The Guardian, med 100 måtar ein kan forbetre livet sitt på (og det utan å verkeleg å prøve). Her kan du få tips om kvar det er strategisk lurt å stille deg i kø på butikken, om å setje av 10 minutt til å gjere noko du likar kvar dag, melde deg som friviljug i ein organisasjon du tykkjer er spanande, sende ei takke-melding til nokon, ringe ein gamal ven, alltid ete dessert, for å nemne noko. Det handlar nok her også i stor grad om å setje pris på, og glede seg over, dei små og store tinga i livet vårt, som er gode, og dyrke det.

Samstundes så handlar det om takksemd, og om å vere medviten, og syne initiativ. I ein studie av 30 000 tilsette ved eit kundesenter fann Adam Grant at det var meir sannsynleg at Firefox- og Chrome-brukarar vart verande i jobben enn dei som brukte Internet Explorer eller Apple sin Safari-nettlesar. Internet Explorer og Safari var ofte standard nettlesaren på jobbmaskinene då dei tilsette starta i jobben. Dei som vart verande i jobben, var dei som måtte gjere ein innsats, ta eit initiativ, trasse standarden, ifølgje Grant.

I ei anna bok skriv Adam Grant om kva som gjer folk glade på jobb, og mykje av det handlar om føremål og meining. Det å ha eit føremål på jobb gir ikkje berre auka grad av happiness, men kan også auke produktiviteten. Det å vere glad og nøgd med livet, gjer oss meir produktive, kreativiteten aukar, men også den generelle helsa og livskvaliteten vår vert betre.

Berre det i seg sjølv, er noko å gle seg over.

What’s not to love? So don’t worry, be happy! 😉

Bjarte Aarmo Lund, kjemiker

I en pågående pandemi er det lett å miste av synet hva en skal være glad for. Jeg vil løfte frem teknologien bak mRNA-vaksinene vi bruker. Vi skulle alle ønsket de var enda mer effektive til å hindre smitte, men likevel er de et helt utrolig spennende nytt verktøy.

På skolen lærer vi om hvor viktig DNA er, og alt som er mulig å få til ved å endre på DNA. Men egentlig er DNA ganske kjedelig. Det er passiv lagring av informasjon. I RNA-et, derimot, der skjer det ting. Robert Malone puttet i 1987 et RNA-molekyl inn i dråper med fett. Når han så gav denne RNA/fett-blandingen til cellekulturer, skjedde noe fantastisk: Cellene produserte det proteinet som RNA-et kodet for.

Det sentrale dogmet i biologien er at DNA lagrer informasjon om gener, RNA oversetter DNA, og proteiner blir lagd fra RNA-et. Sånn sett var det ikke så overraskende at cellene brukte RNA for å lage proteiner, men det spennende var at det gikk an å hoppe over DNA i prosessen og gå rett til RNA. Og det RNA-molekylet Malone brukte, var mRNA eller budbringer-RNA. Det finnes andre typer RNA også, med ulike funksjoner i cellen.

---

UKENS SPØRSMÅL

Noen ganger virker det som en får helt ulike svar fra forskere avhengig av hva slags forskere en spør. For å sette galskapen i et tverrfaglig system vil vi i denne spalten stille det samme spørsmålet til tre medlemmer av Akademiet for yngre forskere, fra ulike fagdisipliner. Flere spørsmål – og ikke minst svar – finner du her.

---

Fra Malone sine forsøk i 1987 var det lang vei frem til de mRNA-vaksinene som nå bruker mot covid-19. En utfordring var at cellene våre har prosesser for å bryte ned RNA-molekyler som kommer inn i dem. Ironisk nok er det delvis immunforsvaret vårt som reagerer på fremmede RNA-molekyler. Men om immunforsvaret angriper RNA-molekylene, så er ikke det nok til å skape immunitet mot covid-19. RNA-molekylene må først brukes som oppskrift av cellene for å produsere et av proteinene fra covid-19 (spike-proteinet).

Denne utfordringen med at cellene bryter ned RNA, ble løst av Katalin Karikó ved å kjemisk modifisere RNA-molekylet. Karikó møtte mye motgang og måtte bite i seg en lønnsnedsettelse, siden hennes arbeidsgiver mente hun ikke lyktes med å skaffe ekstern finansiering. Det krevde også mye jobbing av andre for å komme til en god formulering av fettdråpene som Malone begynte med tilbake i 1987.

Utrullingen av mRNA-vaksiner har vært et teknologisk mirakel. De første vaksinedosene ble satt i produksjon bare tre dager etter at genomet til viruset ble frigjort. To år senere er det blitt satt flere milliarder doser.

Likevel er det som gjør meg mest glad, potensialet for hva vi kan utrette med dette nye verktøyet. Mulighetene virker endeløse. Vi kan lage vaksiner mot neglisjerte sykdommer. Vi kan bruke mRNA-teknologien til å levere oppskriften på proteiner der genetiske sykdommer gjør at de mangler, forsøk er allerede i gang for cystisk fibrose. Det ser også ut til å være store muligheter innen kreftbehandling.

Har du spørsmål til forskerne? Send e-post til ukens@morgenbladet.no

Mer fra Aktuelt