Aktuelt
Alle fornuftige folk er einige med meg
Norske forskarar skjelv når Jon Elster er innom landet. Sist fylte han leserbrevspaltene i vekesvis. No er han her att.
Fornuft: Sjølvsagt kan det henda at ein innimellom alt det andre finn noko fornuftig. Ikkje det at eg har sett eksempel på det, seier den verdskjende samfunnsvitaren Jon Elster om arbeidet til franske tenkjarar som Jacques Derrida og Julia Kristeva.