Aktuelt
Søkjelys på Belgia
Snakk om sosiale årsaker. Snakk om ideologi. Men gløym ikkje at historia vert prega av enkeltmenneske.

Spora frå terroråtaket i Paris førte raskt til bydelen Molenbeek i Brussel, og dermed flokka journalistar til som åtselsfuglar, frå både innanlandske og utanlandske media. Søkjelyset hamna ikkje berre på innvandrartette Molenbeek, som er langt meir samansett enn ein gjerne skulle tru når ein les ikkje-belgiske medier. Søkjelyset hamna også på heile Belgia, både fordi landet har fleire syriafararar i høve folketalet enn noko anna europeisk land, fordi landet har eit relativt sett betydeleg ekstremislamistisk miljø, og ikkje minst fordi belgisk etterretning har svikta.
Så gjekk terroralarmen for alvor i Belgia også. Jakta på den overlevande Paris-terroristen Salah Abdelslam hadde ikkje ført fram, og belgiske myndigheiter frykta eit tilsvarande åtak som i Paris. Kva konkret som ligg bak den uroa er framleis ganske uklart, myndigheitene har halde korta tett til brystet. Men den belgiske statsministeren Charles Michel har snakka om ei nærliggande fare for terroråtak, trugsmålsnivået vart sett til topps – og er der framleis og t-bane, skular og universitet i Brussel vart stengt.
Det skal ha vore tvil innad i regjeringa om så hissige tiltak var naudsynte eller ikkje, men som ein minister anonymt vert sitert på i storavisa De Morgen: «Du har ikkje lyst å vera den som ber om ei mjukare tilnærming, og så går eit eller anna i lufta eit par timar seinare likevel».
Når alarmen til slutt legg seg, venter andre debattar i Belgia. Spørsmålet om kvifor akkurat dette landet har så mange syriafararar vil på ny tvinga seg fram. Fokuseringa på Molenbeek vil nok halda fram. Trass i at det feilaktig stadig vekk vert hevda å vera ei myte, kjem mange europeiske syriafararar frå lågare sosiale lag og frå bydelar og forstader med sosiale problem. Molenbeek, som har vorte skildra som ein «miserens ghetto» av franske Le Figaro, passar delvis med dette mønsteret: bydelen har fleire strøk med ghettopreg, arbeidsløysa er høg og utdanningsnivået lågt. Her veks mange born opp som det som på nederlandsk vert kalla «kansarmen», sjansefattige. Ein bør faktisk ikkje vera vidare overraska over at den ekstreme islamismen kan finne betre såjord slike stader.
Samstundes er ei forklaring som berre fokuserer på dette ei forklaring som fort kjem til kort. For det fyrste: Ein heil del av dei reiser til Syria har slett ikkje bakgrunn frå slitte bustadområde og ghettoaktige strøk. For det andre: slitte bustadområde og ghettoaktige strøk har ein fleire stader enn i Belgia, og sentrumsnære Molenbeek er langt frå like nitrist som ein del av betongblokkforstadene rundt til dømes Paris. Delar av bydelen er både triveleg, koseleg og innbydande; ja, Molenbeek har rett og slett eit ufortent dårleg rykte. Så kvifor Molenbeek? Kvifor Belgia?
Nokre vil – i ei vurdering av Belgia sine utfordringar – peika på at landet har eit tungrodd føderalt system som kan sveikka arbeidet mot både radikalisering og ekstremisme, og også gjera det lettare å halda seg under radaren. Dei har jo eit poeng. Den belgiske føderalstaten er til ei viss grad prega av administrativt kaos, av rot og av manglande oversikt. Som eit slags EU i miniatyr kan Belgia kanskje også synleggjera behov for meir koordinert innsats på europeisk nivå. Skal ein ta utgangspunkt i det som så langt er kjent frå media, er det jo også ein heil del som tyder på at belgisk og fransk etterretning har snakka altfor dårleg saman.
Skal ein stilla spørsmål om kva som er spesielt med Belgia, lyt ein også til andre stader enn Molenbeek. Ein lyt blant anna til vesle Boom, ein stad som i dag har rundt 17 500 innbyggjarar. For nokre år sidan stod det ultranasjonalistiske flamske partiet Vlaams Belang svært sterkt i Boom. Her vaks også Fouad Belkacem opp, mannen som seinare skulle verta leiar for den ekstreme islamistgruppa Sharia4Belgium. Denne gruppa, og den relativt karismatiske Belkacem personleg, kan ha spela ei avgjerande rolle for at så mange belgiarar har reist til Syria, mange foreldre skuldar han for å hjernevaska deira born.
Enkeltpersonar betyr faktisk noko. Det kan vera litt for enkelt å missa av syne når journalistar i flokk byggjer reir i Molenbeek.