Bøker
– Dei sa eg var skuld i at fleire ville gjere sjølvmord
Grønlands litterære stjerne Niviaq Korneliussen er oppteken av å seie tinga som dei er, enten det rammar danskar eller grønlendarar. I si nye bok går ho uredd laus på heimlandets sjølvmordskultur.
Store tap: Ein fjerdedel av dei forfattar Niviaq Korneliussen gjekk i skuleklasse med, har teke livet av seg. Ho har også mist mange vener på denne måten. Men det var fyrst då ho fekk ansvaret for to elevar på skrivekurset sitt som prøvde å gjere sjølvmord, at forfattaren verkeleg reagerte. – Det provoserer meg at eg kunne gå i så mange år utan å gjere noko, ikkje ein gong setje spørjeteikn ved sjølvmorda, sjølv om eg hadde mist så mange til det. Her er Korneliussen fotografert ved hovudstaden Nuuks nye gravstad. Foto: Christian Klindt Sølbeck