Aktuelt
Finst forklaringa på vikingskipsgraver i forteljinga om Beowulf?
Arkeolog Jan Bill meiner at Englands nasjonalepos kan romme forklaringa på skipsgraver som den til Osebergskipet. No følgjer han den pågåande utgravinga av haugen på Gjellestad spent.
– Dei som høyrde til det øvste sjiktet i samfunnet, har investert store mengder rikdom og arbeidskraft for å bygge desse monumenta. Det er naturleg å spørje seg kvifor, meiner arkeolog Jan Bill. For å finne eit mogleg svar har han gått utanfor dei mest opptrakka stiane i fagfeltet. Her: Transport av Osebergskipet i Oslo Sentrum 1926. Foto: ukjent / Oslo Musum