Debatt

Bokmål på nynorsk

Publisert Sist oppdatert

Oversettelse

I Morgenbladet 9. februar irriterer omsetjar Jon Rognlien seg over at ein bokmeldar har omsett til nynorsk tittelen på og sitat frå ei bok Rognlien har omsett til bokmål. Måten Rognlien ordlegg seg på, tyder på at han blir overraska og vonbroten når ein slik ein som eg no skriv at kritikken hans er heilt på sin plass. Skrifter på nynorsk skal siterast på nynorsk, og skrifter på bokmål skal siterast på bokmål. Det gjeld også tittelen på verket.

Kva hadde skjedd viss Morgenbladet hadde gjort same feilen og omsett til dømes eit Hovland-sitat til bokmål? spør Rognlien.

Svar: Ingenting.

Det høyrer kvardagen til for oss nynorskbrukarar at målforma vår blir skjult. Så vane er vi med at åndsverk på nynorsk blir omsette til bokmål før avisene tør prente sitat frå dei, at vi heller klappar i det stille dei gongene avisredaksjonane greier å skrive av rett.

I denne historia stoppar eg tilfeldig i 1986. Då gav tidlegare justisminister Jens Haugland ut Dagbok frå Kongens råd. Dagbladet slo opp masse kraftsitat frå boka over to sider. Alt omsett til bokmål. Forlaget klaga, og redaktøren lova bot og betring, men eg veit ikkje om det finst botevon for Dagbladet. Redaksjonen har iallfall gjort det same tallause gonger seinare, og dei er ikkje åleine i det selskapet. Seinast i fjor haust kom delar av sitat frå siste diktsamlinga til Einar Økland på bokmål i Aftenpostens melding av boka.

Er det først når språkskiftet skjer med hans eigen tekst at Rognlien legg merke til problemet? Sjølv har eg gått og emna på ein vennleg e-post om dette til Mikael Godø i Dagbladet. Innlegget frå Rognlien sparer meg for bryet. I all vennlegheit: Nyleg hadde Mikael Godø eit stort oppslag i Dagbladet om Ryszard Kapuscinski. Der siterte han fleire passasjar på bokmål frå ei bok han kalla "Shahen". Den norske utgåva av boka til Kapuscinski heiter Sjahen og er omsett til nynorsk av Ole Michael Selberg. Dagbladjournalisten hadde altså prøvt å gjere betre arbeid enn Selberg. Med all respekt for herr Godø: Det skal noko til.

Ottar Grepstad

Direktør, Nynorsk kultursentrum