Debatt
Demonteringa av skolen
Kampen for å disiplinere lærarane drivast av ein ideologisk logikk.

«Låge tal gjev politikarar og rektorar rett til å disiplinere og kontrollere læraren.»
SKOLE
I forhandlingane om lærarane si arbeidstid krev KS-direktør Per Kristian Sundnes: «[…] å få fjernet Utdanningsforbundets vetorett mot lokalt inngåtte avtaler om arbeidstid». Sundnes reknar med støtte frå den nye Solberg-regjeringa. Kampen, «demonteringen av det sentralistiske utdanningsverket», er i gang att.
Kampen byggjer på ein statsfobi, ei nyliberal førestilling om at staten er eit maktmiddel for mektige særinteresser, at den vil vekse og ta over samfunnet. Hinder som lærarar, fagforeining og sentrale løns- og arbeidstidsavtaler må difor bekjempast, skolen må gjerast til ei kunnskapsbedrift, rektor til ein entreprenør, læraren til ein lydig funksjonær, eleven til kunde, ein skolemarknad må etablerast.
Har lærar og fagforeining ein sterk posisjon i skolen utgjer det representative tillitsvaldsystemet ifølgje Sundnes «et mindretallsdiktatur i praksis».
Faktagrunnlaget KS-direktøren legg til grunn er ein ikkje-vitskapeleg rapport frå Civita. Som i all ideologisk tenking viskar Civita-rapporten ut skiljet mellom sanning og propaganda, mellom gyldige og ugyldige slutningar. Den byrjer med konklusjonen og finn dei fakta den treng for å underbygge den. Resten ser den vekk ifrå.
Det same gjer KS. Berre 25 av 427 kommunar, eller omkring 8 prosent av dei KS representerer, har behandla saka politisk. Og av desse er det berre fem kommunar, eller litt over ein prosent, som støttar KS. Det overser KS glatt. I kampen mot «mindretallsdiktaturet» er Sundnes, Civita sin leiar og tidlegare utdanningsminister Kristin Clemet og dei andre nyliberale skulestyrarane blenda av nyliberalismen sin statsfobi.
Sett med nyliberale auge er der ei krise i norsk skole fordi den har vore styrt av særinteresser, av stat, fagforeining og lærarar. Sidan kampen er ideologisk er òg grunngjevinga og argumentasjonen det. I lærarkonflikta allierer KS seg difor med Civita.
Målet til aksjeselskapet Civita er å kritisere staten og utøve ein permanent politisk kritikk av den. Slik filtrerer Civita staten inn i ei nyliberal, økonomisk forståingsramme.
Ser ein til nyliberale skolereformar i andre land ser ein kva konsekvensen vil bli om demonteringa lukkast. I Danmark skildrar professor Niels Egelund, leder for intitutt for utdanning og pedagogikk ved Århus Universitet, slik: «Vi har fått en polarisert skole. Privatskolene er for de ressurssterke, mens folkeskolen er blitt en B-skole».
Professor i pedagogikk ved Cambridge-universitetet, Diane Reay, advarer òg: «Ikkje gjer som vi har gjort med skolen i England. Konstant testing og vurdering av elevane har skapt ein utdanningsmessig fiasko. I eit svært konkurranseprega skolesystem vert vinnarar og taparar laga, og der er det alltid flest taparar».
I Sverige har kommunalisering av skolen ført til ei rasering av den offentlege skolen og ei utarming av læring blant elevane. Den 10. februar 2014 kom «Uträdningen om skolans kommunalisering». Den konkluderer: «Kommunaliseringa av skolen vart i stor grad mislukka».
Dritpakka nyliberal utdanningspolitikk slenger mot læraren tek utgangspunkt i prognoser, statistiske estimat og økonomiske lover og koplar dei til politiske og økonomiske konsekvenser av endring i desse. Framtida, eller konkurranseevna, avheng difor av eit talfesta og målbart utdanningsnivå, som rangeringa Pisa gjev. Låge tal gjev politikarar, byråkratar, og rektorar grunnlag for, og rett til, å disiplinere og kontrollere læraren ved å styre han gjennom tal, dokumentasjonskrav og byråkrati.
Dritpakka og demonteringa inngår i ein kamp om skolen og om kva samfunn vi skal ha. Læraren skal ikkje berre lære opp nye generasjonar, han representerer òg eit livssyn, ein humanitet og eit menneskeverd i kraft av si etiske gjerning, målet om «å sjå eleven».
Læraren veit at barn og unge ikkje er rasjonelle individ slik nyliberalismen legg til grunn. Læraren veit at dei like mykje er summen av sine omgjevnadar, av dei kåra dei veks opp i. At elevar i skolen difor må lærast og dannast slik at dei kan leve saman med andre menneske, i eit fellesskap. I det fellesskapet nyliberalismen vil demontere.
Simon Malkenes
Lektor og forfattar