Debatt

Det vi snakkar om, når vi snakkar om den skjønnlitterære kvaliteten som har heimsøkt vårt land

Eller litt om messingpuss.

Frå innsida: Den skodelystne hop kikar inn på edelt metall i Paris, 1953. Foto: NTB Scanpix
Publisert Sist oppdatert

Registrerer at Forfattarforbundets Jan Ove Ekeberg (i Morgenbladet, 8. mars) skuldar Morgenbladets kritikar, Bernhard Ellefsen, for å utøsa elitistisk vrøvl og å tilhøyra ei litteraturpolitisk korrekt, messingpussande sekt (det såkalla LPK-MS). Ellefsen støttar Den norske Forfattarforening (125 år) sitt solidariske, kollektivorienterte kvalitetsarbeid, og ymtar at føreseielege kriterium («bevis») innanfor kunst og kvalitet er komplisert, ja, kanskje umogleg, og difor fort blir eit angrep på førestillinga om at noko er betre enn noko anna. Ekeberg ønsker ikkje at DnF skal ha fagfellevurdering med kvalitetsvurdering på medlemsinntak og innstilling til kunstnarstipend.

Sekt, altså. På ei seng av vrøvl. Før har eg høyrd mafioso og korrupsjon assosiert inn mot DnF frå forfattarforbundshald. Kva er så Ekeberg og Forfattarforbundet? Ei nyliberalistisk sekt tufta på misnøye (det såkalla NL-STM)? Der har vi ein svart-kvit kopp kaffi som vi kan røra i til han blir kald, eventuelt oversukra bortimot kvalmen!

La meg legga messingpussen ned litt, og heller ta det utskjelte ordet kvalitet i min penn. Sjølv den borgarlege regjeringa, sist sett i kunstsensurelle tilstandar, nemner «kvalitet» 60 gonger i kulturmeldinga. Ekeberg og hans sekt ensar ikkje kvalitet om det ikkje kan førast bevis.

Sjølv regjeringa, sist sett i kunstsensurelle tilstandar, nemner «kvalitet» 60 gonger i kulturmeldinga.

Vel, bak kvalitet finn vi nedfelte kriterium og kunsterfaring. Det litterære råd (DnFs sakkunnige utval, ni forfattarar med breidde i kjønn, sjanger, språkform, erfaring) slit ut fleire ørelappsstolar på sin djuplesande jakt etter kvalitet. Kvaliteten kan ikkje målast, endeleg, men kvart medlem kan peika på godt og dårleg i ein tekst utifrå det skjønnlitterære språket, det handverksmessige (komposisjon, verkemiddel), blikket, den kognitive verdien (tankekraft og undertekst), truverdigheit, nødvendigheit, originalitet (har forfattaren ei sjølvstendig stemme?), sjangerbevisstheit, aktualitet og risiko (utfordrar verket noko?). Ein utfordrande miks! Litteratur med ulik messingprosent kasta til ein l-e-s-a-n-d-e stipendkommité som innstiller til stipend på bakgrunn av kvalitet x 9 stemmer (nei, det er ikkje sjanger, eller om du er medlem/ikkje medlem av DnF, som er avgjerande).

Også Bjørn Ivar Fyksen (Klassekampen, 2. mars) får kritikk for å blanda seg inn i organisasjonsretten norske forfattarar har, eit edelt demokratisk skjold å ha framfor seg, så lenge ingen aldri nokosinne vågar peika på kunstens distinksjon mellom god og dårleg; ja-nei, ut-inn, +/-.

«Sorry, men etter ein grundig diskusjon her, syns vi hens bok er betre enn hens bok.» Legg merke til orda grundig, vi og syns. Det er ikkje sjumilssteg mellom Fyksens «litterær kvalitet» og Ekebergs «handverk», nødvendigvis. Og ein debatt mellommedlemsinntak og stipendpolitikk bør kanskje haldast frå kvarandre, sjølv om det er vanskeleg. Men det er nokre sjumilsstøvlar mellom å skriva opptil fire serieromanar i året à 200 sider på den eine sida, og å stå framfor kvitaste ark med kriblande penn, på den andre. Eller som den då 79-årige Marguerite Duras skreiv om det å skapa i einsemd:

Å ikke ha noe som helst tema for en bok, ingen idé til en bok, det å befinne seg, nok en gang, foran en bok. En enorm tomhet. En mulig bok. Foran ingenting. Foran en slags levende og naken skriving, som virker forferdelig, forferdelig å skulle overstige. (Écrire, 1993)

Denne tilnærminga til skriving skal det faen ikkje sølast messingpuss på! Denne tilnærminga til skrivinga er også eit handverk – og har fått forfattarar som startar på null til å gje ut bok i hundre, for deretter å bli invitert til alt frå skriveopphald på Svalbard, litteraturhusbading i Fredrikstad eller ein flybillett til Frankfurt.

Ekeberg drog fram litt messingpuss sjølv, då Undset og Hamsun blei nemnd i intervjuet han gav til avisa.

All kunstkritisk motstand til eit skjønnlitterært verk kan ikkje avfeiast som elitistisk vrøvl. Utgangspunkta våre for å skriva, er mange. Vi kan ikkje bruka meir energi på upubliserte tekstar, i kunstpolitisk samanheng. DnF har i vinter brukt tid på ikkje-medlemmars o' ikkje-skrivne bøkers kontraktskalamitet. I juss-solidaritet med forfattaren. Tenkte berre nemna det.

Så, mikrofiberklut til side: Ekeberg drog fram litt messingpuss sjølv, då Undset og Hamsun blei nemnd i intervjuet han gav til avisa (15. februar). Bestseljarar, ja, og ingenting gale med det! Men dei fekk også Nobelprisen i litteratur, vitterleg eit kvalitetsteikn, må vi vel kunna fastslå. Nokon peika på prosaen deira.

Og det er det eg syns manglar i narrativet rundt stipend- og litteraturpolitikk, i skuggen av andre prisverdige foreiningskriterium som pensjon eller forsikring: Kven skal ta vare på kvaliteten? Eg meiner DnF. Men om Forfattarforbundet får nokre feite stipend eg kan søka på, heilt utan kvalitetskrav, kjem eg kanskje bortom, siklande, med mine nypussa messingbriller.

Puss og kram,


Eirik Ingebrigtsen

Skjønnlitterær forfattar, messingpussar i LPK-MS, medlem av DnF og eks-storlesar av god-middels-dårleg skjønnlitteratur i DLR