Debatt

Ein au­to­ri­tær stra­te­gi

Publisert Sist oppdatert

Evidensbasert praksis

I sin replikk til meg i Morgenbladet 2. november går Leif E.O. Kennair og Rolf Lindgren langt, truleg heilt ufrivillig, i å levere argument for at ein evidensbasert praksis er ein dårleg strategi i psykologisk behandling. At teknikk ikkje er viktig er nemleg ein illusjon nettopp skapt av den forskingsstrategien (gruppedesign) som er opphøgd som gullstandard for evidensforskinga.

Gode teknikkar kan vere avgjerande viktig, men når dei er så bunde til kontekstuelle og relasjonelle forhold kan dei i nemnde forskingsstrategi forsvinne som feilvarians. Implikasjonen av dette er at ein ikkje a priori kan avgjere kva som er beste terapeutiske intervensjonsmetode. Metodisk fleksibilitet og god prosessforståing blir derfor viktig som grunnlag for terapeutiske val. Er ikkje klinisk autonomi ein føresetnad for dette? Evidensbasert praksis er ein autoritær strategi som vil disiplinere terapeutar til å la andre velje for dei. Ifølgje Kennair og Lindgren bør dei behandle og elles halde kjeft. Eit merkeleg syn på profesjonalitet i eit akademisk yrke.

Kennair og Lindgren trur dei representerer den nye tid som skal redde pasientane frå dårleg praksis og vankunnige terapeutar. Det er omvendt. Dei sit fast i kunnskapskartet for psykoterapi som vitskap slik det vart etablert på den såkalla Boulderkonferansen i 1949. Sidan den tid har omfattande empirisk forsking vist at dette kartet ikkje stemmer med det empiriske terrenget.

Dei må gjerne opplyse folket og pasientar om kva forskinga fortel. Men då må dei ikkje berre halde seg til den empirien som passar deira eige syn. For eksempel kunne dei ha fortalt at der er ingen empirisk samanheng mellom terapeutens metodekunnskap og behandlingsresultat.

At der i vår behandlingshistorie er mangt å ta avstand frå, er eg utan vidare samd i. Dei grovaste overtrampa har likevel komne frå empiriske villfaringar grunna epistemologiske feil. Lobotomi var i si tid så evidensbasert at metoden vart tilkjent ein nobelpris i medisin.

Tor-Johan Ekeland

Professor i sosialpsykologi