Debatt
Framover, ikkje bakover
Med vedvarande idétørke på venstresida er det desto større behov for ei regjering med Venstre som tar oss vidare framover.

Vi er inne i sesongen for nye stortingsprogram. Ein skulle tru det var nok å kaste seg over; klimakrise, pandemi, eldrebølgje og uroleg internasjonalt farvatn. I staden har venstresida brukt programarbeidet til å strigle gamle kjepphestar. Auka skattetrykk, melde Noreg ut av EØS og sterkare offentleg innblanding i økonomien. Som medlem av eit regjeringsparti burde eg kanskje glede meg over idétørke på venstresida. Men det gjer eg ikkje. Ei kvar regjering treng ein god opposisjon. Og det er dårleg nytt for landet at vi har ein opposisjon som rett og slett vil ta Noreg bakover i tid.
Ta klima- og naturkrisa, vår største utfordring. Med Venstre i regjering har vi snudd trenden i Noreg, og utsleppa har gått ned fire år på rad. Nøkkelen har vore å prise utslepp, støtte grøn omstilling og drive ein klimapolitikk som tek vare på naturen. I vårt programutkast går vi inn for å styrke innsatsen og ta nye grep. Vi vil trappe opp CO2-avgifta raskare, halde på elbilfordelane til 2025 og vil verne tretti prosent av all norsk natur. I tillegg vil vi stramme inn skattefordelane til oljenæringa og styrke satsinga på kollektivtrafikk og grøn skipsfart. Kva er venstresida einige om? Å kutte i elbilfordelane, krangle om CO2-avgift og billegare bensin, og ikkje minst om kven som kan skyte rovdyr raskast.
For å nå klimamåla treng vi økonomisk vekst og private bedrifter som lukkast, noko venstresida tilsynelatande har mindre enn vanleg svak forståing av. Det er god klima- og næringspolitikk å gje skattelette til norske småbedrifter. Samstundes vil Venstre gje bedriftene betre tilgang til kapital og gjenopplive forhandlingane om ein frihandelsavtale for tenestenæringa. Venstresida sine programutkast seier lite om dette. Eg les om forslag til etablering av stadig fleire statsbedrifter, regional differensiert selskapsskatt, og som alltid at Noreg skal ut av EØS. Det siste har tidlegare vore urealistisk, men med Sp, SV og Raudt i medvind, og eit rekordsvakt Ap, er sannsynet no stort for at Noregs viktigaste handelsavtale ikkje lenger vil ha støtte frå fleirtalet på raudgrøn side. Det vil vere alvorleg for norske distriktsarbeidsplassar, og alvorleg for Noreg som ein open og konkurranseutsett økonomi. Vi er for tida i uroleg internasjonalt farvatn, og treng ei trygg forankring til Europa.
I første utkast til nytt stortingsvalprogram vil ikkje alt vere ferdig meisla i stein. Slik er det heller ikkje i Venstre sitt utkast. Samstundes bør utkasta teikne ei retning for kva partia meiner er dei store utfordringane for dei neste åra og korleis dei bør løysast.
Når eg les det som kjem frå dei ulike programkomiteane på venstresida, finn eg små og store tiltak som tek oss tilbake i tid. Stundom til 1990-talet, stundom til 1970-talet.
Det er synd. Fordi vi treng ein god debatt om løysingar på dei største utfordringane for 2020-talet. Korleis skal vi vinne klimakampen? Korleis skal vi skape fridom og moglegheiter for alle? Venstre sitt programutkast er våre forslag til svar. Og vi håpar på ein god debatt.
Sveinung Rotevatn
Relaterte artikler
-
Kampen i Venstre har vært så blodig at partitoppene nå kanskje slutter med knivstikkingen, skriver Aslak Bonde.
-
— Politikere er altfor bekymret for eksisterende arbeidsplasser
-
Kjøttkrangel, vindmøllebråk og fergeopprør. Klimakamp er også kulturkrig, men vi trenger politikere som ikke skygger unna, skriver Anne Marte Blindheim.