Debatt
Hjarta, Sponheim?
EU
Skal ein tru utsegna i Morgenbladet 13. april har visst Lars Sponheim blitt angripen av ein slags schizofreni, kor dei ulike kroppsdelane gjev han ulike råd i EU-saka. Ein skulle mest tru at han forvekslar dei ulike kroppsdelane med dei ulike delane av partiet hans, Venstre. At det partiet er splitta, både generelt, og i EU-saka spesielt, kan knappast kallast nyhende.
Hjarta seier ja, medan hjernen og kalkulatoren (eg trudde det berre var høgre-folk som hadde kalkulatoren som ein del av kroppen) heller mot nei, ifylge Sponheim. Sponheim held fram freden som eit sentralt ja-argument. Han ser vekk frå at EU no skaffar seg sin egen hær som skal brukast kor som helst i verda, og fokuserer i på at ingen medlemsland i EU har gått til krig mot kvarandre.
Det er strålande, men det blir heilt feil å gje EU heile æra for det. Så vidt eg kan hugsa har aldri eit demokratisk land gått til krig mot eit anna demokratisk land. Difor trengst det ingen overstatlege, detaljregulerande og marknadsfundamentalistisk union for å sikra at landa held fred med kvarandre. Sjølvsagt er internasjonalt samkvem og handel positivt for fred og utvikling, men det kan ein driva utan EU og. Noreg er som ikkje-medlem ikkje akkurat isolert frå kontinetet. Om regnet per innbyggar er det faktisk me som betalar mest til austutvidinga og.
Høgttenking er også tenking, og det er alltid bra at EU blir drøfta og diskutert. Rett nok var Venstre gjennom ein omfattande EU-debatt fram til førre landsmøte, då dei med knapt fleirtal haldt fast på nei-standpunktet, men det skadar ikkje med ein ny debatt fram til 2009. Ungdom mot EU vil rå venstre-høvdingen til i denne debatten å lytta til det klare fleirtalet av norsk ungdom som er mot EU.
Tore Syvert Haga
Leiar, Ungdom mot EU