Kommentar

Kva slags heilskap er det Til Helhet arbeider for, spør Kristin Fridtun.

---

KJØNNSLIV

Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp.

Spaltistene er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.

---

Den offentlege debatten om «homoterapi» blussar opp med jamne mellomrom, og i januar var me i gang att. Då vart det kjent at barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) hadde ei indirekte kopling til det tverrkyrkjelege forumet Til Helhet, som mellom anna hjelper personar som strevar med homoseksuelle kjensler dei sjølve ikkje vil ha.

Praksisen med å «reorientera» skeive personar er slett ikkje ny, og han er ikkje avgrensa til kristne rørsler heller. Seinast for nokre veker sidan skreiv medspaltist Nora Mehsen kritisk om muslimske aktørar som held på med liknande former for terapi. Her skal eg nøya meg med å drøfta verksemda til det kristne kontaktforumet Til Helhet, og grunnen er at sjølve namnet Til Helhet vekkjer nyfikna mi. Kva slags heilskap er det tale om?

Spørsmålet interesserer meg fordi eg har ein skeiv seksualitet som aldri har vorte reorientert eller reparert, og likevel kjenner eg meg heil og er tilfreds med livet. Eg er med andre ord ein utanforståande. Ikkje har eg fyrstehands kjennskap til seksuell reorientering, og ikkje er eg konservativ kristen. Er det då mogleg for meg å forstå dei som utfører eller ynskjer seg slik terapi? Kanskje ikkje, men eg har fingranska nettstaden tilhelhet.no, og eg synest sjølv at eg har fått ei slags forståing for tankegangen bak det heile.

Me kan byrja med å sjå korleis Til Helhet omtalar arbeidet sitt. Ord som reorientera, konvertera, omvenda, lækja eller kurera vert ikkje nytta på nettsidene, etter det eg kan sjå. Forumet skriv i staden om å hjelpa, støtta, rettleia og gjeva sjelesorg. Nokre stader er det tale om «endringsprosesser», og endringane kan vera av mange slag, ser det ut til. Det kan dreia seg om å endra seksuell identitet, men det kan òg dreia seg om å handtera homoseksuelle kjensler på ein annan måte enn før.

Ja, kva er alternativet? Pinsler i helvete? Sosial utstøyting?

Til Helhet har dimed ikkje til føremål å gjera folk hetero, om me skal døma etter tekstene på nettsida. Eit intervju i Vårt Land stadfester dette inntrykket: Ein anonym 30-åring fortel at Til Helhet har hjelpt han mykje. Han strekar under at han har styrt prosessen sin sjølv og ikkje vorte pressa på noko vis. Det djupaste ynsket hans var å gifta seg med ei kvinne og få barn, og det har han lukkast med. Han kan framleis kjenna dragnad mot menn, men sjelesorga har ikkje vore mislukka av den grunn. Heilskap er for han å greia å leva med alle desse motstridande tankane og kjenslene.

Den same tilnærminga finn me i videosnuttane Til Helhet har lagt ut på nettsidene sine. Mange av videoane er opptak frå 2018-konferansen til samskipnaden The International Federation for Therapeutic and Counselling Choice (IFTCC). Der finn me mellom anna eit føredrag av den amerikanske psykologen Carolyn Pela, som fortel korleis narrativ terapi kan vera til hjelp for kvinner som kjenner ein uynskt seksuell dragnad mot andre kvinner.

Narrativ terapi er ei etablert terapeutisk retning som legg til grunn at me menneske forstår oss sjølve gjennom identitetsskapande forteljingar. Pela er oppteken av at tenkjemåtar og etablerte sanningar i kulturen kan påverka livsforteljingane våre på ein negativ måte. Kulturen fortel oss til dømes at homoseksualitet er medfødd; at homofil er noko du er; at Gud hatar homofile; at mange homofile personar slit på grunn av internalisert homofobi og minoritetsstress, noko som kan løysast gjennom å gjeva dei homo-stadfestande terapi (gay-affirmative therapy).

Pela fortel at desse «sanningane» har forkludra sjølvoppfatninga til mange av klientane hennar. Difor hjelper ho klientane med å dekonstruera villeiande livsforteljingar og henta fram att dei «ekte» forteljingane som kulturen har trengt bort eller øydelagt – men det er heile tida klientane som skal styra prosessen.

Heilskap er – så vidt eg forstår – ein tilstand der «det skeive» er sameint med ei rett og god livsførsle.

Pela skil dessutan mellom person og seksualitet. Til Helhet gjer det same: «[H]usk at det ikke er dine følelser, på den ene eller andre måten, som definerer hvem du er. Du er skapt av Gud, og din identitet er først og fremst at du er en som er elsket av Ham.» Personar med homoseksuelle kjensler er difor ikkje syndigare enn anna folk. Det er livsførsla som er det avgjerande, og heilskap er – så vidt eg forstår – ein tilstand der «det skeive» er sameint med ei rett og god livsførsle.

Så kva er dette? Eit tilfelle av same shit, new wrapping? Den gamle tanken om kurering av homoseksualitet kledd i ei meir akseptabel drakt?

For meg ser det ut til at Til Helhet driv med ei meir sofistikert form for sjelesorg enn mange før dei har gjort, men eg trur ikkje at denne nye tilnærminga er så mykje sunnare enn dei gamle og meir direkte freistnadene på kurering. For utgangspunktet er det same: Homofilt samliv er gale. Kjenslene skal helst ikkje levast ut. Og er det så underleg at folk ynskjer seg slik terapi, når alternativet er … ja, kva er alternativet? Pinsler i helvete? Sosial utstøyting?

Eg er ikkje overtydd om at eit forbod mot slik rettleiing er vegen å gå. Men at aktørar som Til Helhet jamleg må få nokre strimer av kritisk søkjeljos på seg, det er etter mi meining heva over tvil.


Kristin Fridtun har blant anna skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015) og Homoflokar (2018).

Mer fra Kommentar