Debatt

Tvang etter eige ynske

Publisert Sist oppdatert

Tvang i psykiatrien

Psykiatrisk tvang krenkjer og øydelegg mange menneske, men det finst òg dei som meiner tvangen har redda livet deira, jamfør innlegg av «kvinne (30), Vestlandet» i Morgenbladet 1. juli. Kan psykiatrien bruka tvang på dei som vil ha det utan å råka dei mange som ikkje vil ha slik behandling under noko omstende?

Eg stør framlegget til Ketil Lund og We Shall Overcome om å fjerna psykisk helsevern-lova, og vil i tillegg foreslå eit generelt forbod mot tvangsbruk i straffelova, med eitt unntak, for å koma dei som vil ha tvang i møte: Dei som i ein ikkje-psykotisk fase har sett opp eit psykiatrisk testamente, skal få lov til å tillata psykiatrisk tvang etter individuelle kriterium dei sjølve kan avgjera i testamentet sitt.

Då vil alle som ikkje set opp psykiatrisk testamente, vera 100 prosent sikra mot å verta utsette for tvangsinnlegging og tvangsmedisinering, og dei som ynskjer tvang om dei vert psykisk sjuke, vert òg tekne vare på. Sjølvsagt går det an å problematisera også dette framlegget, men det inneber definitivt færre etiske og menneskerettslege fallgruver enn den gjeldande psykisk helsevern-lova.

Arve Kirkevik

Psykiatrisk pasient, Informasjonssenteret Hieronimus