Teater
Kritiserer israelske politikarar i teaterstykke: – Sorg vert ein form for valuta
Med oppsetjinga av det norske teaterstykket «Tilbakekomstene» på nasjonalteateret Habima, vil regissør Raz Weiner kritisere det han meiner er israelske politikarars kyniske utnytting av den jødiske lidingshistoria.
Utnytte sorg: Foreldra i den norske dramatikaren Fredrik Brattbergs teaterstykke «Tilbakekomstene» vert til slutt likegyldige til sonen si stadige tilbakevending frå dei døde. I den israelske regissøren Raz Weiner si tolking av stykket ligg ein kritikk av korleis israelske politikarar utnyttar sorg. Her frå ei av framsyningane ved teateret i Jaffa i 2021.
León Moroz / Jaffa Teathre